Laksegourmeten

Gro Tveit Sveen hadde budd sju år i Oslo, då ho plutseleg fekk akutt heimlengsel til Svanøy.

Tekst: Kristine Askvik Foto: ©Eikeseth Nygjerd Fotografi

– Etter at vi fekk vårt første barn, fann vi ut at vi ville heimover. Det var ikkje eingong plass til vogna i oppgangen der vi budde. Plutseleg var ikkje det vi likte med Oslo så viktig lenger. Vi ville vere nærare familiane våre, seier Gro Tveit Sveen (34).

Frå tanke til handling på to veker

Frå paret fekk ideen om å flytte heim, til dei flytta, gjekk det berre 14 dagar. To veker gammal flytta dottera Andrea med foreldra sine vestover sommaren for snart ti år sidan.

– Vi flytta raskt då vi tok valet, ler Sveen.

30 år med laks

Gro og søstera Silje er oppvaksne på mærkanten. Dei er medeigarar i familiebedrifta Marø Havbruk, som er eit av dei få lokaleigde oppdrettselskapa som er igjen i Norge. Foreldra hennar starta med lakseoppdrett på Svanøy på 80-talet, deretter var dei med å opprette foredlingsverksemda Svanøy Røykeri i 1992. I 2005 vart dei andre aksjonærane kjøpt ut, så no er begge verksemdene reine familieverksemder. Ei historie Sveen er stolt av.

– Eg hadde ingen livslang plan om å jobbe i familieverksemda. Då eg flytta tilbake til Svanøy, hadde eg faktisk ikkje jobb. Eg var i permisjon, og eg tenkte det ville ordne seg, seier ho.

Det gjorde det. Då det nærma seg desember det året, var det trong for ekstrahjelp på røykeriet. Sveen tok jobben og sto på frå morgon til kveld i den mest travle tida for verksemda.

– Etter å ha byrja der som ekstrahjelp, vart eg berre verande, seier ho.

Kvalitet i fokus

Ni år seinare er ho dagleg leiar ved Svanøy Røykeri og har tre faste tilsette. I dei sju åra ho har leia bedrifta, har dei investert i nye praktiske produksjonslokale, utvida produktsortimentet, og dobla omsetnaden i selskapet. I 2015 omsette dei for 3,8 millionar kroner, mot 1,7 millionar i 2007.

– Målet vårt er å auke med mellom ti og 15 prosent i året. Vi er ei lita verksemd, og sidan vi gjer alt for hand, kan vi ikkje auke så raskt. Då vil det gå utover kvaliteten. Vi ønskjer å gjere ting tradisjonelt, som å nytte sjølvplukka einer og urter frå Svanøy. Det er det som gjer oss unike. Auken i omsetnad vi har hatt no, er god, seier Sveen.

Gro er utdanna kokk og konditor, og sit med brei kunnskap om å lage gode smaksopplevingar. Både i 2012 og 2016 var røykelaksen frå Svanøy Røykeri finalist i den prestisjetunge konkurransen ”Det norske måltid”, og dei er så langt den einaste matprodusenten i Sogn og Fjordane som får lov til å nytte merkevara ”Spesialitet” frå Matmerk på sine produkt.

Heile verdikjeda

Laksen kjem hovudsakleg frå eiget oppdrett, og dei fleste råvarer til røyking og marinering finn ho lokalt på øya. Ho plukkar einer, ramsløk, pors sjølv, og er oppteken av å kjenne heile verdikjeda til produktet ho sel. Medan ho styrar Svanøy Røykeri, leiar foreldra hennar Marø Havbruk. På den måten samarbeider dei tett på eigarsida, samstundes som dei har klare ansvarsområde.

– Vi går ikkje oppi kvarandre i kvardagen, og det er positivt. Samstundes veit eg at eg alltid har nokon eg kan diskutere utfordringar med, seier Sveen.

Vekependlar med familien

Dei første åra budde dei berre på Svanøy. Men sidan barnehage og skule er nedlagt der, vart det tungt å pendle for ungane. No bur dei i Florø i vekedagane og på Svanøy i helgane. Sveen pendlar frå Florø til Svanøy på jobb kvar dag.

– Båtpendling er fantastisk. Du kan både lese, sove, jobbe og slappe av. Dette er noko heilt anna enn å stå i stilleståande bilkø i Oslo. Eg er veldig nøgd med valet om å flytte, slik at eg kan bruke kompetansen min på Svanøy!