Soloppgang for opphoggarane på Lutelandet

Medan mange i oljebransjen ser sola forsvinne, er ho i ferd med å stå opp på Lutelandet.

Tekst: Kristine Asvik Foto: Kristine Folland

– Det vi driv med kan samanliknast med å drive gravferdsbyrå i ei bygd med mange gamle. Vi veit at etterspurnaden etter tenestene våre vil vere stor i tida som kjem, seier administrerande direktør Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore AS.

I Noreg er det kring 500 til 600 oljeinstallasjonar. Ein tredel av desse må snart skiftast ut. Gjertsen er klar for ryddejobben.

Utpeika av departementet

Medan mange oljefirma seier opp folk og skjærer ned, er ryddesjauen i oljebransjen på veg berre ein veg. Olje – og energidepartementet har utpeika Lutelandet Offshore som ei av dei viktigaste verksemdene i Sogn og Fjordane i tida framover.

– Vi vil trenge eit breitt spekter av fagfolk. Folk med røynsle frå oljeindustrien vil vere midt i blinken. Det gjeld særleg på ingeniørsida, men òg arbeidsleiarar og logistikkfolk.

Lutelandet Offshore siktar mot å bli blant verdas beste på å rive og demontere gamle oljeinstallasjonar. I tillegg kan verksemda utføre service og modifikasjonar på anlegg som skal ut på havet igjen, eller leggje siste touchen på heilt nye installasjonar. Snart kan dei ha bruk for over hundre tilsette. Dei har mellom anna inngått ein 25 års-kontrakt med britiske Veolia. Men førebels har ikkje alt gått som planlagt. Gjertsen skal snart forklare kvifor.

Først skal vi ta ein svipptur til Lutelandet for å forstå kvifor nettopp denne staden er spesielt godt eigna til slik industri.

Fakta Lutelandet

  •  Industriområde som ligg i Fjaler kommune.
  • Området er 3000 mål stort, like stort som 300 fotballbanar.
  • Huser verksemdene Lutelandet Offshore, Lutelandet Eigedom og Lutelandet Energipark, i tillegg til utviklingsselskapet Lutelandet Utvikling.
  • Lutelandet Energipark har fått konsesjon for å opprette vindpark, og her blir det no arbeidd med konkrete investorar for å realisere prosjektet.
  • Lutelandet Offshore har inngått ein 25-års-kontrakt med britiske Veolia om riving og demontering av plattformer og andre oljeinstallasjonar.
  • Den første plattforma som skal demonterast på Lutelandet er skandaleplattforma Yme.
  • Lutelandet Offshore vil ein trenge opptil 150 tilsette. I periodar med vedlikehald av flyteriggar kan ein trenge opp mot 1500 personar.
  • I Noreg er det tre stadar som er godkjende for demontering av oljeinstallasjonar. Lutelandet har det største driftsløyvet og det største arealet av dei tre.

Grøne tankar

Lutelandet er eit industriområde på 3000 mål, like stort som 300 fotballbanar. Det ligg heilt vest i Fjaler kommune. Her er dei klare til å ta imot gamle oljeplattformar og hogge dei opp. Dei store stålkonstruksjonane vil bli kutta opp og sendt til smelteverk for å bli nytt stål. Kopar og andre metall vil også bli smelta om. Anna utstyr som til dømes kranar, pumper og ventilar kan bli sett i stand og brukt på nytt.

Lutelandet Offshore skal byggje ein av Europas største tørrdokkar, 21 meter djup. Der skal skip slepast inn og ein kan tappe vekk vatnet. Slik kan ein gjere naudsynte og viktige reparasjonar.

Sidan industriområdet er så stort har Lutelandet òg høve til å lagre store installasjonar på land, og med lett tilkomst frå Nordsjøen og inn.

– Lutelandet er ei gudegitt gåve. Her ligg både infrastruktur, tilgang på stein, vatnstraumar og vindførehald til rette for industriverksemd. Området ligg langt frå folk og ein må ikkje øydelegge mykje natur for å drive med industri her, seier Gjertsen.

Verksemda legg vekt på å tenke grønt i alle ledd og skal mellom anna reinse alt regnvatn som går frå industriområdet og tilbake til sjøen.

– Anlegget har kapasitet til å hogge opp seks plattformer i året, men rivinga tek opp berre éin fjortandedel av industriområdet. Dermed er det òg god plass til anna type verksemd. Mellom anna kan det verte aktuelt å lagre fundament for vindmøller. Dette er noko som krev stor plass. Eit fundament er opptil 80 meter langt, fortel Gjertsen.

I heile Nordsjøen er det berre sju prosent av dei plattformene som skal rivast, som allereie er rivne. 93 prosent står igjen.

– Her på Lutelandet kan vil tilby noko som ikkje har eksistert tidlegare. Vi har bygd opp anlegget for vere best mogleg eigna til å ta imot gamle installasjonar. Det finst ingen anlegg som er så godt tilrettelagt for nettopp dette. Vi er klare å ta imot plattformer både frå Norge og andre land, seier Gjertsen.

Tregn frå 40 til 1500 arbeidarar

Den 9. september 2015 kom den første plattforma, Leiv Eriksson, til Lutelandet, men 2016 er året då eventyret skal starte for fullt. Då kjem den første plattforma som skal demonterast – skandaleplattforma Yme. Plattforma er heilt ny, men skal vrakast grunna omfattande feil. Då vil verksemda trenge kring 40 tilsette. Etter kvart vil dei auke med yttarlegare 100 tilsette. Ved vedlikehald av flyteriggar vil ein ha bruk for opp til 1500 tilsette i 90 dagar.

– Vi gler oss enormt til å komme i gang. Når gigantselskapet Veolia har trua på oss, så er det ein utruleg oppkvikkar. Veolia er eit selskap som omsett for rundt 30 milliardar euro årleg. Vi har fått mange stadfestingar undervegs, om at vi er på rett veg.

Plattforma skulle vore på plass i 2015, men vart forsinka. Gjertsen innrømmer at det har vore utfordrande at byrjinga har vorte utsett. Dei har jo allereie venta i 10 år.

– Vi gjer som Sogndal Fotball. Vi ”staor no pao”. Vi skal vere ei hjørnesteinbedrift i tida som kjem og jobbar på for at det vil kome mange arbeidsplassar til Fjaler.