Miljøpioneren

Sogn og Fjordane fløymer over av vatn og vasskraft. Kombinasjonen av H2O og KWh blir det grøne gullet, meiner Elisabet Kjerstad Bøe. Så sterk er ho i trua, at fjordfylket har blitt ein pioner.

Tekst og foto: Arve Sandal

Når eg set meg i bilen hennar på Bjørvikstranda ved Dalsfjorden, dukkar eit kjent sitat frå Piet Hein opp i skallen. Eg har nettopp fått synfaring i plusshuset til Elisabet Kjerstad Bøe og Håvard Korsvoll. Dei har solceller på taket, fjordvarme i golvet og trefiberisolasjon i veggane. På tunet står ein elbil og på mobilen ligg appen til Førde-bedrifta Tibber, som viser produksjon og bruk av straum i privathuset.
Eg har aldri vore inn i eit slikt hus før, naturleg nok sidan det truleg er det første i sitt slag i Sogn og Fjordane. Når vi set oss i bilen på veg til Bergen og hydrogenseminar, er eg nysgjerrig på kva som sette nybyggarane i gang?

– Vi er miljøengasjerte teknologioptimistar begge to, svarer Elisabet og får meg til å tenke på gruket til Piet Hein:

«Pessimistene er jo de reneste tåper, de tror det motsatte av hva de håper.
Nei, optimister som livet beror på, er de som tør håpe på det som de tror på.»

Miljøpioneren fartar fylket og landet rundt og misjonerer for produksjon og bruk av hydrogen som drivstoff. Elisabet Kjerstad Bøe har gjort Sogn og Fjordane til eit føregangsfylke.

Handlekraft

Elisabet og Håvard imponerer meg. Dei trur på ei grønare og meir berekraftig framtid og omset håpet til handling. Dei har jamvel laga livsløpsanalyse for materialane dei har valt og trur det meste skal stå seg i 100 år.

– Det var aldri tvil om at huset vårt på heimegarden til Håvard skulle bli eit miljøhus. Det vi var usikre på då vi gjekk i gang for fem år sidan, var korleis vi skulle gjere det og kva løysingar vi skulle velje. Huskatalogar sa lite om plusshus, vi måtte leite og lese oss opp før vi enda på massiv tre i veggar og tak, solceller på taket, varmepumpe knytt til fjordvarme, automatisk energistyring og kanskje ein liten vindturbin på haugen med tid og stunder. Året sett under eitt brukar vi nok framleis meir straum enn vi produserer, men neppe meir enn ein femtepart av konvensjonelle hus, forklarar Elisabet i det vi passerer kaia på Bjørvikstranda.

Der ligg ein halvferdig forsyningsbåt for oljeindustrien i opplag. Eit bilde på vår dalande, fossile tidsalder? Eit bilde på at vi står på terskelen til ei ny og grønare tid?

Misjonsferd

Kvinna ved rattet er eit levande bevis på tidsskiftet. Ho er reine misjonæren for noko så trivielt som gassen hydrogen. Ho har gjort misjonsgjerninga til yrke og fått ja frå arbeidsgjevaren sin, fylkeskommunen, til å opprette og leie eit utviklingsprosjekt med namn Hydrogenregion Sogn og Fjordane. Heile veka er ho på farten rundt i fylket og rundt i landet for å opne auga på oss alle for at hydrogen som energiberar er vinn-vinn for både miljø og næringsutvikling.

– Fylket har mykje overskotskraft. Eg trur at vi om nokre år brukar ein god slump til å spalte vassmolekylet H2O gjennom elektrolyse til hydrogen. Med hydrogen på tanken kjem berre vassdamp ut av eksosrøret. «Biproduktet» oksygen er det til dømes trong for i store mengder i oppdrettsnæringa.

Føregangsfylke

Misjonæren er i gang. Så sikker er ho i si sak, at flokken av trusfrendar blir større for kvar dag. Vi finn dei på skipsverfta, oppdrettsnæringa, energiselskapa, transportsektoren og industrien. Ja, så ivrig er denne dama i tenesta at Sogn og Fjordane blir sett på som eit føregangsfylke i tilrettelegging for produksjon og bruk av hydrogen som ved hjelp av brenselsceller kan erstatte eller supplere batteriet i elektriske fartøy og bilar.

