Unge utviklarar

Fire av årets traineebedrifter brukar nyutdanna som forretningsutviklarar. Christina og Jon Olav skal bruke eitt år på innovasjon og nye mulegheiter.

Tekst: Marie Tefre Birkeland Foto: Kristine Folland

Då Christina Tønset frå Røros skulle søke jobb etter ferdig utdanning, gjekk ho inn på framtidsfylket.no for å leite etter ledige stillingar i eit fylke ho hadde lite kjennskap til.

– Eg satt framfor datamaskina og byrja å tenke på karrieremessa eg hadde delteke på i Trondheim to år tidlegare. Bransjeval var litt tilfeldig, men eg håpte eg kunne finne noko der eg fekk jobbe med innovasjon og forretningsutvikling, slik at eg fekk brukt utdanninga mi.

Og det fann ho. Sparebanken Sogn og Fjordane søkte etter ein trainee som skulle jobbe med nettopp dette feltet. Tønset syntest stillinga verka spennande, og nokre månadar seinare sit ho i banklokalar midt i Førde sentrum.

– Det å vere trainee gir ein god start i arbeidslivet. Ein får varierte arbeidsoppgåver, og får i stor grad påverke sin eigen arbeidskvardag.

Får brukt utdanninga

Tønset har ei mastergrad i leiing av teknologi og ein bachelor i materialteknologi frå NTNU. Ho er godt fornøgd med å få bruke delar av utdanninga si i arbeidskvardagen.

– Bacheloren har vert lite brukt, ler ho. Masteren min derimot har vore veldig aktuell. I masteroppgåva mi skreiv eg om grensesnittet mellom menneska og teknologien, noko eg ser tydeleg igjen i jobben. Det er mykje som skjer i bankbransjen med tanke på teknologi og nye kundemønster.

Sidan eg ikkje har utdanning innan bank eller tung økonomiutdanning, kan eg tenke litt annleis og sjå på ting frå ein anna ståstad enn dei med den type utdanning. Det trur eg er fordelaktig for både banken og for meg.

Presentasjon for konsernleiinga

På dei få månadane Tønset har vore i banken har ho fått blitt med på mykje. Blant anna har ho jobba med implementeringa av ei ny kommunikasjonsplattform, som ho, berre etter to månadar på arbeidsplassen, presenterte framfor heile konsernleiinga.

– Det var sjølvsagt skummelt, men det var også artig å få kjenne litt på presset av å måtte prestere. Det er kanskje den største skilnaden på å vere her framfor i ei bedrift i ein storby. Ein får i alle fall prøvd seg tidleg, og ein blir høyrd, seier Rørosingen.

Får bli med på utviklinga

Ein som kan kjenne seg igjen i skildringane er Jon Olav Aurdal. Han er trainee i Sødermann AS på Eid.

– Hos oss er det ingen typisk dag. Her er det variert og ein får delta på alt mogleg, seier han.

Sødermann er eit programvare-, analyse- og rådgivningsselskap som yter tenestar mot kommunal sektor. Bedrifta blei starta i 2013.

– Dette er ei ung bedrift under utvikling. Eit lite selskap med ein god idé. Her får ein gjere mykje og bli med på alt. Ein blir ikkje sett til rutinebaserte oppgåver, men får bli med på sjølve utviklinga, seier Aurdal.

Heile tida ny lærdom

Aurdal er utdanna siviløkonom med master innan økonomisk styring og finansiell økonomi. I likheit med Tønset har også han fått nytta utdanninga si i arbeidskvardagen.

– I Sødermann har eg fått prøvd meg i prosjektleiing, estimering av budsjett og jobba med aktivisertbasert kostnadsstyring.

Då har får spørsmål om kva han har lært så langt, får han problem med å svare.

– Det er nye ting heile tida. Nye arbeidsprosessar og nye måtar å gjere ting på. Ein får ei oppfrisking på ting ein har gjort før, og lærer stadig nye småting som ein kan ta med vidare.

Svoltne på å lære

Hilde Langtangen er dagleg leiar i Sødermann. Ho ser på det som heilt naturleg å tilsette ein trainee som bedriftsutviklar.

– Dei kjem rett frå skulebenken, dei er oppdaterte på det siste og er svoltne på å lære. Vår erfaring er at dei jobbar hardt og er produktive. Det må vi som bedrift berre utnytte. Hos oss er det ikkje erfaringar det kjem an på, det er alt rundt, stadfestar ho.

Ho fortel om viktigheita av at traineane får prøvd seg på forskjellige arbeidsoppgåver.

– Målet med ein trainee er jo at personen skal få lov til å få eit breitt innblikk i bedrifta. Bli med på styremøter og presentere analyser ein sjølv har jobba med. Hos oss er kvardagen svært variert og det er ofte høg fart.

God kanal for fylket

Langtangen kan fortelje at dei hadde mange gode kandiatar til intervju på trainee-stillinga, og at det er flott med søkarar frå heile landet.

– Trainee-ordninga er ein god måte å få tak i folk med høgare utdanning som vanlegvis ikkje ville retta blikket mot fylket vårt. Framtidsfylket er ein god kanal for å få folk til Sogn og Fjordane, rett og slett.