Verda gjennom video

For Videonor i Måløy er endring det einaste konstante. No skal dei bygge framtidas videokonferanseløysing.

Tekst: Kristine Folland Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

I 2014 reiste dagleg leiar Øyvind Reed til Babson College i Boston gjennom Innovasjon Norge sitt Global Entrpreneurship program (GET). Ei veke proppa med lærdom i korleis ein skal slå gjennom internasjonalt.

– Babson er det beste colleget innan entreprenørskap i USA, og Boston er østkystens svar på Silicon Valley. Det ligg ei enorm skaparkraft og ein entusiasme i veggane der, og det smittar, fortel Reed,

Han hadde sett av to dagar til sightseeing i Boston i etterkant av samlinga. I staden bura han seg inne på hotellrommet i 48 timar, spikra saman ein internasjonal forretningsplan og reiste tilbake til investor Gunnar Carlson i Måløy med følgande beskjed; vi skal satse i USA.

Internasjonal satsing

Historia om Videonor er eit ekte Måløy-eventyr. I 2010 hadde gründer Jørn Mikalsen store tankar om korleis han kunne tilby videokonferansar på ein enklare og billegare måte enn dei dåverande løysingane. Han fekk ingen investorar til å tenne på ideen i Oslo, men fekk tips frå kompisen Sindre Kvalheim om å presentere ideen for Carlson, som har finansiert ei rekkje gründerbedrifter i Nordfjord.

Kort tid etter var Videnor fullfinansiert og klar for den norske marknaden.

– Gunnar tente umiddelbart på ideen og vart veldig imponert av entusiasmen til Jørn. Gunnar investerer i folk, ikkje produkt, fortel Reed.

Videonor var blant dei første i verda til å tilby skybasert videokonferanse via eit enkelt abonnement. Selskapet har utvikla ein teknologi der brukarane slepp å investere i kostbart utstyr utover si eiga maskin. Dei siste sju åra har Måløybedrifta bygd stein på stein.

All in

Ei internasjonal satsing har vore i planane frå dag éin, og i 2014 flytta Reed frå familien i Måløy til Boston for å starta opp Videonor si avdeling i USA. Eit nødvendig grep.

– Ein må vere til stades i USA for å lukkast. Der må investorar kjenne namnet og brandet ditt, og samtidig høyre frå andre at det er bra, før dei vågar å satse på det. I Norge er det enklare. Ein kan komme langt med å vere ein bra person. I USA får ein ingenting gratis. Ein må bygge nettverk, ha rikeleg kapital og ein enorm stayerevne. For det er ein ekstremt vanskeleg marknad å slå gjennom på.

Det skulle gå eit heilt år med prøving og feiling før Videnor klarte å knekke koden.
– Mange undervurderer kor mykje kapital ein treng for å satse internasjonalt. Det må ligge i botn, for det krev tid å få hol på byllen, seier Reed.

Ein typisk arbeidsdag i Boston for Reed varte frå 06.00 til 19.00. Ein standard arbeidsdag som er vanleg for dei fleste amerikanarar. Ferie er nærast eit framandord.

– Amerikanarane har ein heilt spesiell evne til å omfavne risiko. Når dei satsar, går dei inn med alt dei har. Dei pantset hus og bil, maksar kredittkortet og går all in – utan eit sikkerheitsnett å falle tilbake på. I norsk samanheng tek ein risiko når ein seier opp jobben for å bli gründer. Når vi feilar her, har vi verdas største sikkerheitsnett i ryggen.

Videonor, kontor

Terrorbalanse

Videonor har i dag 20 tilsette spreidd på kontora i Måløy, Oslo, Stockholm og Boston. Dei siste tre åra har Reed måtte parallellkøyre to ulike leiarstilar – ein for USA og ein for Norden.

– I USA forventar dei tilsette at eg er klokkeklar i mine beslutningar, at eg set dagsorden og gjev dei beskjed om det dei skal gjere. I Norge diskuterer vi oss fram til ei felles løysing, og min jobb er hovudsakleg å motivere, og sørge for at dei har riktig utstyr.

Reed synest det mest utfordrande med å vere leiar i USA, er terrorbalansen mellom sjef og tilsett.

