Smaken av Åmot

Åmot Operagard har i løpet av 13 år vakse frå ein einskild operakonsert til ein av fylketsmest omtalte mat- og kulturarenaer.

Tekst: Kristine Folland Foto: Mariell Øyre, Kristine Folland 

Korleis lage operascene i ei bygd der ingen lyttar til opera?

Det siste året har Åmot Operagard hatt braksuksess med opera- og livsstilfestivalen Mimi Goes Glamping, utselde konsertar med Stein Torleif Bjella, Ingrid Olava og Herborg Kråkevik og rosande omtalar i ei rekkje nasjonale internasjonale aviser, deriblant Financial Times og CNN.

Men korleis er det å satse på ein operagard i ei bygd der ingen lyttar til opera? Operabonde Steinar Sørli håpar på 10 nye operagardar i Sogn og Fjordane i framtida og deler sine beste tips til komande gründerar.

#1: Ver visjonær og jordnær.

La ambisjonane drive deg framover, men bygg stein på stein. Frå ein enkel operakonsert i 2003 til ei merkevare beståande av konsertar, gardskjøkken, operafestival og overnatting kan vi trygt seie at det siste tiåret har vore eit kontinuerleg byggjeprosjekt. Å byggje ei merkevare tek tid.

#2: Ver annleis.

Å starte ein operagard i ei bygd der ingen lyttar til opera, er i sjølv ein utradisjonell idé. Men når det først er realisert, innser ein at verda er full av mulegheiter og potensielle samarbeidspartnarar. Då verdsstjerna Kiri te Kanawa besøkte garden, var den lokale Spar-butikken vår viktigaste støttespelar. Tenk samarbeid på tvers av næringar – alle er potensielle kundegrupper.

#3: Sjå deg sjølv gjennom kunden sine auge.

På Åmot er lokal mat blitt en fellesnemnar for alle våre opplevingar. Tek vi den vekk, forsvinn også verdiskapinga. 70 prosent av smaken sit i opplevinga av måltidet. På vår gardsrestaurant sel vi ikkje berre ein fireretters middag. Opplevinga startar allereie idet kunden set foten på tunet. Velkomst – atmosfære – historieforteljing – profesjonalitet – alt bidreg til ei høgare smaksoppleving. Og jobben er ikkje ferdig før kunden har takka for seg.

#4: Kvalitet, kvalitet, kvalitet.

For oss handlar lokal mat om historia bak maten. At vi kan fortelje om fiskaren som har fanga torsken, korleis dyra vert behandla på Eldalstunet, og at kokken vår, Christel, har saumfart fjellsidene rundt garden på jakt etter fine moltebær. Historieforteljing på sitt beste, men samtidig eit kvalitetsstempel vi kan stå inne for. Vi kan med sikkerheit fortelje at dyra ikkje er proppa fulle i antibiotika og hormon, og at dei blir tatt vare på av bønder som set si ære i god dyrevelferd. Yrkesstoltheten hos våre bondevener går hand i hand med kvaliteten på maten vi serverer.

Åmot Operagard
Poteter

#5: Ver ein god vert.

Nøgde kundar er den beste vegen til meirsal, og alt startar med vertskapet. Når våre gjestar kjem til Åmot, er vår viktigaste oppgåve at kvar og ein føler seg sett og verdsett. Dreg dei frå garden med denne kjensla, er sjansen stor for at dei kjem tilbake. Dersom ein kunde har si første oppleving med Åmot på eit julebord, og deretter bookar oss til sin eigen 60-årsdag, veit vi at ein god og langsiktig relasjon er skapt.

#6: By på det lille ekstra.

På gardskjøkkenet lanserer vi ein sett meny på førehand. Når gjestane kjem til Åmot, passar vi på å tilføre besøket små offerings – anten det er i form av små munnfullar i forkant av måltidet, syngande servitørar, eller små kulturinnslag mellom rettane. Alt bidreg til å forsterke opplevinga av måltidet, slik at kunden sit igjen med kjensla av at dei fekk meir enn kva dei betalte for.

Bilder på veggen
Måltid
Borddekking

#7: Ver profesjonell frå A til Å.

Ulike kundegrupper har ulike behov. Alle våre kundar søkjer skreddarsydde opplevingar – anten det er to amerikanarar som leiger heile garden for seg sjølve, eller ei bussgruppe på hundre personar som skal på kammeropera. Når kvar kunde blir ivareteken, vil vil alle oppleve den same eksklusiviteten.

#8: Sats saman.

It takes a village to build a brand. Heile bygda er med på å skape vår merkevare. Ein liten aktør som Åmot kjem ikkje langt åleine. Ved å finne gode underleverandørar, sikrar ein kvalitet i alle ledd i produksjonen. Operagardens tette samarbeid med Mitt Lille Kjøkken har styrka begge bedriftene, i og med at vi har samanfallande visjonar, kvalitetskrav og standard. Ein må kort og godt gjere kvarandre gode – ved nettopp å satse saman.

#7: Ver til stades på nett og sosiale medium.

Den virale marknadsføringa er vår viktigaste kanal for å knyte til oss nye kundar. Bilete som formidlar stemning og kjensler, kombinert med positive tilbakemeldingar, sel eit produkt betre enn både avisomtalar og annonsar.

#8: Søk råd og støtte.

Ein kan unngå mange feilskjær ved å lære av andre sine erfaringar. Vi knyt stadig til oss nye, verdfulle kontaktar – frå restauranten Hanne på Høyden i Bergen, til De Historiske Hoteller og Spisesteder eller Innovasjon Norge. Vi ønskjer heile tida å bli betre, og den beste måten er å dra lærdom av andre sin kunnskap og andre sine erfaringar. Gode støttespelarar kan ein ikkje få nok av.

Smaken av Åmot er ein mosaikk av alle punkta lista opp ovanfor – matopplevinga er den raude tråden som bind det heile saman.