• Evita Kolseth Skaar

Naturleg intelligens

Ein sein kveldstime vart ideen sådd på rektors kontor på Sandane. Kan Firda vidaregåande skule gjere ein forskjell og tilby eit nytt og aktuelt fag i klima og miljø? Vi som diskuterte, stolte på teikn i tida og sa ja til å ta det grøne skiftet inn i skulen. Tre år seinare sit eg framfor 19 år gamle Evita Kolseth Skaar og får vite om dette var ein god eller dårleg ide.

Tekst og foto: Arve Sandal

13 års samanhengande skulegang er over. Evita Kolseth Skaar frå Leirgulen i Bremanger har nettopp levert inn lærebøkene på Firda vgs i biologi, kjemi, historie og norsk. Ansiktsdraga er milde og nærast salege. Ho har jobba hardt, forbetra seg i alle fag og fått fleire toppkarakterar, mellom anna i klima og miljøfag som ho og ni medelvar er dei aller første i landet til å prøve ut. No står Evita framfor eit av sine viktigaste vegval, kva skal ho bli? Kva vert hennar karriere og livsprosjekt? Med gode karakterar står dørene opne, men som Anne-Grethe Prøys så tankevekkande syng; «først når dørene står opne, kan du gå forbi…..»

– Eg er usikker, veldig usikker. Eg må ha eit tenkeår og har valt Nordhordland folkehøgskule og ei line om bistand og berekraft. Valet har kanskje samanheng med at eg tok programfaget i klima og miljø.

Nytenking

Fortel meir, har eg mest lyst å rope ut, men prøver med eit forsiktig korleis for ikkje å pushe henne til å innfri mine håp og forventingar. Eg veit det var knallhard jobbing på Firda vgs med å søke om løyve, finansiere og bygge opp det nye faget. Nålauget er særs trongt og krava tøffe om du vil skape noko nytt i norsk skule. Sidan dei store miljø- og klimautfordringane på kloden vil prege alt og alle framover, sa Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet ja til forsøket. Byråkratane la også vekt på at Firda ville gå i bresjen for å involvere barnehagane og grunnskulen i Gloppen gjennom eit prosjektet «Grøn skule». Svaret og fasiten på om dette var rett tenking, har først og fremst elevane som har prøvt tilbodet. Derfor ventar eg spent på forklaringa hennar om å gå vidare frå Firda til ei berekraftsline på folkehøgskule.

– I biologitimane studerte vi kor sentralt biodiversitet er for alt liv på kloden, seier Evita.

For å late som eg ikkje er litt skuffa, hiv eg meg frampå om kva ho legg i biodiversitet? Ho nemner så vidt ordet artsmangfald før ho retar opp utviklingsfasane for artane frå pioner til konsollidering og klimaks. Dette er nye omgrep for meg som minnest min gamle norsklærar Øvrelid på Firda gymnas. Han var flink til å lytte og sa mang ein gong at «ein lærer så lenge ein har elevar.»

Første klima- og miljøfag

  • Firda vgs starta forsøk med eit nytt klima og miljøfag (KMF1)i 2016.
  • 10 elevar på studiespesialiserande liner valde å ta programfaget.
  • Studieplanen er utvikla på Firda vgs og godkjent av Utdanningsdirektoratet.
  • UDIR godkjente i vår vidareføring av forsøket på Sandane i KMF2.
  • Forsøket blir evaluert av Høgskulen på Vestlandet og avslutta i 2019.
  • Mange fylke er interesserte i erfaringane med forsøket på Firda vgs.

Evita Kolseth Skaar frå Leirgulen har vore pionerelev i klima og miljøfaget på Firda vgs.

Evita Kolseth Skaar

Kult fag

Evita røper at ho har hatt ei utviklingsfase på Firda. Ho starta på musikklina med song og piano, før ho skifta over til studiespesialiserande line med realfag som biologi, kjemi og matematikk. Valfaget i klima og miljø, med fem timar undervisning i veka, valde ho fordi det verka aktuelt og spennande.

