Moglegheitenes Måløy

Då Randi Humborstad (40) flytta frå Oslo til Måløy, sa ho ikkje eit ord til kollegaene i Utanriksdepartementet. Den opne returbilletten fekk ho aldri bruk for.

Tekst: Kristine Slettehaug Foto: Kristine Slettehaug Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

– Eg hadde eit halvt år på meg til å finne ein interessant jobb i Sogn og Fjordane. Gjorde eg ikkje det, var det rett tilbake til Oslo.

Du har garantert høyrt det før. Han er frå Sogn og Fjordane, ho er frå Austlandet. Saman skapar dei seg eit liv i Oslo. Bypulsen er forlokkande, kvardagen god, jobbane givande. Så ventar dei barn. Etter kvart byrjar han å snakke om ein eigedom «der heime», eit småbruk, besteforeldre, strandlinje, køfritt, større naturopplevingar, mindre stress.

– Eg var veldig skeptisk. Kva skal ein statsvitar gjere i Måløy?

Permisjonstida er luka Randi og mannen treng for ein prøveperiode i kystbyen. Få veit at dei reiser, for det er viktig å ha returbilletten open.

– Eigentleg er eg open for å bu mange stadar. Eg flytta mykje i oppveksten og er vand til å omstille meg. Men eg tar ikkje kva som helst når det kjem til jobb. Det må ligge eit potensiale der. Ei utfordring eg kan gripe og som kan føre til personleg utvikling.

Ho byrjar å lese ledige stillingar. Lokalavisene les ho med lupe. Kven eller kva kan vere inngangsbilletten hennar til ein spennande jobb i det dei kallar trivselsfylket?

– Alfred Bjørlo. Det namnet merka eg meg fort. Han kjenner næringslivet. Han får ting til å skje, tenkte eg og tok kontakt.

Endra personlegdommen

For å gjere ei lang historie kort. Hausten 2010 byrjar Randi Humborstad i ny jobb som prosjektleiar i Måløy Vekst.

– Eg såg at dette med å vere med på å utvikle næringslivet, og dermed lokalsamfunnet, det kan eg brenne for. Eg såg store moglegheiter for vekst og utvikling i Måløy, og dermed var gneisten tent i meg, smiler ho.

Overgangen er stor. Frå å jobbe i eit departement med sjuhundre tilsette, med hierarkiske strukturar og tunggrodde byråkrati, skal ho no samarbeide med eit utolmodig, innovativt og handlekraftig næringsliv, som til tider kan verke frekke.

– Austlendingar pakkar alt inn i bomull og er meir politisk korrekte. Veit du, i Oslo brukte eg mykje tid på å tolke e-postar. Det slepp eg her. «Slutt å tolke, dei skriv det dei meiner», sa mannen min. Her er det direkte tale. Ingenting blir pakka inn, i alle fall, ler ho.

Ho går så langt som å seie at ho måtte endre personlegdommen for å passe inn i næringslivet i Vågsøy.

– Eg måtte tøffe meg til. Snakke same språket som dei som eg skulle samarbeide med. Det er befriande å seie det som det er, men ein må også tole meir og ha ein tøffare mentalitet. Samtidig har eg blitt møtt med respekt frå dag éin her i Måløy, og det set eg enormt pris på. Og dei er eigentleg ikkje frekke, berre vande til å forhandle i ein tøff, internasjonal marknad

– Då kunne eg ikkje budd her

I Måløy Vekst fekk ho store prosjekt å bryne seg på. Etter kvart blir ho dagleg leiar. Både realiseringa av Stad skipstunnel og eit marint forskingssenter stod på agendaen. Der andre ville snudd i døra, kastar ho seg over oppgåvene med liv og lyst.

– Her er eit heilt vanvitig potensiale som det er umogleg å la ligge. Turisme, auke verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa, få på plass eit marint forskingssenter, fleire kompetansearbeidsplassar, lokke kvinnene heim, skape større bulyst og snu folketalsutviklinga, ramsar ho opp.

– Lista er lang, og det er mykje å ta tak i.

Men ho sukkar ikkje. Tvert i mot. Auga nærmast gneistrar når ho snakkar om alt ho vil utvikle. Er ho ikkje redd for reaksjonar når ho vil endre alt som er «feil» med Vågsøy og regionen?