Vestlandet som testsenter

Vi er på veg til Bergen for å møte «artsfrendar» i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal. Temadagen har som mål å meisle ut ein felles hydrogenstrategi for heile Vestlandet og gjere regionen til eit testsenter for hydrogenteknologi.

Før vi kjem dit, må vi over Sognefjorden og er så heldige at den stillegåande batteriferja Ampere ligg klar i Lavik. Det tek ikkje mange minuttane om bord før Elisabet spør ferjemannen om han har høyrt om hydrogenferjer? Han er ikkje heilt sikker og får ein liten leksjon om potensialet og satsinga til Statens Vegvesen om å ha ei hydrogenferje i drift innan 2022.

– Kult, svarar ferjemannen som er stolt av arbeidsplassen sin på den første utsleppsfrie ferja i Norge. På oppfordring ringer han maskinisten og spør kor mange kilowattimar dei brukar på denne turen til Oppedal. 200 får han til svar og kan dermed forsikre oss om at energiutgiftene til turen er berre nokre hundrelappar, i motsetnad til tusenlappane til diesel for dei to andre, konvensjonelle ferjene i sambandet.

Fakta om hydrogren

  • Hydrogen er ein fargelaus og brennbar gass.
  • Finst særleg i vatn, i olje og naturgass.
  • Hydrogen kan framstillast frå vatn gjennom elektrolyse. Vassmolekylet H2O vert spalta ved hjelp av straum til hydrogen, oksygen og varme.
  • Hydrogen, framstilt frå energikjelder som vasskraft, solceller og vindmøller, er ein utsleppsfri energiberar som kan nyttast til lagring av energi og som drivstoff i bilar, båtar og tog.
  • I brenselceller blir kjemisk energi i hydrogen omdanna til elektrisitet som igjen driv ein elmotor.
  • Hydrogen er 14 gongar lettare enn luft. Ein tank hydrogen for køyring i 50 mil veg under 10 kilo.
  • Ein bil som går på hydrogen slepp ut berre vassdamp frå eksosrøret.
  • Sogn og Fjordane og Akershus er føregangsfylke i å førebu produksjon og bruk av hydrogen.
  • Rema byggjer 20 hydrogenstasjonar innan 2020 på UnoX-stasjonar i dei største byane.

Liv og død

NRK Dagsnytt denne siste kvelden i mai varslar at president Donald Trump kjem til å trekke USA ut av den internasjonale klimaavtalen som 190 land har sagt ja til. Vi høyrer det igjen og igjen at verken dotter Ivanka, utanriksminister Tillerson, Tesla-gründer Musk eller dei største selskapa i USA får presidenten til å snu. Han vil gjere landet større ved å vende blikket bakover mot den forureinande fortida. Vi veit ikkje om vi skal le eller gråte.

– Eg kjenner meg meir motivert enn provosert. Eg trur Trumps avgjerd får fleire til å sjå at reversering av klimaarbeidet er absurd. Det handlar når alt kjem til alt om liv og død for komande generasjonar. Effekten kan bli ei mobilisering for klimaomstilling, lyder det lysegrøne håpet til Elisabet. Kvinna frå Stryn er fast i blikket. Ingen ting kan rokke ved hennar engasjement for klima og miljø.

– Den vart vekt under masterstudiet på NTNU i Trondheim. Til då hadde menneskerettar og likestilling oppteke meg mest. Eg er visst berre slik at der eg meiner det må gjerast ein innsats, der går eg inn med heile meg.

Hårete mål

For nokre år sidan var det samfunnsansvar i næringslivet som fekk henne til å reise fylket rundt på misjonsferd. Så vart ho klimakoordinator i fylkeskommunen, før ho tok mål av seg til å gjere Sogn og Fjordane til eit pionerfylke i produksjon og bruk av hydrogen. Ikkje akkurat noko puslete mål sidan det til dags dato ikkje er produsert eit gram til kommersielt bruk i fylket, teknologien enno er dyr og marknaden usikker.

Miljømisjonæren tek til motmæle og forklarar at elektrolyseteknologien, som er nærare 100 år gamal, blir stadig utvikla og billegare i bruk. Ho trur batteriet er suverent i personbilar og ferjer på korte strekningar, men at hydrogen på tanken kan bli eit viktig alternativ der det trengs store mengder energi som i hurtigbåtar, ferjer og skip til havs og langtransport på vegane. Engasjementet får ekstra glød når ho legg i veg om konkrete tiltak i heimfylket sitt.

