Frå motorveg til humpete stiar

Pudder, topptur og stisykling. Sogn er blitt eit mekka for for friluftsentusiastar.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

– Eg har bytta ut kø gjennom Operatunnelen i Oslo og ut til Lysaker kvar einaste dag, med dette her, seier Ingvild Andersen og slår ut med armane. Ho står øvst på Aaberget i Sogndal. Sola er i ferd med å ta kveld innover mot Sognefjellet. Opp mot fjellet Nuken er det flotte stiar til både jogging og sykling.

– Sykkelstiane her i Sogn er blant dei beste i verda. Eg likar stisykling fordi det er ein morosam måte å vere på tur på. Ein må finne løysingar kjapt og vere ekstremt fokusert, seier Andersen.

Klokka er litt over fire. Saman med venninna Astri Knudsen er ho på veg oppover for ein liten ettermiddagstur. Dei kjem begge rett frå jobb.

– Her i Sogndal er vi mange som er opptekne av og interessert i friluftsliv. Som innflyttar er det veldig lett å verte kjent med nye menneske, seier Andersen.

Ho og kjærasten hadde vore på leit etter aktuelle jobbar i Sogn i tre år då det endeleg løyste seg. Ingvild fekk tilbod om jobb som Framtidsfylket trainee ved Sogn og Fjordane fylkeskommune. Der arbeider ho med innovasjon. Ho har ein bachelor i økonomi og master innan entreprenørskap og innovasjon frå Norges miljø – og biovitenskapelige universitetet.

Tek pudderfri

Ho røper òg at det finst heilt eigne normer i arbeidslivet i Sogn.

– Det er veldig legitimt å ha fritid. Det er til dømes heilt ok å ta pudderfri. Det vil seie at om det er pudderføre på fjellet, så kan ein dra på ski på dagen og heller jobbe på kvelden, fortel Knudsen.

Slepp helgekø

Knudsen kjem opprinneleg frå Bergen, men budde på Grünerløkka då ho og kjærasten fann ut at dei ville til Sogn.

Det er nærleiken til fjella som lokka dei til Sogn. Då dei budde i Oslo drog dei til fjells kvar helg. No er dei allereie på fjellet når helga kjem.

– Det er godt å sleppe å stå i kø for kome seg ut av byen. Her kan vi både drive med stisykling, ski, turgåing og anna friluftsliv rett utanfor døra, seier Knudsen.

Sambuaren fann jobb i Sogndal først, og ho flytta med, sjølv om ikkje hadde jobb.

– Eg fann ut at det var lettare å søkje jobbar, når eg allereie budde her. No har eg starta mi eiga verksemd, Drople, der eg mellom anna driv med tekstutvikling og marknadsføring, fortel Knudsen.

Ringte seg til jobb

Ho er utdanna journalist og har ein utdanning innan politisk økonomi. Ho har jobberfaring innan både marknadsføring og journalistikk.

– Korleis gjekk du fram for å starte di eiga verksemd?

– Eg tok opp telefonen og ringte til alle dei eg tenkte kunne ha behov for kompetansen min. Då kom i kontakt med mellom anna Gasta design og kommunikasjon. Dei tipsa meg om å starte sjølv. No jobbar eg tett saman med dei, fortel Knudsen. I Drople hjelper ho mange små og mellomstore verksemder med å nå ut til kundane sine med bodskapen sin.

– Kor lenge trur de at de verte buande i Sogn?

– Så lenge eg har ein spennande jobb, vil eg bu her. No venter vi barn i mars og eg synast det er ein flott plass å bu om ein ønskjer å kombinere familie med å bruke naturen. Det er kort veg til alt her, seier Knudsen.

Forskar på stisykling

Ida Marie Gildestad (25) si traineestilling handlar om å forske på både stisykling og anna friluftsliv.

Gildestad hadde ingen planar om å flytte til Sogn og Fjordane, eller søke jobb der. Men det var før 25-åringen frå Bærum drog på Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo.

– Ei venninne inviterte meg med dit og då fekk eg sjå alle moglegheitene fylket har å by på. Eg fekk vite om trainee-programmet og synast at det høyrtes interessant ut, seier Gildestad.

I mai 2016 leverte ho masteroppgåva si i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Tre månader seinare starta ho som trainee ved Vestlandsforskning. Der forskar ho på korleis vår bruk av friluftsliv påverkar lokalsamfunn. Mellom anna jobbar ho med oppdragsforskning om stisykling for ulike kommunar.

– Jobben eg har fått her hjå Vestlandsforskning er heilt spot-on i høve til utdanninga mi og mitt interessefelt. Det kjennast ut som ei forlenging av mastergraden min, samstundes som det her er mykje meir praktisk arbeid, fortel Gildestad.

Ho jobbar med kommunane Sogndal, Luster og Gloppen. Oppdraget går ut på korleis ein bør organisere eller legge til rette for fleirbruk av utmark. Ho jobbar mellom anna å kartlegge kor mange som går på tur og syklar dei ulike stadene.

– Eg har til dømes vore ute og intervjua syklistar. Eg spør kor dei syklar mest og om dei har møtt andre syklister, seier Gildestad. Målet med prosjekta er mellom anna å finne system for betre koordinering av bruk av utmark.

– Vi kartlegg og prøvar å forstå situasjonen ved å snakke med alle som er brukarar av utmarka. Deretter kan ein foreslå tiltak og så evaluere tiltak, forklarar Gildestad.

I arbeidet møter ho mellom anna forvaltning, syklistar og grunneigarar. Gildestad synast arbeidet er interessant og utfordrande.

– Så lenge eg vert utfordra og kan bidra, er eg fornøgd. Eg kunne ikkje hatt ein betre jobb, seier ho.