– Tankegangen der er ”fail fast.” Dei tilsette veit at dei kan miste jobben på dagen, dersom dei ikkje lever opp til forventingane. Samtidig må du som sjef vite at du også kan miste folk på dagen. Gode tilsette må du kjempe for, for dersom dei får eit betre tilbod, er dei borte.

Han trur den optimale leiarstilen ligg ein stad i midten.

– I Norge kan ein bli så fokusert på konsensus at det går ut over evnen til å ta avgjerder. Det er betre å ta ei beslutning og deretter justere kurs, enn å ikkje ta beslutninga.

For er det noko som er viktig for Reed, så er det raske beslutningar. Det kan vere avgjerande for om ein overlever i marknaden eller ikkje.

– I dag er det viktigare å vere rask enn å vere best. Den amerikanske kulturen er gjennomsyra av dette mantraet. Dersom ein spennande mulegheit dukkar opp, hoppar amerikanarane i det med begge bein og tilset 200 personar. Dei må gjere det, ellers vil sjansen gå forbi. Går det, så er det fantastisk. Går det ikkje, seier dei opp alle 200. Det er alle innforstått med, og er avgjerande for at ein torer å satse.

Rockestjernestatus

Reed samanliknar åra i USA som ein MBA på speed. Ein stupbratt læringskurve i eit enormt tempo. Det er likevel råskapen i amerikansk forretningsliv som imponerer han mest.

– Amerikanarane har ein fandenivolskheit som er heilt rå. Dei veit at dersom det går gale, så går det verkeleg gale. Draumen om å bli rik og oppnå suksess er ein del av folkesjela deira. Det er så viktig, at dei er villige til å satse alt. Samtidig er dei ekstremt flinke til å rose dei som tør å satse på eiga hand og skape arbeidsplassar. Klarar ein det, er du nærmast ei rockestjerne. Det blir verdsett på ein annan måte enn i Norge.

Hausten 2017 flytta Reed og familien tilbake til Måløy. Ei anna verd på mange måtar.

– Balansen mellom jobb og livet utanfor er heilt annleis. Her kan eg komme heim halv fem nokre dagar, og det er fantastisk.

Trass i kortare arbeidsdagar, meiner han produktiviteten i dei to landa er tilnærma lik.

– Sjølv om amerikanarane jobbar fleire timar, er nordmenn meir effektive når dei er på jobb. Så eg trur summen av kva ein får utretta er bortimot den same.

Videokonferansar for framtida

Måløymiljøet har dei siste åra blitt ei velkjend teknologiklynge i Sogn og Fjordane. Reed fortel at klynga har vore avgjerande både i oppstarten og under utvikling av selskapet.

– Videonor hadde aldri eksistert utan Måløy og den kapitalen og kompetansen som eksisterer der. Klynger med ulik kompetanse er ein nøkkelfaktor for å kunne lukkast frå små stader.

Bedrifta har dei siste åra hatt solid vekst, og har 600 kundar i 50 land. Nyleg kjøpte dei også opp den Telenoreigde startup-bedrifta appear.in, som har hatt stor suksess med å levere videokonferansar direkte i nettlesaren til brukaren. Med fem millionar videosamtalar i månaden og kundar i 175 land, sikrar fusjonen at Videonor posisjonerer seg enno sterkare på den internasjonale marknaden.

Videokonferansar er i sterk vekst, og vi trur mykje av vidare vekst vil komme på brukarane sin PC og mobil. Volumet appear.in har klart å skape blant brukarane, i tillegg til at dei er verdsleiande på Web RTC-teknologien, gjorde dette til ein mulegheit vi ikkje kunne seie nei til.

Fusjonen gjorde at talet på tilsette dobla seg overnatta. Samanslått vert dei eit internasjonalt team med 13 nasjonalitetar over sju lokasjonar og fire land. Men Måløy skal alltid vere hovudkontor.

– Ambisjonen vår er å bygge ei global suksesshistorie med hovudkontor i Måløy. Vi driv i ein bransje som endrar seg ekstremt fort – og det viktigaste vi gjer, er å vere lette på foten. Vi må heile tida tilpasse oss landskapet rundt oss. Legg vi store planar som tek to år å implementere, då er vi out of business. Endring er det einaste konstante.