Møteplassen

Lille Marked, Mjølkerampen, Lauget, Allmuen, Didriks, Kraftstasjonen og KaffeTelegrafen. Overalt poppar det opp nye møteplassar – der atmosfære, god mat og drikke dannar ramma for samarbeid, næringsutvikling og gode samtalar.

Foto: Kristine Folland

Lauget

Lauget på Sandane

Skal vi lauge i dag? Søstrene Mariel og Charlotte har skapt ein ideologisk kafé med huskonsertar, bytebibliotek og økologisk mat.

Tekst: Mari Bentz Foto: Heidi Hattestein

Å lauge betyr å skravle litt på Lauget kaffi & kultur på Sandane. På Lauget er det ikkje småbord, men eit stort langbord for å skape kontakt mellom folk som i utgangspunktet ikkje set seg saman. Kafeen vart teken varmt i mot lenge før den opna 18. mars 2016.

Kort veg til alt

Søstrene Charlotte Eikeset Mundal (26) og Mariel Eikeset Koren (28) er utdanna arkeolog og kantor og budde i høvevis Nederland og Trondheim då dei på spøk fekk for seg å starte ein kafé på Sandane. Det gjekk troll i ord, og plutseleg var Lauget ein realitet. Charlotte er dagleg leiar, medan Mariel har halv stilling som organist, i tillegg til jobben på Lauget.

– Det er så mykje enklare å starte noko på ein liten stad. Der er banken, der ligg kommuneadministrasjonen. Under planlegginga visste vi kven vi skulle snakke med, og folk visste kven vi var, fortel Charlotte.

Prosessen gjennom byråkratiet gjekk raskt, vegen var kort frå tanke til handling. I ein by ville dessutan ein slik møteplass forsvunne i mengda.

Marknadsføring med Facebook og Podkast

Lauget ligg midt i Sandane sentrum, med ekte blomar på borda og en hissig kveps som slåst med to damer i forsøk på intim lunsjprat.

– Det er litt urbant, eit kjærkome tilbod med god mat, seier damene, medan dei viftar febrilsk med armane. Eit bulka mjølkespann vert nytta til å halde inngangsdøra open. Før den opna for første gong, brukte dei to systrene sosiale medium for det det er verdt. Dei var løyndomsfulle og skapte forventningar, nysgjerrigheit og engasjement. Kvar veke la dei ut ein podkast, der dei fortalte kor langt dei var komne. Sambygdingane følgde med, og kom på døra med bøker, møblar og anna utstyr dei trengte. Det var reine dugnaden for å få Lauget i stand.

Søstrene vaks delvis opp på bakrommet til interiørbutikken som foreldra dreiv. No har rollene skifta plass. Mamma står bak disken to dagar i veka, og to veslesøstre hjelper til.

– Heile familien har vore involvert. Pappa, brødrane våre og ektemenn har stilt opp med datakunnskapar, snikring og barnepass, fortel Charlotte, som har teke med seg ein rogalending til Sandane. Mariel har funne seg ein trønder.

Lauget

Huskonsertar

Då Mariel gjekk på musikklinja ved Firda vgs, var det ingen små scener utanfor skulen, der lokale, unge musikarar kunne vise seg fram.

– No arrangerer vi små huskonsertar, både i skuletida og på kveldstid. Dei fleste er gratis, og det er ikkje plass til meir enn 50-60 gjester. Ungar frå Kulturskulen opptrer også, det er eit stort steg ut i verda for dei.

Bytebibliotek og økologisk mat

Som forventa strøymde ungdommen til Lauget. Det gjorde pensjonistane også, til søstrene si store overrasking. For her finn ein ikkje berre kaffi og mat, men og ein god atmosfære som ber preg av samfunnsengasjement.

– Vi har funne vår nisje, seier Charlotte.

Kaker og bollar baker dei sjølve, brødet kjem frå Minibakeriet på Eid, og elles er råvarene økologiske og kortreiste så langt det let seg gjere. Bytebiblioteket er sjølvgåande, med eit jamt skifte av bøker. I tillegg gir dei flyktningar arbeidstrening og språkopplæring på Lauget.

– Det er bra at lokalbefolkninga ser at dei og er ein del av samfunnet her.