– Du må hugse at eg kjem utanfrå og ser ting meg nye auge. Eg veit at eg tar stor plass, og det er sikkert mange meiningar om meg, men det må eg berre tole. Utan moglegheita til å påverke samfunnet vårt på ein positiv måte, då veit eg ikkje om eg kunne budd og trivst her. Gløden trur eg det er vanskeleg å få i ein stor by, for der er du berre ein i mengda. Her er det enklare å sette seg inn i utfordringane, komme tett på avgjerdene og sjå igjen resultat av innsatsen.

«Verdas første skipstunnel vil knyte Vestlandet saman på ein heilt ny måte og skape store moglegheiter.»
– Randi Humborstad

Frå veg til sjø

Det er umogleg å snakke med Randi Humborstad utan at Stad skipstunnel blir nemnt. Ofte. Og det er kanskje ikkje så rart, når ho har bestemt seg for å realisere ein tunnel det har blitt snakka om sidan slutten av 1800-talet.

– Sjølv vikingane drog skipa sine over Dragseidet på Stadlandet for å unngå å segle rundt Stad i dårleg vær.No er vi så nær realisering. Verdas første skipstunnel vil knyte Vestlandet saman på ein heilt ny måte og skape store moglegheiter.

I årtusenar har folk risikert og ofra for å komme nær havets ressursar. Det vil ho ha slutt på.

– Tryggleik langs Vestlandskysten er det viktigaste. Med ein skipstunnel får vi reduserte ventetider, regularitet og ein meir effektiv seglas forbi Stad. Det vil bety utruleg mykje for både fiskeri- og havbruksnæringa, maritim industri, bergverk og ikkje minst turisme. Eg er sikker på at folk vil valfarte til området for å oppleve skipstunnelen i kombinasjon med andre attraksjonar!

Og ho har absolutt trua. Både på realisering og ringverknadar.

– Det er eit godt prosjekt, og det er ein stor fordel at vi har klart å mobilisere og skape alliansar. Vi driv mykje politisk lobbyverksemd og reiser ofte til Oslogryta for å komme nærare på avgjerdene. Når vi har med oss næringsaktørane, høyrer politikarane på oss, og dei skjønnar kor viktig Stad skipstunnel er for verdiskaping på kysten. Kanskje synest dei det er litt spesielt at ein austlending snakkar så varmt om eit prosjekt på Vestlandet? Då må det kanskje ligge noko i det, humrar ho.

– Og om du ikkje kjem i hamn?

– Det er ikkje eit tema. Eg gir meg ikkje på denne.

Nye arbeidsplassar med forskingssenter

Etableringa av eit marint forskingssenter i Måløy er fanesak nummer to.

– Vi har ressursane og næringslivet, men vi manglar forskingskomponenten. Eit slikt senter vil skape mange attraktive arbeidsplassar, eit meir variert arbeidsliv og utvikle fiskeri- og havbruksnæringa.

Måløy Marine Ressurssenter (MMR) er eit samarbeid mellom marine bedrifter, Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) og Måløy vidaregåande skule.

– Det lokale næringslivet har allereie tre doktorgradsstudentar på plass. To av dei er eit par frå Serbia som ønsker å busetje seg i Måløy. Dei synest det er heilt fantastisk her og ser så mange moglegheiter med eit slikt offensivt og sterkt næringsliv, og så mange lokale naturressursar!

Elskar fisk og havutsikt

Og kva var det som gjorde at ho vart verande?

– Eg hadde aldri trudd at eg kunne få ein så spennande jobb i Måløy. Men det viser seg at her er eit sterkt, framoverlent næringsliv med store moglegheiter. Om du brenn for noko, er det lett å komme i posisjon.

I bygda Hagevik, rett utanfor Måløy, har ho slått seg til ro med mann og to barn.

– Du må gjerne arrestere meg for å dra fram naturen. Alle som bur i distrikta kan jo dra det kortet. Men for meg betyr det masse med tidleg vår, alt vêret vi opplever og roen eg får når eg ser båtane som seglar rett utanfor stovevindauga våre. Ikkje minst å knyte fjellskoa etter jobb og gå rett på Veten eller Brurahornet – med utsikt mot det store havet. For meg er det heilt fantastisk. Og så elskar eg fisk, spesielt den som vi har fiska sjølv, smiler ho.