Work and Surf på Stad

Draumen om bølgjer, vind og nær natur lokkar stadig fleire til Stad. I løpet av nokre år har over femti innflyttarar kome hit. Bevisste val har ført familiar frå nær og fjern til nettopp Stad. Vi har møtt tre av familiane.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Helle Frogner

Valde Stad framfor New York

Då familien Frogner hadde vakse ut av bustaden i Oslo, ønskte dei å dra på eventyr. Dei ville oppleve noko heilt anna.

– Vi hadde lenge tenkt å flytte til New York. Berre leige ut eller selje huset og dra dit for nokre år. Vi hadde til og med byrja å undersøke hus vi kunne leige i New York, fortel Helle Frogner.

Men det er lite kring ho som minner om ein storby der ho sit no. I det nybygde huset eit par hundre meter frå stranda i Ervika på Stad er det panoramautsikt mot Atlanterhavet. Familien droppa storbyen. Dei valde eit liv tett på naturen i staden. Kvar sommar hadde dei reist til Stad på ferie. Dei likar å surfe, gå på fjellet, berre vere nær naturen.

– Like før vi hadde tenkt til å flytte til New York, tok vi oss ein ferietur til Stad. Då forsto vi at det var i ferd med å skje ting her. Vi fann ut at det var hit vi ville dra. Heile familien reiste hit to gonger den sommaren, seier Helle.

Jakta på hus

Storbyplanar vart lagt på is. No starta jakta på eit hus på Stad. Ingen hus var ute for sal. Dei gjekk frå dør til dør, og snakka med dei som jobba på butikken. Slik fann dei draumestaden, eit lite småbruk nokre hundre meter frå stranda. Her lever familien heilt annleis enn dei gjorde i Oslo.

– Då vi budde i Oslo, pakka vi alltid bilen for å kome oss vekk i helgene. Vi reiste til fjellet og ut i naturen. Oslo var berre ein stad vi jobba. Fritida vår hadde vi andre stader. Her på Stad treng vi ikkje reise nokon stad, fortel Jon Frogner.

Viss han eller Helle har lyst til å surfe no, kan dei berre kikke ut for å sjå om det er dei rette bølgjene, ta med seg brettet og rusle bort til havet. Frå dei store stovevindauga kan dei sjå både mot sjøen og mot bygda.

Beste som har skjedd

Dei fire borna i alderen tre til 14 år stor- trivst på Stad. Den eldste guten var ni år då dei flytta. Då fortalde han at det å flytte til Stad var det beste som hadde skjedd i livet hans.

Han og pappa Jon har nettopp vore på ein topptur med snowboard like i nærleiken. Ungane er òg veldig glade i dyr. Dei får vere med på lamming og slakt, og ha eigne dyr. Dei har god plass til å gjere ting som snikring, lage demningar, dragar og olabilar.

I mørketida er det ekstra kjekt å sjå mot sjøen kring frukosttider.

– Klokka halv ni om morgonen kjem Hurtigruta forbi. Om vinteren seglar skipet forbi som eit juletre, seier Helle.

Stads nye klede

Helle jobbar som fotograf og har laga klemerket Heimigarden. Jon jobbar som grafisk designar, og driv selskapet Maskinen saman med kollegar som held til i Oslo. Det meste av kommunikasjonen kan gjerast over nett. I tillegg er ikkje vegen lang til Oslo.

Saman med fleire har Helle pussa opp eit gammalt hus og gjort det om til eit kreativt fellesskap. Folk kallar det til gründerhuset. Her er det både faste kontorplassar, fotostudio og moglegheit for å droppe innom og leige ein kontorplass.

Heile familien er aktive i bygda. Dei har pussa opp nokre gamle klasserom til dansesal og driv bygdekino.

Løftar og inspirerer kvarandre

– Heile miljøet er fylt av driftige menneske. Vi løftar og inspirerer kvarandre. Det har blitt eit utruleg bra gründermiljø her ute, seier Jon.

– Eg føler meg lukkeleg. Vi har det travelt, men har samstundes masse overskot. Det er viktig å leike og ha det gøy – å nyte livet. Her har vi slike små leikepausar heile tida, seier Helle.

Kven: Helle (41), Jon (42), Gabriel (14), Lisa (11), Maria (9) og Sara Frogner (3).

Flytta frå: Oslo i 2010

Kvifor Stad: Hadde feriert på Stad, ynskja meir fritid og å bu nærmare naturen.

Gjer kva: Helle er fotograf og har starta eige klesmerke som heiter Heimigarden. Jon ertekstforfattar og partner i Maskinen. Jon er òg ein av gründerane bak trugemerket Fimbulvetr.

Framtidsplanar: Gjere klar låven slik at kaféenKaffe Mökka kan etablere seg der. På sikt er planen at det òg skal verte arbeidsplassar og verkstad på låven.

Frå Stockholm til Stad

Calle Magnusson forlét jobben som sjefsredaktør for tre magasin på jakt etter draumelivet. Det fann han og kjærasten Julia Halt i Sogn og Fjordane.

«I 2011 reiste eg rundt i verda og testa ulike former for ekstremsport til ei bok. Så kom eg til Stad. To år seinare såg vi etter hus. Eg har starta mi eiga bedrift og Julia er ambulansesjukepleiar.»
– Calle Magnusson

«Vi ønskte å flytte til ein stad der vi kunne leve på ein annan måte. I Stockholm hadde vi gode jobbar, men inga fritid. No har vi begge deler.»
– Calle Magnusson

«No ventar vi vårt første barn, og eg kan ikkje tenkje meg einbetre plass for den lille å vekse opp. Eg trur born vert rolegare og tryggare ved å vekse opp på på ein mindre plass»
– Julia Halt

Flytting til Stad gav energikick

Alexander og Julie Ervik var leie av A4-livet og flytta frå Bergen til Stad. No styrer dei dagen sjølv og surfar før dei hentar i barnehagen.

«Eg starta min eigen salong som hudpleiar og fotterapeut, medan Alexander jobbar som styrmann på ein slepebåt. Eg kan ikkje tenkje meg ein betre stad å bu.»
– Julie Ervik

«Det er blitt eit fantastisk aktivt miljø på Stad. Vi er meir sosiale enn nokon gong, og vi har funne ein felles lidenskap for surfing. Miljøet var eit av trekkplastera då vi valde å flytte tilbake.»
– Alexander Ervik

«Her har vi meir energi og tid til å vere med borna. Vi er meir saman som familie og har tettare kontakt med besteforeldre og vener.»
– Julie Ervik