– Eg tenkte at det er kult å ha noko som ingen andre har. Ho tek opp telefonen sin der ho har notert dei politisk korrekte orda «viktig», «relevant» og «framtidsretta».

– Før eg tok fatt på dette skuleåret, visste eg lite om det store bildet med klimaendring og klimapolitikk. Eg hadde inga aning om kor viktig til dømes myrane er for flomdemping, for artsmangfald og for lagring av karbon. Gjennom dokumentarprogram, artiklar og besøk på Nordfjord Miljøverk har vi også sett kor menneska bit seg sjølv i halen ved utstrakt bruk av plast. Mikroplasten flyt som store øyar i havet og dukkar opp i alle næringskjedar og dermed i maten vår.

Evita skreiv fagoppgåve om kjøtfritt kosthald og testa vegetarburgarane i frysedisken.

Hjernevaska?

19-åringen er så engasjert at eg må spørje om faglærar Martin Eikeset Koren har hjernevaska unge sinn?

Evita ler og påstår miljøpolitikaren Martin har oppfordra elevane sine til det motsette, alltid bruke det kritiske blikket, sjå etter fleire sider av ei sak og reflektere sjølv. Kva vi et og puttar i oss vart ho særleg oppteken av då ho prøvde seg i 14 dagar utan kjøt i kosthaldet som veganar og vegitarianar. Eksperimentet var hennar svar på fagoppgåva om forbruk og avfall. Ho viser meg oppgåva si på bloggen «Den grøne tråden» som både barnehagane, skulane og Firda vgs brukar for å fortelje om kva som skjer i prosjektet «Grøn skule» i Gloppen. Eg skummar over dei 13 sidene der Evita fortel om erfaringane og refleksjonane sine med stort sett plantebasert mat på menyen.

Måndag

Frukost: veganske pannekaker
Lunsj: brød med peanøttsmør og banan
Middag: currygryte med linser

Onsdag

Frukost: Brød og norske eple. Kaffi med soyamelk
Lunsj: Brød med mosa avocado
Middag: Vegetartaco

Slik komponerte Evita eit kjøtfritt kosthald på hybelen på Sandane i 14 dagar. I vurderinga skriv ho at ho valde linser fordi det er eit billeg alternativ til kjøt, og at C02-utsleppet i produksjonen av like store kalorimengder mat er 14 gongar mindre for linser enn for kylling. Ho har også notert at mens linsene nøyer seg med 1250 liter vatn pr kilo, trengs 13000 liter for å produsere eit kilo biff.

Grøn skule i Gloppen

  • Ein grøn tråd frå barnehage til vidaregåande skule er ideen bak prosjektet «Grøn skule».
  • Ungane i barnehagane sår og haustar, går turar og besøkjer avfallsstasjonen.
  • Dei fleste barnehagane har lært om insekt og bier på Newtonrommet på Firda vgs.
  • Austreim skule følgjer over tid gjenopplivinga av plantar og dyr i eit hogstfelt.
  • Hyen skule har bygt kvernkallar og sett på minikraftverka i bygda.
  • Barnehagane og skulane deler erfaringane sine på bloggen «Den grøne tråden».

Bedriftsbesøk og ekskursjonar er ein viktig del av forsøket med det nye klima- og miljøfaget på Firda vgs. På Norsk Bremuseum lærte dei kor lett det er å doble klimaavtrykket sitt med lange flyreiser. Bak f.v. Eirik Hovstad, Sander Gulliksen, Malene Leite. Framme f.v. Ingeborg Aasebø, Birte Una Songedal Liset, Linn Solvik, Synnøve Elisa Rønnekleiv, Emma Berge Ness, Evita Kolseth Skaar og fagansvarleg på bremuseet, Pål Gran Kielland. Foto: Firda vgs.

