Trendsettarane

Mote, arkitektur og teknologi. Simen Staalnacke, Christina Kvamme og Halvor Gregusson banar veg for nye gründeridéar i Sogn og Fjordane.

Tekst og foto: Kristine Folland

Christina Kvamme
Xform

#1 Korleis kom idéen til Xform?

Som arkitektar opplevde vi litt for ofte at arkitektur ikkje stod på agendaen til oppdragsgjevarar. Arkitektur har lenge vore eit ”produkt” på same måte som design i byar. I distriktet fann eg ikkje same aksept og fokus på arkitektur, og dette ville eg gjere noko med. Det viste seg å vere lettare sagt enn gjort. Det var vanskeleg å overtyde byggherrar og entreprenørar, at arkitektur er ei god investering. Vi bestemte oss difor for å ta grep og oppretta Xform Eiendoms- utvikling AS.

Forutan spennande kundar med visjonar og forståing for arkitektur, har vi gjennom utbyggingsfirmaet vårt utvikla bustader og næringsbygg med fokus på arkitektur. Vi jobbar ei kvar tid med å skape arkitektur med identitet.

#2 Fordelane ved å starte bedrift i distrikt VS by

Ein vert lettare synleg – på godt og vondt. Eg trur også det er lettare å skape gode og trufaste relasjonar, samtidig som vegen mellom beslutningstakarar er kortare.

#3 Dei største ulempene

Ulempa er at det finst mønster som har blitt følgt i litt for lang tid. Dette har heldigvis blitt betre.

#4 Kvar hentar de inspirasjon til bygningane de teiknar?

Den størte inspirasjonskjelda vår er auga våre. Som arkitektar er vi vel skrudd saman slik, at vi heile tida er på jakt etter gode løysingar og kvalitetar.

#5 Kva betyr Sogn og Fjordane for identiteten til Xform?

Alt.

#6 Det aller, aller største høgdepunktet så langt?

Ullsentralen. Dette er eit prosjekt vi sit i førarsetet på i alle ledd. Idé, marknadsføring, sal og prosjektering. Det er fantastisk å kunne jobbe med eit slikt prosjekt i Førde, og det ser ut til at dei aller fleste heiar på oss. Dette er også eit prosjekt vi kan vise til utover fylkesgrensa. Folk i Sogn og Fjordane KAN!

#7 Den kjipaste nedturen?

Den kjipaste nedturen med tanke på arkitektur var Hafstadparken i Førde. Xform var med frå starten av og utarbeidde ei rekkje skisser, som vart brukt ved innhenting av midlar til parken. I dette arbeidet var Xform ein sentral pådrivar. Klubbhuset vart selt inn som eit signalbygg med fokus på energi og arkitektur. Det var ein stor nedtur å ikkje få vere med i prosjektet då det skulle realiserast, etter å ha investert mykje av Xform sine ressursar over fleire år.

#8 Kva ser de etter i nye tilsette?

I vår bransje er det viktig at ein ikkje står stille som person. Ein må vere nysgjerrig både på kva som skjer rundt ein og på menneske. Utfordringar må vere næring framfor ressurstappande. Det viktigste er at ein er open og finn impulser spennande og motiverande. I tillegg er det sjølvsagt viktig med kjemi i ei lita bedrift. Det betyr ikkje at alle skal vere like. Tvert imot. Vi må utfylle kvarandre, vere rause og sjå kvalitetane i kollegiet.

#9 Framtidsvisjonen til Xform

Først og fremst vil vi vidareutvikle vårt eige konsept. Vi har mange spennande prosjekt både som arkitektar og som eiendomsutvklarar, og det ønskjer vi å halde fram med. Vi satsar også på å etablere oss i større grad utanfor fylkesgrensa. Ved større prosjekt vert kompetansen henta frå dei større byane i altfor stor grad. Tenk om det kunne vore omvendt. Den overordna framtidsvisjonen må vere å etablere Xform som merkevare utanfor fylkesgrensa.

#10 Dine beste råd til komande gründerar

Ver tolmodig! Uansett kva idé ein jobbar med, krev det store mengder tolmod. Bygg relasjonar! Spesielt i tunge fasar, er det viktig med eit godt nettverk. I Sogn og Fjordane er det korte avstandar i næringslivet. Å vere gründer er tidkrevande. I Sogn og Fjordane mistar vi mindre tid på logistikk og køkøyring, slik at vi kvar dag får ca to timar meir enn dei i byane til å utvikle dei gode idéane. Med andre ord er vi 25 prosent meir effektive i distriktet enn i byn 🙂

Xform

Stifta i 2008 i Førde

Bransje: Arkitektur

Hovudkontor: Førde

Tilsette: 5

Omsetning: 4,5 mill. (2014)

Er i gang med å sette opp Førdes første urbane bustadkompleks med hagestover.

