Living lab for klimaforsking

Brear som smeltar, fjell som rasar og flaumar som raserer. Forskarane i Sogn er både oppglødde og skremde. Dei bur midt i eit laboratorium av klimaendringar.

Tekst: Astri Knudsen Foto: Alf Vidar Snæland, Bård Basberg

– Eg er skremd over kva spor dei enorme vassmengdene la igjen i Utvik i sommar. Det viser kor dagsaktuell klimaforskinga er, seier Halvor Dannevig, forskar ved Vestlandsforsking.

Øydeleggingane i Utvik sommaren 2017 er eit av dei nyare eksempla på kva klimautfordringar vi står overfor. Enorme vassmengder isolerte innbyggarar, gjorde dei både straum- og vatnlause, øydela vegar og tok med seg heile bygningar nedover elva.

– Prognosane sa at nedbøren burde ha auka med fem prosent i Noreg dei siste 100 åra. Han har auka med 20 prosent. Det er fire gonger høgare enn anslått, noko som kan bety at det blir heftig i framtida, seier Dannevig, som har klimatilpassing som fremste forskingsområde.

Regionssjefen i NVE er heller ikkje tilbakehalden i sin spådom:

– Utvik viser eit vêrfenomen vi forventar fleire av framover. Ekstreme nedbørsmenger som er så intense både i styrke og tid, at det tek med seg alt på sin veg. Det er heilt annleis flaumane vi er vane med – der det er vedvarande regn i mange dagar. Dette er ekstremt lokalt. I Utvik kunne ein stå tørrskodd i sentrum og sjå på regnet lenger oppe i bakkane, seier Brigt Samdal.

Ein «living lab»

Samdal og Dannevig jobbar begge med vêrfenomen og vert skremt av kva dei vitna i Utvik.

– Som klimaforskar tenker eg ein del på all usikkerheita klimaforandringane bringar med seg. Vi kan modellere det som har skjedd, men kvar vil skje i framtida? Vi klarer ikkje å sjå kor ille det kan bli, påpeiker Dannevig.

Forskaren har klimatilpassing som fremste forskingsområde, med bakgrunn i CICERO Senter for klimaforsking. I 2011 tok han med seg kona og flytta til Sogn for å kombinere jobb ved Vestlandsforsking og tindevegleiar i Bre og fjell. Heimadresse i Sogndal gir 39-åringen klimautfordringar på nært hald.

– Å bo slik gir oss ein «living lab». Vi kan studere klimaendringane på nært hald og sjå korleis dei blir handtert. Brear som smeltar, elver som veks og øydeleggingar av flaum. Det gjer forskinga meir aktuell og spennande, samtidig som det er skremmande å føle endringane så tett på kroppen, seier han.

Unikt samarbeid i Sogn

Dannevig trur at kunnskapsdeling er betre på små plassar. Ein fordel er at det ein forskar på, ofte er høgaktuelt for lokalsamfunnet. Folk bryr seg og journalistane er ikkje treige med å ringe ved ekstremvær eller andre synlege klimaendringar.

– I tillegg til å kjenne klimaforandringane på kroppen, kjenner vi kvarandre i miljøet. Eg veit godt kven gjengen i NVE og Fylkesmannen er, og kan fort få tilgang til meir kunnskap.

Halvor Dannevig

Halvor Dannevig, forskar i Vestlandsforsking

Aktuelle prosjekt hos Vestlandsforsking

  • Samhandling for grønt skifte (Finansiert av Regionale Forskningsfond Vestlandet og Sogn og Fjordane Fylkeskommune).
  • Adapting Coastal Zone Management to Ocean Acidification – ACIDCOAST (Finansiert av Forskningsrådet, ledes av Vestlandsforsking).
  • AdaptationConnect: Combining Old and New Knowledge to Enable Conscious Transformation to Sustainability (Finansiert av Forskningsrådet, ledes av Universitetet i Oslo mfl).
  • Potential for transformation in the primary Industries – PITCH (Finansiert av Forskningsrådet, ledes av Nord Universitet).
  • Husholdningers villighet til å redusere utslipp av klimagasser – HOPE (Finansiert av Forskningsrådet og en del av Joint Program Initiative i EU).

Kunnskapssenter

Det eksisterer i dag eit Klimaforum i fylket som held dialogmøter, gjennomfører enkeltprosjekt, og arrangerer ein årleg nasjonal konferanse om klimatilpassing. Nå ønskjer Vestlandsforsking å etablere eit nasjonalt kunnskapssenter på klimatilpassing, saman med mellom anna Høgskulen på Vestlandet.