– Eg har særleg tru på ein hydrogendriven hurtigbåt frå Brødrene Aa i trafikk mellom Måløy og Florø. Ein annan realistisk plan er å kople eit hydrogenanlegg til minikraftverket i Bjordal og produsere oksygen til smoltanlegget og hydrogen til arbeidsbåtane til Osland Havbruk. Vi ser også på om energi frå små vindmøller og solceller i Solund kan lagrast i hydrogen og bli eit alternativ til nye kraftlinjer. I tillegg er det diverse planar for hydrogenproduksjon i stor skala, til dømes i Årdal. Vi er i omstilling, den som ser det først, vil vinne. Min jobb er å gjere meg sjølv overflødig ved å få næringslivet og kommunane til å sjå og utnytte både nærings- og miljøpotensialet i hydrogen. Den dagen kjem, akkurat som vi no har heva standarden mange hakk for bruk av batteri i bilar og båtar.

Det er vel som med plusshuset Elisabet og Håvard brukte 5 år på å få reist på Bjørvikneset. Vi får til det vi vil, berre vi vil det nok.

Fakta om plusshus

  • Eit plusshus produserer meir energi gjennom levetida enn det brukar.
  • Solceller, varmepumper, vindturbin og kraftverk kan vere energikjelder i eit plusshus.
  • Solid isolasjon og varmegjenvinning er sentralt i eit plusshus.
  • Plusshus er kopla til straumnettet og kan hente og levere energi til nettet.
  • Nullhus brukar om lag like mykje energi som dei produserer.
  • Passivhus brukar om lag 25% mindre energi enn tradisjonelle hus.

Framtidstru

Neste dag møtest 40 «hydrogenfrelste» frå forsking, næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet til seminar i Bergen. Eg helser på Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han og stiftinga støttar hydrogenprosjektet til fylkeskommunen med nesten to millionar kroner fordi han trur vasskraftfylket kan skaffe seg ein framskoten plass i satsinga.

– Dessutan har eg stor sans for måten Elisabet jobbar på. Ho er metodisk til det keisame, kunnskapsrik og uthaldande. Det er slike eigenskapar som trengs for å løfte nye idear opp i dagen, er dei rosande orda frå Pål Fidjestøl.

Milliardvisjon

Vi høyrer fordragshaldarane snakke om eit hydrogenpotensiale verdt 10 milliardar kroner på Vestlandet. Visjonen er 20 ferjer, 100.000 bilar, mange bussar, lastebilar, traktorar og oppdrettsbåtar som går på hydrogen i 2025. Ein av talarane viser bilde av lastebilens svar på Tesla, Nikola One, som kan køyre 190 mil utsleppsfritt på ein tank hydrogen. På mjølketanken står logoen til Tine som har tinga tre bilar for utprøving. Elisabet dyltar meg i sida.

– Eg har sagt til meieristyrar Torkild Heieren på Byrkjelo at dei må få ein. Hadde det ikkje vore kult om mjølkebilen frå Breim køyrde utsleppsfritt rundt på hydrogen frå Byrkjelo Kraft?

Alt startar med ein draum og ei brennande sjel, tenkjer eg og høyrer Elisabet frå talarstolen snakke om dei planlagde hydrogenprosjekta i fylket, forsking som er i sving og faglege nettverk som blir bygt rundt om i kommunane.

– Potensialet er stort, seier ho og viser til 44.000 tonn CO2-utslepp frå dagens, fylkeskommunale buss og båtruter berre i Sogn og Fjordane.

Tenk om

– Tenk om all denne transporten kan bli utsleppsfri ein vakker dag med batteri eller hydrogendrift, spør Elisabet Kjerstad Bøe før ho fyk vidare til Oslo for å vere med på presentasjonen av den prisløna hybridbåten «Vision of the Fjords» for deltakarane på messa Nor-Shipping. Ho er mildt sagt fasinert av flaggskipet frå reiarlaget The Fjords og Brødrene Aa som alt har sett i produksjon eit søsterskip på rein batteridrift.

– Tenk deg opplevinga på Nærøyfjorden i ein stille båt som går på energien frå fossane oppe i fjellsida. For eit produkt, for ein visjon, strålar teknologioptimisten frå Stryn og Bjørvikstranda.