På ryggen til Messi

Draktnummeret til verdas beste fotballspelar vert laga i Gaupne.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

NTP Gaupne driv med trykking av merke til tekstilar. Bedrifta har 2400 kundar over heile verda, og den største einskildkunden er FC Barcelona. Alle nummer som vert trykt på drakter som seljast i Spania og Portugal, er laga i vesle Gaupne. Tusenvis av pakkar med draktnumre ligg klare til sending til Spania.

Oppskrifta på materialet trykka lagast av, er like hemmeleg som oppskrifta på Coca Cola.

– Det er mykje å passa på når ein skal laga merke til tekstilar. Det er ein omstendeleg prosess å utvikla eit produkt som held seg i vask, ikkje krympar eller endrar farge, seier fabrikksjef Adis Cengic.

Frå 12 ulike land

Som den nest største arbeidsgjevaren i kommunen, nest etter kommunen sjølv, har NTP vore opptekne av å ta samfunnsansvar. Sidan 2012 har dei teke inn flyktningar i bedrifta.

Inne på fargeverkstaden held Helen Gebreab (31) frå Etiopia til. Ho byrja som tilkallingshjelp her i mai 2015.

– I desember 2015 fekk eg fast jobb! Eg synast det er godt å arbeide her. Eg kjenner meg som heime og verksemda her er som familien min, seier ho og smiler. No er ho den som blandar nye fargar og kontrollerer at fargane som kjem ut her frå trykken er heilt riktige.

Det er tre år sidan ho flytta til Gaupne og ho snakkar norsk flytande. Språk er lett å utvikle når ein samarbeider tett med kollegaer som snakkar norsk.

Heile 12 ulike nasjonar er representert blant dei som arbeidar i verksemda i dag. Forutan Etiopia og Noreg, kjem dei frå Filippinene, Thailand, Mexico, Baskarland, Polen, Litauen, Sverige, Danmark, England og Bosnia og Hercegovina.

– Som ein så stor arbeidsgjevar er det viktig at vi bidreg til å integrere og inkludere flyktningar som kjem flyttande til kommunen, seier dagleg leiar Tom Dyrdal.

Cengic og Dyrdal understrekar at alle er ein ressurs for verksemda.

– Mange leiarar trur kanskje det kostar meir enn det gir å ta inn flyktningar. Men dei som kjem her er ein ressurs for oss. Dei har allereie fått opplæring i norsk og samfunnsfag, og er engasjert og lærevillige, seier Dyrdal.

Internasjonal konkurranse

Bedrifta har tøff internasjonal konkurranse, og nyleg opna dei eit nytt innovasjonssenter for å styrke posisjonen deira i konsernet og halde tritt med utviklinga.

– Dei amerikanske eigarane våre ville helst satse i Kina, slik mange gjer, men vi ville det annleis. Vår tanke var å lage eit tredelt senter. Ein del for innovasjon og produktutvikling, eit testsenter og ein utdanningsdel.

Dei amerikanske eigarane skrinla Kina-planane sine, og i november 2016 opna det nye senteret i Gaupne.

– Utviklinga går fortare og fortare, og vi håpar at senteret skal hjelpa oss med å korte tida frå idé til marknad. Målet er å laga eit enda betre produkt, raskare, og likevel ha fokus på kvalitet og miljø. Vår utfordring er å skape minst like gode produkteigenskapar utan å bruke tilsetjingar som kan skade personane som brukar plagga, dei som trykkjer, eller miljøet vi produserer i, seier Cengic.

– Det er ikkje gitt at det skal vere slik produksjon i Noreg, så vi må heile tida visa at vi er gode, seier Dyrdal.