Lydkvalitet i verdsklasse

Kvart år kjem nye utfordringar: Å gje gode lydopplevingar frå instrument ein knapt har høyrd om.

Tekst: Astri Knudsen Foto: Oddleiv Apneseth, Arve Ullebø og Geir Birkeland

– Is-instrumenta i 2016 – dei var spesielle. Det er nok dei særaste instrumenta vi har jobba med, fortel lydteknikar Henrik Lethigangas.

Lethigangas har ansvaret for lyd og lys under Førdefestivalen, eit ansvar prosjektleiaren ser på som den heftigaste jobben han gjer kvart år. Over 300 artistar frå heile verda fyller Førde med musikk i fem dagar. Artistar som skal ha lyd og lys på over 30 musikkarenaer.

Ikkje berre er det ein logistikk som krev sitt, det er eit arbeid som byr på unike lydoppgåver – sjølv for ein lydteknikar. Kvart år kjem det artistar med instrument ein knapt har høyrd om, instrument som spreier ukjende rytmar og lydar.

Det vil seie, etter ni år som lydteknikar under Førdefestivalen og ein del timar på Google, trudde 31-åringen at han hadde kontroll på dei fleste instrumenta i verda. Før han møtte på is-instrumenta til nordmannen Terje Isungset.

«Dei ulike laga, teksturen og dei utanomjordiske lydane gav ei oppleving av å høyre nordlyset. Strålande og vakkert, men unnvikande.»
– Simon Broughton, musikkmagasinet Songlines.

Fakta Førdefestivalen

  • Største festival i Skandinavia for folke- og verdsmusikk.
  • Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin beskyttar.
  • Arrangert sidan 1990.
  • Nesten 32.000 besøkande i 2016.
  • 300 artistar.
  • 30 ulike arenaer.
  • 350 frivillige, 3500 dugnadstimar.
  • Dato for 2017: 5.-7. juli.
  • National Geographic Travel sin topp-sju-liste over anbefalte europeiske festivalar (2015).
Førdefestivalen

Fagfolk ved roret

– Det er eine og aleine gode fagfolk rundt meg som gjer leveransen på lyd og lys så god. Du treng berre ein teknikar som ikkje gjer jobben sin, så kan det øydeleggje alt, påpeikar Lethigangas.

Mange festivalar har to eller tre scener. Førdefestivalen har meir enn 30. Nokre arenaer er store, andre små. Men alle skal ha lydutstyr. Det må eit mannskap på 19 teknikarar og ein prosjektleiar til, og 35 tonn med utstyr. Mannskapet er innleidde frå lyd- og lysleverandøren Bary, så dei har 448 kilometer i bil frå Fetsund til Førde – kvart år. Men tenk deg, dei har aldri feila.

– Ikkje som eg hugsar i alle fall. Vi er nesten same gjeng kvart år, ein gjeng som blir betre og meir rutinert. Logistikken går smidigare, noko som òg er takka vere profesjonelle folk på alle kantar.

Det gjer at lydteknikarane kan levere lyd i verdsklasse. Noko som er viktig når ein skal gje folk spektakulære opplevingar. Slik Førdefestivalen ønskjer.

– Folk kjem til oss etter festivalen og seier at dei ikkje kunne førestille seg at opplevingane skulle vere så bra. Dei skal glede, røre, overraske og utfordre. Artistane og opplevingane du får på festivalen, skal du berre kunne få i Førde. Dei skal vere unike, fortel Torill Faleide, kommunikasjonssjef ved festivalen.

Førdefestivalen
Førdefestivalen

Meir enn musikk

Takka vere ein kunstnarleg direktør, finn artistar frå dei mest utrulege plassar i verda, vegen til Sogn og Fjordane. Lethigangas fortel at han undrar seg over korleis dei får til den unike samansetninga. Han er fascinert.

Artistane er ikkje berre unike kvar for seg. Førdefestivalen klarar å gjere dei unike saman òg. Dei set opp produksjonar og framføringar som er så mykje meir enn ein konsert. Mykje er takka vere mannen som står for produksjonane i Idrettshallen. Hallen som blir omskapt til ein profesjonell konsertarena for festivalen og tek rundt 2000 publikumarar.

– Min jobb er å sy saman fire produksjonar i Idrettshallen, deriblant opningsshowet. Dette er ein slags høgdepunkt-versjon som skal spegla resten av festivalen. Det er fokus på det visuelle, der vi nyttar både video, grafikk, bilde, lys og lyd, forklarar produsent Erlend Hagen.

Hagen er ein alminneleg mann frå Ål, som ikkje har noko særskild interesse for folkemusikk. Ikkje veit han heilt kvifor han hamna på Førdefestivalen første gong for ni år sidan, men han veit godt kvifor han stadig kjem tilbake.

– Festivalen er bygd opp stein på stein i løpet av 26 år. Det eg gjorde for ni år sidan, er ein flau bris samanlikna med det staben får til i dag. Det har vore ei reise, noko vi har lukkast med. Det gjer det til ein spesielt artig jobb, seier Hagen.

Førdefestivalen

Vil ha festivalen på CV-en

Han veit at festivalen alltid vågar å satse, og har vilje til å løfte og utvikle seg. Dei var tidleg ute med å prioritere kvalitet og har alltid tatt artistane seriøst. Dei skal møte ein profesjonalitet, bli varta opp og verdsette. Ikkje berre av dei som jobbar rundt festivalen, men òg av publikum.

– Det gir eit høgt nivå, uansett kva arrangement eller festival du samanliknar med, meiner Hagen.

No ønskjer verdskjente artistar seg til Førde. Dei vil ha festivalen på sin CV. Dei tek kontakt og ber om å få komme. Men dei får berre komme ein gong. Dei blir svært sjeldan inviterte tilbake.

– Det er konseptet vårt. Det skal vere noko nytt kvart år. Til 25-årsjubileet i 2014 inviterte vi nokre tilbake til «gjensynsglede», men det skjer berre ved spesielle høve, fortel kommunikasjonssjefen.

Dette gjer at Førdefestivalen i dag har husa 6000 musikarar frå heile verda i løpet av dei 26 åra den har eksistert. Det er noko som kan gjere einkvar førdianar stolt.