Det går an å drive ideologisk, nikkar dei to søstrene.

– Vår generasjon er medvitne. Det er artig å utfordre dei eldre litt, både på interiør og mat.

– Vi driv ei slags vaksenopplæring av dei eldre, ler dei. Kommentaren til bestemora då ho såg kafeen for første gong, var; Ja de skal vel ha dukar på borda? Nei, vi skulle ikkje det. Men no er ho vår største fan.

Kaffetelegrafen

Kaffetelegrafen i Høyanger

Alle husa i Høyanger sentrum er kvite, men ikkje det gamle telegrafbygget. Det gamle, raude huset har alltid skilt seg ut. No er det blitt Høyangers mest stemningsfulle møteplass.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

– Då vi opna i sommar, tenkte vi at det ville halde med at eg og søstera mi arbeidde her. Vi hadde ein draum om å skape fleire arbeidsplassar på sikt, kanskje etter nokre år, seier Veronica Nessestrand.

Den gong ei. Allereie dei første dagane etter opninga 4. juni 2016 stod det kø av kundar i alle aldrar.

– På dag fire måtte vi få tak i fleire folk. Vi la ut ei etterlysning på Facebook og det meldte seg mange interesserte, seier Veronica.

Sjeledrikk og sommarbollar

Veronica har bakgrunn som kokk, er utdanna barista og er ekspert på kaffe. Etter 11 år i Oslo ønskte ho å flytte til Høyanger, men det var ikkje relevante jobbar for ho. Løysinga vart å skape noko eige. Veronica kjøpte det raude huset i sentrum og starta kaféen saman med søstera Jannike Nessestrand.

På papiret er det Jannike som er dagleg leiar, men dei delar likt på arbeidet og gjer det dei er best på. Veronica lagar varmmaten, medan Jannike elskar å bake. Ho lagar kaker og gjærbakst. Saman styrar dei businessen.

– Folk kjem langvegs frå for å kjøpe mat her i helgane. Mange dreg til Høyangerbadet om søndagane, og kjem innom her for å ete etterpå, seier Jannike.

Dei driv både tradisjonell kafé med kaker og bollar, restaurant med hjorteburgarar og pizza, selskap og catering. Det er òg skive med leverpostei til ti kroner for dei yngste gjestene – noko småbarnsfamiliane set ekstra stor pris på.

Nessestrand-søstrene har teft for å skape atmosfære både gjennom mat, drikke og interiør, noko dei mange omtalane på facebook vitnar om. Det går gjetord om kjempegode cookies og sommarbollar, og drikken med smak av eple og kanel som dei kallar for “sjeledrikk”.

– Men pølse vil du aldri få her. Det kan du kjøpe på gatekjøkkenet, seier Jannike.

Kaffetelegrafen

Høgt tempo

Når klokka nærmar seg fire, er tempoet høgt på kjøkkenet. Eit følgje på 13 personar frå ei lokal bedrift er på veg inn døra. Mange verksemder brukar kafeen og restauranten når dei skal ut og ete.

– Det er nydeleg mat her. Det er her vi går når vi er ferdig på arbeid og skal kosa oss, seier Anne Tove Nyheim, leiar for NAV i Høyanger.

Viktig samleplass

Rundt dei andre borda set ei og les, nokre vener sit og drikk kaffi og fire skuleungdommar har tatt bordet heilt borte i hjørnet.

– I dag hadde eg ikkje lyst til å lage middag sjølve. Det er kjekt å kunne vere her saman med vener. Mykje meir sosialt, seier Benjamin Wolff, som har bestilt pizza. Markus Bosdal har allereie fått seg ein milkshake, medan dei andre venter på middagsmaten sin.

– Det er viktig at små stadar har kafear som dette. For oss som er unge er det kjekt å ha ein stad å samlast, seier Wolff.

Mjølkerampen

Mjølkerampen på Sande

Før møttes folk på mjølkerampen. Det gjer dei framleis på Sande, takka vere ein driftig viksdøl med ein draum.

Tekst: Mari Bendz Foto: Kristine Folland

Fire-fem småungar kravlar rundt medan mødrene skravlar lystig i veg. Barselgruppa på Sande møtast kvar torsdag på Mjølkerampen.