Ny lærdom

Eg les dei 13 sidene og må omskrive utsagnet til norsklærar Øvrelid: Ein lærer så lenge ein treff elevar! Eg har ikkje tenkt på at grønsaker som blir forvella og frosne rett etter hausting, kan vere vel så næringsrike som dei ferske i butikken og redusere matsvinnet. For første gong får eg vite at foret til ei vanleg ku i Norge er 60 prosent gras og 40 prosent soya, ofte dyrka i Brazil. Evita argumenterer med at ved å lage mat direkte frå soya i staden for å gå via kjøtproduksjon, får ein meir mat på same areal, sparer mykje energi og reduserer klimagassutslepp og vassforbruk. I Gloppen, som er største landbrukskommun i fylket, siterer ho Framtiden i våre hender si utrekning om at ein kjøtfri dag i veka for alle nordmenn, tilsvarar CO2-utslepp frå 200.000 bilar. Men sant skal seiast, Evita vel alltid OppiTunet-egg frå Hyen. Ho har vore på ekskursjon på Gloppen hotell og sett kor hotellet vinn gjester ved å profilere seg på miljø og «ureiste» råvarer.

A la Stordalen

Eg tenkjer automatisk på Gunhild Stordalen og hennar EAT-konferanse når eg les og høyrer på Firda-eleven si utgreiing om å velje mat som sparer miljøet og kan fø flest mogleg. Ifølgje Stordalen er matproduksjon ein av dei største bidragsytarane til klimakrisa, mens varmare klima paradoksalt nok set kjeppar i hjula for avlingane. Den norske kvinna får stadig fleire selskap og statsleiarar til å innsjå at mange av våre største utfordringar i dag er knytte til mat og matproduksjon. Ho hevdar at kjøttindustrien slepp ut like mykje klimagass som alle bilar, båtar og fly i verda til saman. Plasten i havet, overfiske, tap av regnskog og biologisk mangfald er andre stikkord på EAT-konferansane til Gunhild Stordalen i tillegg til underernæring og fedme.

I november trossa Firda-elevane hauststormen og gjekk på ekskursjon til Briksdalsbreen med breforskar Atle Nesje som guide.

Brevitjing

Helsealder

– Det er ikkje heilt rett at eg ikkje anar kva eg skal bli. I arbeidet med fagoppgåva las eg om kliniske ernæringsfysiologar som lagar sunne kosthaldsråd. Det er ei femårig utdanning på universitetet, som verkar interessant. Utdanninga fokuserer på helsealder meir enn levealder. Du lever ikkje nødvendigvis lenger om du prioriterer mat frå planteriket i minst mogleg bearbeida form, men sjansen for fleire friske, aktive år aukar drastisk, får eg høyre frå ei som har levt 50 år kortare enn meg. Etter kvart som Evita snakkar, får eg meir og meir tru på at Firda vgs har lukkast med nybrotsarbeidet. Kanskje det nye miljøfaget, utan lærebok, blir obligatorisk på alle vidaregåande skular etter kvart?

– Vi har brukt fersk kunnskap som berre har vore tilgjengeleg på internett og lett å dele med kvarandre via Facebook-gruppa vår i klassa. Vi har hatt gode gjesteforelesarar og vore på bedriftsbesøk til bedrifter som Sogn og Fjordane Energi og på ekskursjonar til Briksdalsbreen og Norsk Bremuseum. Der såg eg at klimaavtrykket mitt aukar drastisk dersom eg reiser mykje til utlandet med fly.

Gloppen prøver ut ein grøn tråd i opplæringa frå barnehagen til vidaregåande skule. Dei fleste borna på Sandane har vore innom Newtonrommet på Firda og høyrt faglærar Martin Eikseth Koren fortelje om insekta. Foto: Firda vgs.

Nygård, vitjing

Kunnskap som vegvisar

– Så du er overtydd om at menneska påverkar klimaet?

– Eg trur på kunnskap som viktig for kva vi gjer og kvar vi går. Når 99 prosent av forskarane meiner sju milliardar menneske har blitt ei naturkraft som påverkar klimaet, har ikkje eg grunnlag for å tvile på det. Men eg blir ikkje redd av alle dystre spådommar i media. Eg trur på løysingar og at mennesket finn gode utvegar. Nettopp derfor er kunnskap og innsikt viktig, lyder det oppløftande frå Evita Kolseth Skaar.

Eg kjenner meg oppstemt. Den nyklekte Firda-eleven tenner lys og håp.