Simen Staalnacke
Moods of Norway

#1 Fordelane ved å starte bedrift i distrikt VS by

Stryn er ein magisk stad å starte ei bedrift. Der er ein utprega JA-kultur, at dette får vi til. Alt er mykje enklare på bygda, og alle stiller opp for kvarandre. Vårt slogan er at ”alt ordnar seg i Stryn”.

#2 Dei største ulempene?

Nokre stillingar er vanskelegare å fylle enn andre, ettersom flest folk bur i byen. Design- avdelinga må vi ha i Oslo, for å få tak i dei flinkaste folka. Det er ikkje alle som kan flytte til Stryn med familien over natta. Sidan vi jobbar i ein nasjonal og ein internasjonal marknad er det også veldig tidssparande å ha distriktskontor i Oslo og Los Angeles.

#3 Kva betyr Sogn og Fjordane for identiteten til Moods?

Hovudkontoret vårt vil alltid liggje i Stryn. Stryn og Sogn og Fjordane er ein veldig stor del av identiteten til Moods of Norway, sidan Stryn og Nordfjord er Norge i miniatyr. Vi har isbrear, fjordar og fjell, gardar og lakseelvar. Samt trygge, gode vestlands- verdiar. Og det er i bunn og grunn heile identiteten til Moods.

#4 Kva er den største skilnaden mellom satsinga i Norge og USA?

USA er ein av verdas største og vanskelegaste marknader. Alt er større, konkurransen er knallhard, og tempoet dertil. Norge er jo til samanlikning eit av verdas minste land, noko som gjev mange fordelar og nokre små ulemper. For oss handlar det om å selje glade klede, og det er jo ganske universelt. Likevel er all business lokal, så det krev mykje meir enn ein trur å etablere seg i ein ny marknad. No har vi halde det gåande i sju år i USA og lært ekstremt mykje.

#5 Det aller, aller største høgdepunktet så langt?

Moods har vore eit fantastisk eventyr med våre beste vener sidan 2003, så det har vore veldig mange høgdepunkt. Å opne vår første eigne butikk i Oslo, vegg i vegg med Louis Vuitton, var veldig stort. Det same var det å opne butikk i Hollywood. Eller når Harvard Business School, verdens mest anerkjente universitet, laga ein business case om oss. Men eg trur det største høgdepunktet er at ein kvar dag kan glede seg til å gå på jobb saman med sine beste vener, og vere med på å skape noko. Eg kunne aldri hatt ein betre jobb. Eller, det er ikkje ein jobb, men ein livsstil.

#6 Den kjipaste nedturen

Heldigvis er det fleire oppturar enn nedturar. Det som er kjipast er å måtte seie opp folk, det er aldri moro. Men ein må navigere etter marknaden, og det krev nokre gonger vanskelege avgjerder. Moods of Norway er jo babyen vår, så når det skjer negative ting, går det så klart inn på oss.

#7 Kva må fylket bli betre på i oppfølginga av gründerar?

Vi har fått veldig god hjelp og rettleiing av Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane. Eg meiner at fylket er flinke på å følgje opp gründerar. Når ein treng hjelp, er det viktig å presentere idéen og problemet til relevante partnarar. Ein gründeridé blir berre så god eller dårleg som ein gjer det til sjølv. Sogn og Fjordane er jo ein magisk stad å vere gründer. Det er sjeldan vi ser ei slik gründerånd som i fylket, og den MÅ vi halde på og vidareutvikle. Den er framtida for Sogn og Fjordane.

#8 Kva ser de etter i nye tilsette?

Flittige flinkisar som gjer arbeidsoppgåvene sine, som passar inn i kulturen og verdiane i Moods of Norway og som er gode på teamwork. Vi har alltid satsa på å tilsetje folk som er betre enn oss, og som kan vere med å utvikle Moods vidare.

#9 Framtidsvisjonen til Moods?

Vi satsar alltid, og det vanskeleg å spå kvar vi er om fem år. Vi vil heile tida utvikle Moods i den retninga vi meiner er riktig. Framover kjem vi til å ha to fokusområde: eiga butikkdrift og websal. Moods of Norway er jo eit livsstilsmerke, så det å vere i fleire kategoriar ligg i vårt DNA. Men målet er like enkelt som det er vanskeleg: vi vil lage ”happy clothes for happy people” og ha det ekstremt moro på vegen.

#10 Dine beste råd til komande gründerar

Det viktigaste er å sjekke at ideen er liv laga – at den fortenar ein plass i marknaden. Så må ein tru 100 prosent på sin eigen idé, for om ikkje du gjer det, vil ingen andre gjere det. Få hjelp til det du ikkje kan. Ingen kan alt, og det er viktig at du brukar tid på det du sjølv er best på. Vi har bygd Moods som eit rock´n roll band, der alle har sine spesialitetar. Gje full gass! Lytt til magefølelsen og hjartet. Når begge seier GO, er det berre å køyre på!