– Det er heimekoseleg her, god atmosfære og smakfull mat. Siv Helen er heilt fantastisk, ein får den beste servicen her, nikkar damene.

Mjølkerampen på Sande i Gaular er ikkje berre kafé, men rommar også ein liten butikk med lokalmat, inventar, smykker og heimestrikka klede.

– Hyllene her er gode å ty til når ein treng ein liten presang i ein fart, seier mødrene.

– Vi har alt vi treng her i dette bygget. Kafé, frisørsalong og mikrobryggeri, ler dei.

Utanfor er er ei gravemaskin i gang med å klargjere nabotomta for nybygget Bankhagen – beståande av åtte leilegheiter og 1000 kvm supermarknad. I byggefelta byggjer ein på spreng – nye hus og leilegheiter til nye tilflyttarar. Spådommane om ein spøkjelsesby etter at E39 vart lagt utanom sentrum, er allereie gjort til skamme. Det har berre vore til det gode, meiner barselgruppa.

Mjølkerampevert Siv Helen Tuften er samd.

– Det skjer så mykje positivt på Sande no. Folk har vorte meir sosiale og går meir ut. Den nye fleirbrukshallen er proppfull til eikvar tid. Ny aktivitet genererer enda meir aktivitet, meiner ho.

Berre bakaromn manglar

Mjølkerampen opna i desember 2014 og dermed realiserte Siv Helen ein gammal draum. Heilt sidan ho var med bestemora og laga mat på pensjonatet på Viksdalen har ho hatt lyst til å drive sin eigen stad. Siv Helen Tuften er glødande tilhengjar av rein og heimelaga lokalmat og tradisjonar, noko tilbodet på også Mjølkerampen ber preg av.

Møblane er ei salig blanding av dei siste tiåra i førre tusenår. Nettopp det gjer atmosfæren så særeigen. Det er som å vere på vitjing hos bestemor, kommenterer ein av gjestene.

Siv Helen hadde fire punkt på ønskelista si før ho opna Mjølkerampen; Eit hjortehovud, som no heng på veggen over leikekroken, eit piano og eit ope takvindauge. Alt er på plass.

– Det siste punktet er ein vedfyrt bakaromn, den har eg ikkje enno. Men den kjem, smiler Siv Helen.

Om den nevenyttige sambuaren og stod på ei liste ein gong, er uvisst, men han var til uvurderleg hjelp då ho transformerte den tidlegare butikken til ein særeigen møteplass midt i Sande sentrum.

For einkvar anledning

Ho sakna ein samlingsplass då ho flytta til Sande. I heimbygda Viksdalen var det onsdagskafé, der gamle og unge, fastbuande og hyttefolk, møttest. Ein slik stad har ho klart å skape på Sande.

Fredagane går det slag i slag med pensjonisttreff, bingo og bridge, som sklir over i pub utover kvelden. Om det ikkje er konsert også. Dei siste åra har ho hatt blant anna hatt intimkonsertar med Good Time Charlie, Jørn Trollebø Kvalheim og Eva & The Heartmaker.

– Vi har hatt fullt hus på kvar konsert. Når vi skulle selje billettar til Eva-konserten, stilte folk seg i kø fleire timar før kaféen opna. Heilt fantastisk! Men det var også ein heilt magisk konsert, seier Siv Helen.

I byrjinga hadde ho ope sju dagar i veka, men forstod at det ikkje gjekk. No stenger ho døra laurdag klokka 16 og tek helg – om det ikkje dukkar opp ein konfirmasjon, bursdag, dåp eller eit anna selskap. Måndag er kontordag, før ho opnar att tysdag.

Firda sine lesarar kåra Mjølkerampen til den beste kafeen i Sunnfjord i 2016. Slikt gjer at kundane kjem langvegs frå for å oppleve stemninga på kafeen.

Men Siv Helen Tuften kviler ikkje på suksessen. Det finst alltid urealiserte draumar og ugjorte punkt på listene. Neste plan er eit spennande samarbeid med Christel Eide på «Mitt lille Kjøkken» i Bygstad. Men det er førebels ein løyndom.