Omsorgsakademiet

SogndalAkademiet skal lære ungane å bli folk. Tre generasjonar sogndøler sørgjer for at borna får middag, leksehjelp og fysisk aktivitet.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

– Alle skal ikkje verte proffe fotballspelarar, men alle skal verte folk. Vårt mål er å gje alle eit godt tilbod, uavhengig av kva nivå dei er på i fotball, seier Marius Kloster.

Kloster er sjef for SogndalAkademiet, ein jobb han begynte i for snart to år sidan. Då jobba han side om side med sogndalnestor Svein Bakke. No tilbyr SogndalAkademiet trening for ungar i alderen fem år og opp til junioralder. Vi besøkjer Akademiet når fjerdeklassingane kjem rett frå skulen ein heilt vanleg onsdag. Klokka er eitt. Først et dei middag i høgskulekantina, så er det leksehjelp saman med pensjonerte lærarar, så fotballtrening i Sognahallen med idrettsfagstudentar.

Pensjonist Sigfred Eknes går roleg langs langbordet i kantina. Han fyller vatn i glasa som er tomme og bøyer seg ned og småsnakkar med 9-åringane.

– Det kan jo vere litt kaotisk. Då er det mi oppgåve å sjå til at dei oppfører seg fint her. Det kan jo vere opptil fleire hundre andre her samstundes, seier Eknes. I dag går det heilt fint. Kvar mandag og onsdag hjelper han til her. Før han pensjonerte seg, jobba han som kokk.

– Eg synest det er heilt topp å vere i lag med ungar, seier Eknes og smiler. Viss det vert for mykje bråk rundt bordet eller under leksegjeringa, har dei frivillige pensjonistane mandat til å dele ut både åtvaringar, gule og raude kort.

– Eg pleier å snakke litt med dei, og så ordnar vi det utan å dele ut kort, seier Eknes og smiler lurt.

Primus Motor Bakke

Svein Bakke hadde ein draum om å gje den oppveksande generasjonen eit kvalitetstilbod der ein både kunne få hjelp til lekser og få trene med godt kvalifiserte trenarar. Bakke ønskte òg å hente fram ressursane som bur i pensjonistane i bygda. Svein Bakke gjekk bort i desember 2015, men draumen hans lever vidare. Mange av dei vi møter, understrekar at det er Svein som skal ha æra for at Akademiet har utvikla seg til det som det er i dag. Mange vart òg spurt direkte av han om dei ville vere med.

I alt åtte pensjonerte lærarar jobbar frivillig med å hjelpe ungane med lekser. Asbjørn Almås og Kjell Bøyum var kollegaer ved Sogndal gymnas. Almås var språklærar, medan Bøyum lærte opp generasjonar i matematikk og kjemi. No er dei kollegaer igjen ved SogndalAkademiet.

Alle fjerdeklassingane har sett seg ned rundt bordet i “Flostova” på Campus. Her gjer dei leksene to gonger i veka. Almås hevar stemma og får alle si merksemd. Så forklarer han at namnet på månadene alltid skal skrivast med stor bokstav på engelsk.

Lesestund i sofaen

– Kan eg lese for deg, spør Kristine Brekke Hatlevoll (9) og tek med engelskboka bort i sofaen. Det er her høgtlesinga skjer. Almås let éin og éin lese for ham, så hjelper han til med uttale av orda.

– Pat walked in the forest, seier Almås tydeleg. Niåringen repeterer ei og ei setning.

– Engelsk uttale er viktig å få inn tidleg. Mange får kanskje ikkje så mykje hjelp til det heime. Då er det kjekt at vi kan hjelpe til med det, seier Almås.

Når leksene er ferdige, er det om å gjere å få på fotballskoa. Sigfred Eknes hjelper til. Nær 20 sko skal knytast i jentegarderoben.

Omsorgsakademiet
Omsorgsakademiet

Trenarar frå idrettsfagutdanninga

Inne i Sognahallen ventar sju trenarar som skal trene både 8- og 9-åringane i dag. Alle trenarane er enten i gong eller ferdig utdanna innan idrettsfagutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Heile året gjennom får dei verdfull praksis gjennom å trene ulike aldersgrupper på SogndalAkademiet.

Ungane vert delt opp i mindre grupper. Fire mot fire øver dei på å halde ballen langs bakken. Det vert ikkje mål om ballen passerer målstreken i lufta.

– Det er masse engasjement her. Bra. Men, de speler altfor tett. Prøv å strekkje laget meir, då vert det meir rom. Skjønner dokker, spør trenar Navin Murugesh (22). Studenten frå Bergen stortrivast med å ha mange unge spelarar han skal rettleie.

– Det er heilt fantastisk at vi får denne moglegheita. Eg er veldig takknemleg og lærer mykje. Eg vert meir tolmodig og lærer korleis eg kan verte ein betre trenar, seier Murugesh.

Meir enn fotball

Akademisjef Marius Kloster koordinerer pensjonistar, idrettsfagstudentar og tek oppropet for å sjekke at alle ungane er på plass. I dag er han med som trenar under fotballtreninga. Han understrekar at det er viktig for Sogndal Fotball at tilbodet skal vere breitt og famne om meir enn berre fotball. Ungane skal få gode opplevingar med fotball, felles måltid og leksehjelp.

– På den måten inkluderer ein fleire enn dei mest fotballinteresserte, seier Kloster. Samstundes skal tilbodet i SogndalAkademiet bidra til spelarutvikling.

– Vi ønskjer å skape større interesse for fotball og idrett. Vi ønskjer å legge til rette for at dei som vil satse på fotball, skal få gjere det og få ein fair sjanse til å bli så gode som mogleg, seier Kloster.

Christian Bøyum Foss (9) spring rundt i Ronaldo-trøya si. Han ønskjer å bli betre i dribling, triksing og skyting. Målet er å få spele på same laget som helten, Real Madrid.

– Kva med Sogndal, har du ikkje lyst til å spele på topplaget til Sogndal?

– Jo, først skal eg det!