Tusenkunstnaren

I eit kreativt kontorfellesskap midt i Oslo sentrum har innvikaren Silje Nesdal sitt kontor. På eit bord ligg magasin og aviser, fleire med bilete av designaren. I ei hylle ligg kuppelen til ei «Sling»-lampe: Silje Nesdal sitt nyaste produkt. Under pulten har ho loddebolt, og i eit hjørne står ei kappsag.

Tekst: Ingrid Torp Foto: Anja Basma, Frida McIntosh, Siren Lauvdal

– Som møbeldesignar må ein vere allsidig og villig til å gjere ting ein ikkje kan, seier Nesdal.

I ungdomstida var det politikk og samfunnsfag ho kunne. Ho gjekk språklinje på folkehøgskule og var politisk aktiv. Planen var å ta «Inn i naturen» som valfag, men det var fullt. Difor blei det søm og design i staden. Og då Silje laga eit tekstilomslag til ei songbok, såg læraren hennar noko.

– Du må arbeide meir med hendene og utnytte di kreative side. Det er noko der, sa ho til Silje.

Og Silje lytta. Ho jobba meir og meir med hendene, og ho likte det. Oppvaksen i Innvik med ullvarefabrikken Innvik Sellgren som nærmaste nabo, og oldefaren som spinnemester, hadde ho det kanskje i blodet. Tradisjonane innan ull, trearbeid og møbelindustri går langt tilbake. Ein identitet som Silje har tatt med seg vidare til hovudstaden.

Årets nykommar

Silje utdanna seg innan tekstil og mote i Oslo og jobba ei stund med motedesign. Men moten skifta frå dag til dag, og ho ville skape noko meir varig. Så då ho fekk mulegheit til å studere møbeldesign i Bergen i meir vaksen alder, tok ho sjansen på ein mastergrad i møbeldesign og interiørarkitektur. Ho har fått nykommarprisar for masterprosjektet sitt «Bu lite – Lev stort» og positiv omtale i ei rekkje aviser og magasin. Silje skildrar stilen sin som «nordisk enkel». Ho hentar inspirasjon alle stader, også heime i Innvik.

– Sist eg var heime, var eg i 70-årslag på den gamle ullvarefabrikken. Berre det å gå der, kikke på gamle maskiner og stoffprøvar – klart det er inspirerande.

Dorme
Cluster

Tøff marknad

Men det er ikkje alltid ho kan la inspirasjonen styre arbeidet fritt. Ho legg ikkje skjul på at det er eit tøft yrke, og at ho til tider ønskjer seg ein fast jobb med trygge rammer.

– Eg er heldig. Då eg var ferdigutdanna, sa kjærasten min: «No disponerer du sparekontoen vår, og så satsar du med begge beina og ser kva som skjer.» Det finst ikkje noko eige arbeidsstipend for møbeldesignarar, og det er mange utlegg. Eg kan ikkje blåse glas sjølv, så skal eg lage ei lampe, må eg betale for glaset. Det tek lang tid frå ein teiknar noko, til det er i produksjon og ein tenar pengar. Om det i det heile tatt kjem i produksjon.

Silje har nett vore på ein workshop med andre designarar i Sykkylven for å teikne møblar i skum. Ho ser at norske møbelprodusentar ser verdien av å bruke freelance designarar, men enno ligg dei eit godt stykke bak svenske og danske produsentar.

– Svenskane og danskane hentar dei flinkaste norske designarane dit.

Sling
Sling Pendant
Granit

Perfeksjonist

Silje sitt hyllesystem Linkki er på veg i produksjon gjennom ei dansk bedrift. Andre produkt er ho «i samtalar om». I mellomtida gjer Silje andre oppdrag for å få inn pengar. Alt frå å lage belysning i ein trappeoppgang til å lage interiørløysingar i leilegheiter og restaurantar. Dessuten fekk ho nyleg prisen som årets nykommar i ”Bo Bedre”, med 100 000 kroner i premiepotten. Det hjelpte. Ho har òg laga ein eigenproduksjon av bokstøttar i granitt. Verkeleg laga, for ho var ikkje nøgd med finishen på støttane ho hadde bestilt.

– Eg sto ute i regnet og slipte dei hos ein gravstøtteprodusent på Einerhaugen. Der hadde dei den rette slipemaskina.

Silje flirer. Der er ikkje alltid så greitt å kombinere yrket med perfeksjonisme.

– Det er mange timar, seine kveldar, og det er ikkje skilnad på helg og kvardag. Har ein noko som må bli ferdig, er det berre å jobbe. Men kva gjer ein vel ikkje for sin eigen draum?