Då mor og far pantsette huset

Læraren og sjukepleiaren kausjonerte for at sonen skulle få satse på settefiskoppdrett. No er sonen Sogn og Fjordane sin einaste milliardær.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

– Mor er stolt no. Ho er det, seier Ola Braanaas og ser ned. Han ser nesten litt flau ut. Han har nettopp fått spørsmål om kva han synast om det han har klart å skape. Om dei 150 arbeidsplassane, om tonnevis av laks som dagleg køyrast frå Gulen og ut i verda, om omsettingar i milliardklassen. Han svarar først med mor sine tankar. Vi må gjenta spørsmålet for å få vite kva han tenker sjølve.

– Det er jo fantastisk, seier 54-åringen lågmælt.

– Det var heilt utenkeleg at det skulle verte sånn. Ingen kunne sjå føre seg det. Sjølv kjennast det ut som om eg har stått i ro. Eg er jo den same som for 30 år sidan. Men det er litt rart å tenkje på kor stort det har vorte. Eg kjenner på samfunnsansvaret. I Oslo eller Bergen ville ein knapt merka det om ei verksemd på denne storleiken forsvann, men her er vi viktige, seier Braanaas.

Han har nettopp snakka i mobilen med ein journalist frå ein fransk tv-kanal. Dei skal kome dagen etter for å lage ei reportasje om fisken og anlegget. No tek han raske steg inn på kjøkkenet og smør leverpostei på tre knekkebrød. Han droppar fat og stablar dei oppå låret i staden.

Både fugl og fisk

Den gongen for 35 år sidan hadde Braanaas flytta frå Bergen til slektsgarden i Sunnfjord. Han hadde studert på Mo jordbruksskule og hjelpte bror sin med bygging av siloar og grisefjøs. Han studerte både akvakultur og pedagogikk. Så arbeidde han på Svanøy som handlangar der nokon trengte hjelp. Han jobba med vedlikehald av bygningar, oppdrett av skogsfugl og fisk og som brønnbåtskipper. På den tida begynte draumen om eige settefiskanlegg å vekse fram. I 1986 opna han sitt eige anlegg i Norddalsfjorden i Flora.

– Det einaste eg hadde då eg starta, var studiegjeld. Eg måtte be mor og far om å kausjonere for meg. Den gongen var ikkje renta på tre prosent som i dag, men på 21 prosent. For kvar krone vi tente, måtte vi gje 21 øre til banken, fortel Braanaas.

Tanken på å dra andre med seg ned, dersom det gjekk gale, var ikkje kjekk. Det var derimot ein ekstra motivasjon til å gjere det godt. Etter eitt år var det framleis ingen inntekter, berre stor gjeld. Frå 1986 og dei neste fem åra prøvde ei rekke aktørar seg på settefisk, men 80 prosent gjekk dukken.

– Eg trur vi klarte oss fordi vi var nøkterne. Vi sløsa ikkje. Det hadde eg lært heimafrå. Då eg var barn måtte vi til dømes spare til sykkel. Det tok gjerne eit år å leggje seg opp pengar på bok. Då tek du godt vare på den sykkelen.

500 millionar inn

I 2015 var omsetninga på omlag ein halv milliard kroner for verksemda til Braanaas, som no heiter Firda Seafood Group. I 2016 ligg dei an til å doble dette.

– Eg er ikkje oppteken av pengar, for meg er pengar meir som verktøy. Dei er ikkje interessante i seg sjølve, det er kva du kan utretta med dei som betyr noko. Men når det er sagt synest eg det er godt å ikkje vere avhengig av andre. I havbruksnæringa er vi velsigna fri frå offentleg støtte. Så er det sjølvsagt fint å sove godt om natta og ikkje bekymre seg for om det går under i morgon, seier Braanaas. Det er det nok inga fare for, for ifølgje han sjølv står det “kø utanfor døra av folk som vil kjøpe fisk”.

– Det er ein stort marknad der ute. Vi klarar ikkje å dekke etterspurnaden, forklarar han. Då Russland og Kina stengte grensene for norsk laks, dukka det opp nye marknadar i til dømes Singapore og Kviterussland.

1-3: Til Kviterussland og Litauen: Fabrikken på Byrknesøy har 40 arbeidsplassar og vart bygd ny i 2013. Her vert fisken pakka og sendt ut av landet. Kvar dag kjem 8-9 trailarar her for å hente fisk her på Byrknesøy. I 2015 vart det solgt 13.500 tonn fisk i sløyd vekt herfra. I 2016 trur sjefen salet vil vere på 16.500 tonn.

