Verdas beste på DAB

Kva har radiokanalar i Italia, Danmark, Belgia, Dubai, Tsjekkia, Latvia, Burma, Australia og Thailand til felles? Dei brukar alle DAB-teknologien til Paneda i Selje.

Tekst: Kristine Folland Foto: Thomas Bickhardt, Kristine Folland

TV-sendarar. Tunellvarsling. Radiosignal. Befolkningsvarsling. Teknologibedrifta i Selje har dei siste 16 åra rulla ut nye produkt basert på DAB-teknologi. Den samla kompetansen i Paneda har gjort dei til verdas beste i si nisje.

Eventyret Paneda starta i 2001, då gründer Oddvar Flølo fann ei løysing for å gje tv-signal til husstandar i satelittskuggen., Han bygde tv-sendarar frå Kåfjorddalen i Troms til Hafstadfjellet i Førde. Knallhard jobbing til alle døgnets tider.

– Dersom noko ikkje fungerte, ringte dei til meg – same kva tid det var på døgnet. Sjølv julaftan var ikkje noko unntak, smiler Flølo.

Kompanjongen Geir Gjørsvik kom inn i 2004 og saman satte dei opp yttarlegare 30 sendarar dei neste 3 åra.

Mykje har skjedd sidan den gong. I dag er dei 16 tilsette på hovudkontoret i Selje, medan yttarlegare fem jobbar i dotterselskapet Paneda Tech i Linkøping – Europas svar på Silicon Valley. Høgdepunktet så langt i selskapet si historie, er dei begge einige om.

– Kontrakta i 2007, kjem det synkront.

Då fekk Paneda kontrakt med Norkring om å bygge 166 tv-sendarar i satelittskuggen i forbindelse med utbygginga av det digitale bakkenettet i Norge, noko som gav ei årleg fast inntekt på 23 millionar. Eit kjempesteg for bedrifta, som igjen utløyste kapital til å utvikle nye produkt.

– Det la fundamentet for Paneda i dag. Det var startskotet som gjorde at vi tente pengar, kunne utvikle selskapet vidare, og behalde det lokale eigarskapet, seier Flølo.

Varsling i tunellar

Deretter har det gått slag i slag. I 2011 lanserte dei Paneda Break-in System, ein teknologi som gjer det muleg å bryte inn på bilradioen i tunellar for å gje viktig informasjon. Til no har dei installert systemet i 150 tunellar i Norge, og dei stoppar ikkje der. No skal dei ut i Europa med teknologien.

– DAB har eit enormt potensiale. Vi er i gang med fleire produkt, mellom anna system som kan gje dekning i korte tunellane under 500 meter, og i fabrikkar og næringsbygg, seier Gjørsvik.

Paneda sin strategi har heile vegen vore å bygge stein på stein, og sikre kompetanse internt.

– Vår styrke ligg i at vi har all kompetansen i eige hus. Vi kan gjere akkurat det vi vil innanfor DAB-teknologien. Det er eigentleg berre fantasien som avgrensar oss. Det kan verke avsides å ha hovudkontor i Selje, når tunellane vi har ansvaret for i hovudsak ligg på sør- og austlandet og i nordnorge, men det løyste vi med å bygge vårt eige system for fjernstyring og overvaking. Medan konkurrentane våre må sende folk ut for å sjekke feilen, kan vi løyse det på ti minutt frå Selje.

Utvikling i fokus: Heilt sidan oppstarten av Paneda har gründer Oddvar Flølo og kompanjong Geir Gjørsvik brukt ti prosent av omsetninga på forsking og utvikling. Neste prosjekt ut er PWS – Paneda Warning Systems – befolkningsvarsling.

«DAB er på full frammarsj i Europa, og auken er mykje større enn forventa. Det er DAB som er framtida.»
– Oddvar Flølo

Internasjonale kundar

Paneda blir lagt merke til. Reodorprisen, Deloitte Technology Fast 50, Deloitte Technology Fast 500, Gaselleprisen heile fem gonger og i 2016 var dei 1 av 3 finalistar til NHO sin nyskaparpris.

Deira mest internasjonale produkt er DAB Head End, som vart lansert i 2016. Dette er ein kringkastingssentral som omformar lyd frå studio til DAB-signal før dei blir sendt ut på nett. I tillegg kan ein legge til tekstinformasjon og bilete. I nyare bilar får ein dette opp på radiodisplayet i bilen.

– Produktet er heilt unikt og blei lansert på verdas største kringkastingsmesse i Amsterdam i fjor haust. Mottakinga har mildt sagt vore formidabel, seier Gjørsvik.

Kundane har ikkje latt vente på seg. Radiostasjonar i ti land nyttar allereie teknologien, og i vår signerte dei kontrakt med den belgiske rikskringkastaren.

– Messa i Amsterdam er veldig viktig. Den blir eit utstillingsvindauge til den internasjonale marknaden, og ein veldig god møteplass. Vi får mange kontraktar takka vere jobben vi legger ned der, seier Flølo.

Dotterselskapet Paneda Tech AB i Sverige handterer salet internasjonalt. I tillegg har dei tre systemutviklarar sittande der.

– Ein av seljarane i Sverige har jobba 20 år i bransjen med sal. Han har eit stort nettverk internasjonalt. Det har vært til stor hjelp i salsarbeidet, seier Gjørsvik.

DAB vs FM

Overgangen frå FM til DAB har vore omstridd, men duoen er ikkje i tvil om at det er rett.

– FM treng ein radiosendar for kvar radiokanal. Med DAB kan du ha 15 radiokanalar på ein sendar. Det gjer at ein får utnytta radiosendarane mykje meir effektivt. Også energimessig. Ein DAB-sendar med 15 kanalar som krev for eksempel 1 kw, kan samanliknast med 15 FM-kanalar som krev 15 sendarar med 1kw kvar. Dette er svært miljøvennleg, seier Gjørsvik.

Norge er det einaste landet som er i gang med fysisk å sløkke FM-nettet for godt. Noko Gjørsvik og Flølo meiner er heilt riktig.

– Norge er tidleg ute, i og med at dei faktisk tvingar oss over på DAB. Med infrastrukturen i Norge blir det for dyrt å både ha FM og DAB. DAB er på full frammarsj i Europa, og auken er mykje større enn forventa. No går fleire land i same retning. Sveits og England vil vere dei neste landa som sløkkjer FM , og fleire vil det bli. Det er DAB som er framtida, seier Flølo.

Befolkningsvarsling

Framtida byr på uendelege mulegheiter, ifølge duoen. Sjølv om Paneda-selskapa samla auka omsetninga frå 47 millionar i 2015 til 72 millionar i 2016, ligg dei ikkje på latsida. Frå starten av har meir enn 10 prosent av omsetninga gått til forsking og utvikling. Snart skal dei lansere enno eit produkt i porteføljen som tek for seg befolknings varsling. Prosjektet vert kalla – PWS – Paneda Warning Systems – Pilotprosjekt

– Vi har fått med oss Innovasjon Norge og fleire store, nasjonale aktørar, som alle ser verdien i dette produktet, fortel Flølo.

– Vi kan ikkje seie så mykje enno, men potensialet er enormt. I terrorsituasjonar og naturkatastrofar er mobilnettet så overbelasta at det bryt ned. Då vil DAB-teknologien vere svært effektiv. Det er nok fleire aktørar som vurderer mulegheitene på dette området, men eg trur ikkje mange er komne så langt som vi er, seier Gjørsvik.