Obligatorisk surfing

I Selje kommune er surfing eit fast innslag på timeplanen.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Calle Magnusson

– Eg synst at det er heilt rått at vi får lære å surfe. Den første gongen var det vanskeleg å klare å halde balansen oppe på surfebrettet og fange bølgene. I løpet av surfetimane har vi lært oss mykje og alle har vorte mykje betre, seier Marthe Thelen Sjåstad. Ho går i 10.klasse ved Stadlandet skule.

– Den første gongen vi hadde skulesurfing var det eit par elevar som var veldig redde. Dei våga knapt å hoppe i det store havet. På den siste treninga var det dei som var først ut i vatnet. Dei leika seg med et smil om munnen. Det var veldig kjekt å sjå, seier surfeinstruktør Calle Magnusson.

Frå Sverige til Stadt

Magnusson flytta frå Sverige til Stadt fordi han ønska å vere tettare på naturen, og få flotte surfestader rett utanfor huset. Han driv Ervik Surfshop, men engasjementet for surfing stoppar ikkje der. For eit par år sidan tok han initiativ til å begynne med surfing for alle elevar i kommunen. Han fekk gode støttespelarar med frå næringslivet, og kommunen og skulen var positive. Skuleåret 2016/2017 var det fyrste skuleåret alle ungdomsskuleelever i kommunen får opplæring i surfing i skuletida. Kvar elev får minst seks økter i vatnet kvart skuleår.

Fakta

  • Leia av Ervik Surfshop ved Calle Magnusson.
  • Samarbeid mellom næringsliv, instruktørar og Selje kommune.
  • Hovudsponsorar er Lapoint Travels, Ervik Havfiske og Stadpipe.
  • Øvrige sponsorar er Paneda, AS Fiskevegn, Stad Surfing, Ervik Surfshop, Dragebygg og Akka Surf.
  • Kvar elev får vere i vatnet seks gongar i løpet av eit skuleår.
  • Ein del av skulekvardagen til alle ungdomsskuleelevar i Selje kommune.
  • Er finansiert i tre år.
Skolesurf

Å svømme i havet

– Her i kommunen finst det ikkje noko symjebasseng. For alle som bur her ved havet er det viktig å lære seg å symje. Å lære seg å symje i naturlege omgjevnader, gjer at ein lærar seg å handtere store bølger, straumar og kaldt vatn under veldig sikre og kontrollerte former. Det kan vere livsavgjerande i framtida.

Frå april til oktober

Elevane er uti vatnet mellom april og oktober. Dei får både symjetrening og opplæring i å surfe. Både lærarar og surfeinstruktørar er med.

Sjåstad synst at instruktørane fortener skryt.
– Dei er så positive og gir oss oppmuntring. Då eg klarte å finne balansen på brettet ga det meg ei stor kjensle av meistring. Eg fekk lyst til å gjere det igjen og igjen, sier Sjåstad.

– Det er kjempekjekt og veldig artig at vi får ha surfing i skuletida, seier Nikoline Gloppestad. Ho hadde berre prøvd å surfe eit par gonger før ho var på skulesurfing.

Surfar på fritida

No har fleire av elevane kjøpt seg eige surfeutstyr, og drar ofte til Hoddevika eller Ervik på fritida.

– Eg har vorte heilt hekta. Eg likar å vere i vatnet. Dette vil eg halde fram med, seier Sjåstad.

– Eg synst det er veldig kjekt. Eg elskar å vere i vatn, sier Gloppestad.

– Er det ikkje kaldt når sjøen berre held 7-8 grader?
– Neida. Vi får låne både hetter, sko og våtdrakter når vi er i vatnet, så det går heilt fint.

Lærer å bruke havet

Gloppestad er glad for å få moglegheita til å lære seg å surfe.

– Eg synst det er kjempeflott at vi unge som bur så nær havet, lærer oss å bruke det. Vi lærar om korleis vi skal takle straumar og store bølger. Eg trur det vil gjere at vi ikkje får så lett panikk om vi skulle ut for noko på sjøen, seier Gloppestad.

Initiativtakar og instruktør Calla Magnusson håpar timane i vatnet vil gje læring for livet.

– Eg håpar at dei får vatntryggleik inn i ryggmargen, at dei vert komfortable i vatnet og såklart at dei synast det er gøy.

I tillegg til å gi livsviktig symjeopplæring, håpar Magnusson at surfing kan binde innflyttarar, næringsliv og innbyggjarar saman.

– Eg er veldig takknemleg for at næringslivet gjer skulesurfinga mogleg. Utan dei hadde vi ikkje fått dette til, seier Magnusson.