Ola Braanaas

Trådlaus fôring

Heile tida er det nye prosjekt. Nyleg opna dei eit nytt system for overvaking og fôring av fisk. Frå eit kontrollrom på fabrikken på Byrknesøy får ein no inn ”live” kamerabilete frå alle mærene, og ein kan gjere fôringa frå kontrollrommet.

– Vi har bygd ut eit trådlaust nett frå Askvoll til Gulen, heilt ut til alle mærene, for å få det til. Det vert veldig spennande å sjå korleis det vil fungere. Vi trur det blir veldig bra. Slike prosjekt som dette generer òg meir teknologibaserte arbeidsplassar her. Eg synast det er viktig å kunne tilby ulike typar arbeidsplassar, seier Braanaas.

Oppmodar Sogn og Fjordane til å kjempe

Han håpar at Sogn og Fjordane vil satse meir på kysten. Han er redd fylka i sør og nord vil jafse over marknadar som Sogn og Fjordane eigentleg kunne fått, om ikkje noko skjer.

– Halvparten av fisken som vert produsert i fylket, går ut over fylkesgrensa for foredling. Viss vi hadde hatt ein sterkare kyst og eitt maktsenter her på kysten i fylket, ville det vore lettare å skape fleire arbeidsplassar, seier Braanaas.

Han oppmodar næringsliv og politikarar om å kjempe meir for kysten.

– Om Sogn og Fjordane skal vere noko meir enn ein nasjonalpark, må politikarane vere flinkare til å legge til rette for innovasjon og skaping av arbeidsplassar. Vi treng òg ein betre infrastruktur langs kysten. I dag er det heilt forhistorisk. Straks du passerer fylkesgrensa går vegen austover. Kva har no eg i Våtedalen å gjere, det er då ingen kystveg, seier Braanaas.

Draumen om å skape

– Kva er det som driv deg som gründer og leiar?

– Eg ønskjer å skape ting, få ting til å henge saman og fungere. Når eg får til det, kjem økonomien som ein konsekvens av at ting fungerer. Eg likar å heile tida ha nye prosjekt og er ikkje fullt så glad i drift. Eg knyt til meg dyktige medarbeidarar som er driftige, løysingsorienterte og tek ansvar.

Idear og det å skape noko nytt er ikkje noko han avgrensar til fiskeoppdrett. Å hente den underkjente Olav-statuen til Skjerjehamn var til dømes ein slik idé. Det var ein festdag då den vart avduka i ruskevêr sommaren 2007. No arrangerer dei Utkantfestivalen på Skjerjehamn og Braanaas har vekka skikkeleg liv i den gamle handelsstaden.

Potetland og sauer

Å bu på ei lita øy, var ein annan idé. No har han budd på Svinøya i snart 15 år. Der har han drivhus, potetland og sauer.

– Eg likar veldig godt å gjere praktisk arbeid. Eg er meir praktisk av meg enn teoretisk. Om du er ute og grev ein heil dag, ser du resultat med ein gong. Om du er inne ein heil dag og skriv e-postar, kjennest det ut som om du ikkje har gjort noko.

Han har ikkje faste arbeidstider, men er alltid på jobb. Om han får ein idé midt på natta, står han opp og gjer noko med det. Utfordringar må løysast. Det nyttar ikkje å ligge og gnure på dei.

Den dyre vanen

Ferie er nesten eit framandord.

– Du er ikkje ein slik riking som reiser til Bahamas på ferie?

– Nei. Eg har vore på Sydentur ein gong, til Tunis. Då vart eg skamsjuk og fekk mageonde, så eg måtte reise heim. Eg reiser aldri meir på noko slikt, seier Braanaas.

– Men eg har vore ei veke på ferie i år då. I Brattfjord, ein gudsforlatt plass i Steigen. Foreldra mine har eit lite småbruk der, sånn med utedo og utan innlagt vatn. Der gjekk vi på fjellet i ei veke.

– Eg las at du var fylket sin einaste milliardær. Du verkar ikkje som milliardærar flest. Har du rett og slett ingen milliardærnykker? Noko du kan avsløre for oss?

– Nei, eg har ikkje det. Eg er ikkje så oppteken av status.