– Det er eit aukande behov for kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg forventa klimaendringar. Dette kan gjerast både med forsking, undervisning og ved å formidle relevant kunnskap til verksemder, forklarar Carlo Aall, forskingsleiar ved Vestlandsforsking.

Forskaren er ein av pådrivarane for å få på plass eit kunnskapssenter i Sogn og Fjordane. Det eksisterer allereie mykje kunnskap her, og fylket har potensialet til å fungere som ein ”living lab”.

– Sidan 2010 har vi aleine opplevd klimarelaterte naturskadar for 300 millionar kroner i fylket. Det tyder på at vi bur ein plass der vi er tett på konsekvensane klimaendringar har på natur og samfunn. Vi ønskjer difor å mobilisere betre kunnskap om kva tiltak samfunnet kan sette i verk for å møte desse konsekvensane.

– Det avgjerande er sjølvsagt å redusere utsleppa av klimagassar. Men sjølv om alle utsleppa vert fjerna i dag, vil samfunnet måtte tilpasse seg klimaendringar utløyst av dei utsleppa som alt har skjedd. Dei menneskeskapte klimaendringane er ei tung skute som det er vanskeleg å stoppe, fortel Aall.

Sogn og Fjordane tidlig ute

Ein fordel med å bu i eigen lab, er at ein vert flinkare til å ta forhandsreglar. Då nytt kaianlegg i Florø skulle byggast på 2000-talet, ble det tatt høgde for endå høgare stormflo enn det som då vart rekna som «normalt», sjølv om det ikkje var krav om dette den gongen.

– Det gjorde at kaianlegget tålte ekstremværet Dagmar i 2011. Hadde det ikkje vore gjennomført ein så grundig risikoanalyse, hadde ikkje kaianlegget overlevd, fortel Halvor Dannevig.

Det viser korleis fylket har vore raskare på banen enn nasjonale myndigheiter med å tenke klimatilpassing. Mykje er tatt opp i nasjonale lover og reglar i dag, men mykje kan verte ennå betre. Dette er noko av det Vestlandsforsking jobbar med, å rettleie kommunar med klimatilpassing i arealplanlegging.

– Vi er klemt mellom hav som skal stige, fluamskred, steinsprang, jordskred og større flaumar. Mange bur på plassar med vatn i nærleiken. Vi har mange utsette busetnadar i Noreg, noko Utvik er eit eksempel på. Dette må vi ta betre høgde for i framtida, seier Dannevig.

Nytt kunnskapssenter: Halvor Dannevig, Torunn Hønsi og Carlo Aall er forskarar ved Vestlandsforsking, og jobbar for å få etablert eit nasjonalt kunnskapssenter på klimatilpassing. FOTO: Bård Basberg.

Vestlandsforsking

Kan auke miljøgiftproblemet

Ei nyleg gjennomført studie avslører eit så langt oversett klimaproblem. Klimaendringane kan auke miljøgiftproblemet.

– Nokre veker før hendinga i Utvik, var vi i Stryn kommune for å kartlegge lokalitetar som kan innehalde miljøgifter. I Innvik fann vi syv nye lokalitetar som ikkje var lagt inn i registeret for grunnforureining. Dei ligg slik til at ekstremnedbør og flaumhendingar i Innvik kan vaske ut fyllingane og føre til ureining og frigjering av miljøgifter, fortel Torunn Hønsi, som leia dette prosjektet ved Vestlandsforsking.

– I ettertid ser vi at om hendinga i sommar hadde komen litt lengre inn i fjorden, og ramma Innvik i staden for Utvik, ville vi ha fått eit miljøgiftproblem på toppen av skadane på bygningar og anna infrastruktur.

For snille prognosar

Regionssjefen i NVE meiner modellane ein så langt har lagt til grunn for framtidige prognosar, har vore for snille. Norsk Klimaservicesenter lagar kontinuerlege klimaprofilar for alle fylker i Noreg, i håp om betre sikring mot ekstremværet i framtida.

– Desse nye klimaprofilane er eit veldig godt utgangspunkt for kommunar og regionale myndigheiter til å kunne jobbe med klimatilpassing. Liknande profilar har eksistert i fleire år, men det har ikkje vore nytta godt nok. Det har gradvis endra seg, og her i fylket har vi vorte flinke til å jobbe med klimatilpassing, seier Samdal.

– Kjem finansieringa i orden, vil vi ha eit nytt kunnskapssenter i Sogn i løpet av neste år. Då skal vi, saman med gode partnarar, bli ledande på berekraftig klimatilpassing både nasjonalt og internasjonalt, legg Carlo Aall til.