Når framdrift er einaste alternativet

Då Linda Hovland (51) takka ja til jobben som dagleg leiar i Framtidsfylket, ante ho ikkje kva som låg framfor ho. I 2020 skal ho rekruttere Framtidsfylket inn i Vestland.

Tekst: Kristine Slettehaug Foto: Emil Jangård Rasmussen

– Det låg nok litt i bakhovudet. Kva skjer når vi blir eit større fylke? Skal vi fortsette som før, eller bør vi inngå nye samarbeid med Hordaland?

At ho skulle vere reiseleiar på ei så viktig reise, hadde ho ikkje sett for seg då ho tok over jobben etter Gro Rukan i 2018. Hovland kjente Framtidsfylket som ei solid verksemd som arrangerte karrieremesser, administrerte traineeprogram og jobba for å synleggjere karriere i Sogn og Fjordane. Rukan hadde styrt skuta stødig i mange år. No skulle ho ta over roret, samtidig som ho måtte ta stilling til ny kurs.

– Heldigvis slepp eg å ta alle avgjerdene åleine. I samarbeid med styret, eigarane, konsulentselskap og medarbeidarane mine har vi siste året jobba intenst med å rigge oss for Vestland.

Sonderingsturne i Hordaland

Linda Hovland bur i Dale, men pendlar dagleg til kontorfellesskapet Peak Sunnfjord i Førde. Når ho ikkje jobbar, ser du ho gjerne susande på ein motorsykkel, symjande i Dalsfjorden eller som spinningsinstruktør i Dale IL. Der er ho også dagleg leiar.

– Eg er ikkje så glad i å sitte stille. Eg likar å ha litt å styre med, seier ho og ler sin karakteristiske latter.

Sitte stille har ho gjort minimalt av siste året. I tillegg til karrieremesser i tre byar og fleire traineesamlingar i fylket og utlandet, har ho turnert Hordaland rundt for å finne ut korleis dei jobbar med rekruttering.

– Vi har snakka med næringslivet, regionråd, Hordaland fylkeskommune, traineeprogram i Hordaland, by og land… Både for å kartlegge kva som finst av tilbod og for å lodde stemninga for samarbeid om rekruttering.

Attraktiv rekrutteringsmodell

Og det er éin ting som går igjen når ho reiser rundt i nabofylket.

– Mange misunner Sogn og Fjordane verktøyet dei har for rekruttering. At det finst ein felles plattform for å marknadsføre karriere, at vi har ei velfungerande traineeordning og at næringslivet klarar å samle seg for å synleggjere breidda på messer. Ikkje minst saknar dei nokon å rådføre seg med når det kjem til rekruttering av unge, nyutdanna. Dei manglar eit apparat for dette.

Ho har difor inntrykk av at Hordaland er opne for samarbeid og å bruke Sogn og Fjordane sin modell i framtida.

– Samtidig er det behov for fornying hos oss. Det som fungerte for nokre år sidan på rekrutteringsmarknaden, fungerer ikkje like godt i dag. Framtidsfylket jobbar stadig med nye produkt og verktøy for å tilpasse oss. Til hausten kan vi blant anna tilby eit heilt nytt leiarutviklingsprogram.

Sogn og Fjordane er ikkje for alle

Mange har spurt om det er fare for at Sogn og Fjordane vil drukne og Framtidsfylket miste identitet om ein inngår samarbeid med Hordaland.

– Eg ser den. Og at ein fryktar konkurranse om hovuda. Samtidig er vi i samråd med styret og eigarane ganske sikre på at vi vil stå sterkare i eit samarbeid enn å ture vidare for oss sjølv. Heile Vestland slit med rekruttering, og slagkrafta blir større utad om vi samlar oss som eit stort, attraktivt jobbområde. Framdrift er det einaste alternativet for Framtidsfylket.

Ho trur dei ulike regionane er attraktive på ulike område, og at ein ikkje nødvendigvis konkurrerer om dei same hovuda.

– Vi må berre innsjå at Sogn og Fjordane ikkje er for alle. Vi klarar å tiltrekke oss ein viss type menneske på jakt etter en viss type livsstil. Vi har eit svært spennande næringsliv, eit rått friluftstilbod, eit breitt kulturtilbod og kan lokke med det gode liv. Men vi har ikkje storby, og heller ikkje mange urbane kvalitetar.

Kan ikkje dra lasset åleine

Å vere dagleg leiar har bydd på utfordringar frå dag éin. Stadig må ho bevise for næringsliv, offentlege aktørar og andre kvifor Framtidsfylket skal ha livets rett.

– Dei fleste ser verdien av eit slikt apparat, men enkelte har fått for seg at vi skal dra lasset åleine. Når folketalet går ned, stiller lokalmedia ofte spørsmål ved om vi har mislukkast. Folketalsnedgang i distrikta er og blir ei utfordring, men korleis hadde dei tala sett ut utan jobben vi gjer? Sidan oppstarten i 2004 har vi sysselsett over 200 trainear, der størsteparten blir i fylket eller får ei tilknyting til det. Etter kvart stiftar dei gjerne familie her.

Hovland er vel så opptatt av den daglege synleggjeringa av karrieremoglegheitene i fylket.

– Månadleg når vi over 20.000 personar gjennom våre kommunikasjonskanalar – alle interesserte i karriere i Sogn og Fjordane. Det ligg 15 års arbeid bak for å bygge opp ein slik kjennskap til merkevara. Det vil vere galskap å gje slepp på eit slikt verktøy.

Bedriftene må tenke nytt

Ho trur det blir viktigare framover at kvar enkelt verksemd får på plass eigne rekrutteringsstrategiar.

– Bedriftene må tenke langsiktig og jobbe kontinuerlig med rekruttering. Tida der du kunne lyse ut ei stilling og det var nok, er forbi. Du må vise deg som ein attraktiv arbeidsplass, bygge nettverk og jobbe aktivt for å få tak i dei rette hovuda eller hendene.

Ein annan trend ho ser i arbeidsmarknaden er større mobilitet.

– Folk byter jobb oftare enn før. Vi må ikkje vere så redde for å tilsette folk som berre blir i 2-3 år. Tenk på kva dei tilfører av kompetanse dei åra dei er der og gir jernet. I tillegg blir dei gode ambassadørar for fylket om du gir dei ei god oppleving.

Skal bli best på rekruttering

Hovland meiner vi har alle moglegheiter for å tiltrekke oss arbeidskraft, og at framtida som del av Vestland er lys.

– Vi, og då meiner eg vi som i Vestland fylke, har eit stort potensiale til å bli best på rekruttering. Saman med traineeordningane som er i Hordaland kan vi få den største og beste traineeordninga i landet.

Og ho meiner vi har mange strengar å spele på for å lokke til oss nye arbeidstakarar.

– Eksport, reiseliv, teknologi, havbruk og energi. Der er vi knallgode. I tillegg kan vi ta ein sterk posisjon innan det grøne skiftet.

Sjølv om omstillingsfasen er krevjande og krev eit ekstra gir, er den driftige dama klar for ein travel haust.

– Må vi vekse? Må vi utvikle oss? Ja! Det er mi plikt å levere framdrift som leiar i Framtidsfylket. Eg gler meg til nye samarbeid i 2020.