Songfuglen

Januar, 2015. Thea Hjelmeland står på scena under utdelinga av årets Spellemannpris – med kvitsminka augebryn, rosa tyll drapert rundt halve hovudet og nedover i ein kjole med korsettliv og lilla fjær. I handa held ho prisen for beste indie-album.

Tekst: Ingrid Torp Foto: Kristine Folland

I sosiale medium strøymer gratulasjonane inn, men også denne kommentaren: «Thea var rar på ungdomsskulen, men no tar ho kaka!»

Thea veit ikkje kven som skriv det. Ho har stukke seg ut sidan barneskulen. Vakse opp på loppis, alltid gått med det ho kjende seg komfortabel i. Det var vanskeleg, og det hende at ho vart mobba for kleda sine. Men mora, som er tekstilkunstnar og musikar, sa alltid: Dei er berre misunnelege fordi du tør å vere deg sjølv. Og Thea oppdaga noko rart.

– Etter ei veke eller to gjekk mobbaren med det same som eg hadde gått med. Mamma lærte meg at andre si negative haldning ikkje handlar om meg. Det var ein veldig vekkjar.

Vanskeleg kall

Thea bestemte seg tidleg for å satse på musikk. Far hennar er bluesmusikar i Good Time Charlie, og ho meiner ho har fått mykje gratis.

– Det var alltid musikk heime. Klassisk, blues, verdsmusikk.

Ho har opptak av songar ho laga som tre- åring. Så snart ho fekk lov, begynte ho å spele piano på kulturskulen. Så slagverk. Så gitar. På platene sine spelar ho mandolin, banjo, ukulele og harpe, men det er stemma som er hovudinstrumentet. Nye songar startar alltid med improvisasjon. Og ho syng først og fremst på engelsk, for engelsk var hennar første framande lydar. I motsetnad til norsk, var dette språket musikk før det vart ord. Men ho skriv også mykje på norsk, gjerne dialekt. Ho får alltid gode tilbakemelding- ar kvar gong ho brukar dialekt i musikken, så det kjem nok meir. Samstundes lærer ho seg arabisk, og etterliknar songarar i Bollywoodfilmar. Slik held ho fram si musikalske opplæring.

Som 13-åring held Hjelmeland sin første, nervepirrande konsert med eigne songar. Det var i ein trailer foran Pikant i Førde sentrum. Ho opplevde musikken som eit kall, men ho visste at det var eit tøft kall å følgje. For trass i støtte frå foreldra, fekk ho klar beskjed om at musikklivet ikkje handlar om å stå på scena framfor fans.

– Sceneopptreden er ikkje 10 prosent eingong. Musikarlivet handlar om å reise, om å rigge opp og ned, om å organisere og arrangere seks-sju dagar i veka. Det er først dei seinare åra at eg har hatt folk til å hjelpe meg med produksjonane, for no har dei
vorte for store for meg åleine.

Heile verda i Førde

Etter vidaregåande skule drog Hjelmeland ut i verda for å spele, og ho stranda på Cuba. Her følte ho seg så heime, at ho begynte å lure på kvar ho eigentleg høyrte til.

Tilbake i Førde var det Førdefestival, verdsmusikkfestivalen som inntek byen kvart år, og som hadde vore ein stor del av Thea Hjelmeland si musikalske oppfostring. Her hadde ho gjennom heile oppveksten fått lytte til og treffe dei sterkaste formidlarane i verdsmusikken. Og der, i salen under ein av konsertane, fall alt på plass. Thea hulka så folk snudde seg, for det var så sterkt: Heile verda var jo i Førde!

– Eg gjekk frå å tenke: «Kvar høyrer eg til?» Til: «Wow, eg er frå Førde! Eg er så stolt!»

Sidan har ho brukt bakgrunnen sin bevisst. Dei enorme skifta i vestlandsnaturen speglar ho i musikken sin. Pressebileta tek ho i den same naturen, og ho brukar den bevisst når ho snakkar i media. Naturen og bygda er ein del av ho.

– Eg er enormt stolt av å vere frå ei bygd. Det gav nokre avgrensingar i kulturtilbod, men også ei ro. Då eg var lita og kom heim, etter å ha vore i byen, fekk eg ei slags feriekjensle. Og i ei bygd kjenner alle kvarandre. Ein må omgåast alle som er der. I byen kan ein vere meir selektiv og gøyme seg bort.

Thea Hjelmeland

Skreiv ut sorga

Thea Hjelmeland hadde kome heim til Førde, men så møtte ho ein franskmann, det sa pang, og ho flytta til Paris med ham. Dei skulle etablere seg, og ho vart gravid. Så vart han sjuk. Han døydde. Sorga trefte Thea rett i mellomgolvet. Så ho song og skreiv, om kalde hender, om frykt, om å leve vidare. Og sorgprosessen vart til plata «Solar Plexus», ei plate som trefte publikum rett i hjartet.

– Det er tydeleg at eg trefte noko. Folk treng ærlegheit. Sjølv om min sorgprosess og mi historie er personleg for meg, så er kjenslene eg har følt på universelle.

Under turnéen med plata var Thea Hjelmeland tilbake på scena på Førde som for 15 år sidan, og med mange kjende fjes i publikum. Men denne gongen hadde ho ei heilt anna erfaring og tyngde.

– Det å få kome tilbake til Førde og presentere ein gjennomarbeidd musikalsk produksjon, saman med nokre av landets beste musikarar, er stort. Og eg vart veldig stolt og audmjuk av den varme velkomsten eg fekk. Det er symbiosen med publikum eg lever for, når vi står der saman og skapar kunst. Då handlar jobben min som artist om noko mykje større enn meg sjølv.