Moods of Norway

Stifta i 2005 i Stryn

Bransje: Mote

Butikkar i Norge: 20 stk.

Butikkar i Norge: Ein i Los Angeles, ein i Sverige

Tilsette: 350

Omsetning: 304 mill. (2014)

Eigne gråtassar: 17 stk.

Halvor Gregusson
Rocketfarm

#1 Korleis kom idéen til Rocketfarm?

Rocketfarm er eigentleg ei samanslåing av det som var Yast timeregistrering og IT-konsulentdelen av gamle nLink (nLink er i dag eit eige selskap som no har fullt fokus på robotar for byggebransjen). Det var ein idé om å samle kompetansen på IT og mobil i eit selskap og kombinere eigne produkt, som Yast var og er, saman med konsulenttenester.

#2 Fordelane ved å starte bedrift i distrikt VS by

Det er mykje drahjelp å få frå lokalsamfunnet her. Det er veldig mange som ønskjer at ein skal lykkast og som brukar kontaktnettverket sitt til å fortelje om kva som skjer lokalt og kven ein burde ta kontakt med. Det set vi stor pris på og har gjeve oss mange mulegheiter. På Fosshaugane Campus er det stadig folk som stikk innom og lurer på om vi kan fortelle litt om oss sjølve til delegasjonar som er på Campus-visitt. Det gjer vi jo gjerne.

#3 Dei største ulempene?

Det kan bli lenger til marknadene ein opererer i. Vi er mykje i Oslo. Det kjem vi ikkje unna når vi satsar både nasjonalt og internasjonalt.

#4 Det aller, aller største høgdepunktet så langt?

Gründerlivet er som ei berg og dalbane, så det er mange opp- og nedturar å velje i. Om eg skal trekke fram eit høgdepunkt, så må det bli innflyttingsfesten vi hadde i våre nye lokale på Campus i mai 2014. Den var lagt til heimekampen mellom Sogndal og Brann. Alle i selskapet var samla, og vi hadde rigga til ein liten ”hagefest” ute på terrassen framfor kontoret der vi hadde invitert familie, vener og næringsliv. Det var utruleg god stemning, og det heile toppa seg med 2-1 siger til Sogndal med nærast fullsatt stadion. Slikt blir det gode minne av.

#5 Den kjipaste nedturen?

Her er et også mykje å velje i. Det har vore mykje ”nesten” med tanke på å nå eit større gjennombrot. Eg har slutta å feire før ting er 100 prosent spikra, fordi eg har blitt skuffa mange gonger på målstreken. Den kjipaste var nok likevel då vi ikkje fekk refinansiert Yast som eige selskap i 2012. Det var tøft mentalt å sjå at penge-behaldninga gjekk nedover, for deretter å oppleve at investormiljøa og finansieringskjeldene ikkje ville vere med på finansieringa, sjølv om tala så smått hadde begynt å betre seg. Sett i ettertid enda det heile godt, ettersom vi omstrukturerte oss og sat igjen med Rocketfarm og nLink, men det var ganske tøft då det stod på.

#6 Kva må fylket bli betre på i oppfølginga av gründerar?

Fylket må fortsetje jobben med å auke mengda risikokapital. Både frå private og i form av eigne løyvingar.

#7 Kva vert den neste lanseringa til Rocketfarm?

Hmmm, det er ikkje godt å seie. No kan det vere det blir litt stille ei stund, men vi har nokre særs spennande prosjekt på gang i samarbeid med andre. Her snakkar vi nok om et par års arbeid, men oppstarten ser lovande ut. Enough said 😉

#8 Kva ser de etter når de skal ha nye tilsette?

Dette varierer, men engasjement er viktig. Det å kunne vise til at man verkeleg brenn for oppgåvene ein skal jobbe med tel høgt.

#9 Framtidsvisjonen til Rocketfarm?

At vi held fram med å være skapande og blir betre og betre til å ta produkt og tenester til marknaden.

#10 Dine beste råd til komande gründerar

1. Ta kontakt med dei gode hjelparane, også kjent som tiltaksapparatet, og fortel om planane dine. Her er mykje hjelp å få frå både kommune, inkubator og Innovasjon Norge. Då vi flytta hit, hadde vi kontakt med Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge samtidig, og det gjorde at vi fekk ein god start og eit nettverk å begynne med.

2. Ikkje sit åleine. Bli med i eit næringsmiljø der entreprenørskap og innovasjon er i fokus. Engasjement smittar, og det gjør nedturane mindre og oppturane høgare.

3. Ver kundefokusert så tidleg som mogeleg. Test ideen din på potensielle kundar. Få feedback og gjer justeringar.

Halvor Gregusson

Rocketfarm

Stifta i 2008 i Sogndal

Bransje: IT og robotikk

Hovudkontor: Sogndal

Tilsette: 13

Omsetning: 10,5 mill. (2014)

Lanserte i 2015 ein av Norges første applikasjonar til Apple Watch, appen Where?!