Kveitegründeren

På restaurantar i Oslo, Trondheim, Bergen, England, Frankrike, Tyskland og Østerrike kan du nyte kveite frå Glitne og Sognefjorden.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Arve Ullebø

– I går fekk vi ein telefon frå ein kokk i Østerrike. Han trengte kveite til neste helg. Det skal han sjølvsagt få, seier dagleg leiar Jan Brekke i Glitne, og ser på dei 20 000 kveitene som svømmer rundt i anlegget hans. Snart skal fisken også verte tilgjengeleg i nokre utvalde butikkar.

Meir fruktbar med kveite

Kveite er myteomspunnen og omtala som ein heilag fisk i Norge og Skandinavia. Det seiast mellom anna fisken kan vere bra for fruktbarheit. No vil Glitne spreie både mytane og kveite til heile verda.

– Dette er ei delikatesse. Sjølve strukturen på fiskekjøtet er veldig tett og fin, og smaken er god. Kveite er ein av få kvitfisk som kan brukast til sushi på grunn av strukturen. Vi har laga eit veldig fint produkt frå Sogn og Fjordane. No skal vi vise verda kor bra det er, seier Brekke.

I dag er det totalt 11 tilsette i verksemda, inkludert dei som arbeider på settefiskanlegget kor Glitne er deleigarar.

Arven frå bestefar

Men det starta heilt i det små, då Brekke berre var 12 år gammal. Familien Brekke hadde halde på med oppdrett av laks og aure. På 80-talet begynte bestefaren hans å undersøkje om det var mogleg med kveiteoppdrett.

– Bestefar oppdaga ein måtte å hente vatn frå djupet av fjorden. Det var jo der kveita levde i fjorden, seier Brekke.

Som tenåring fekk han vere med å hjelpe til. Først fiska han stamfisk. Så fekk han prøve å stryke stamfisk. Det skjer ved at gyteklar fisk vert bedøvd, og at ein “stryk” rogn og mjølk ut av fisken. Deretter blandast dette for befruktning.

Ingen småfisk

– Stryking av kveite må gjerast på ein heilt spesiell måte. Det kan vere store fiskar som er utfordrande å handtere. Dei kan vere opp mot 150 kilo. Det krev mykje erfaring og kunnskap for å gjere strykinga rett, seier Brekke.

Etter ei stund la bestefaren prosjektet på is, men barnebarnet slutta aldri å tenkje på korleis dei kunne byggje opp ein business rundt kveiteoppdrett. Korleis dei kunne få det til.

I 2007 oppretta han verksemda Sogn Aqua saman med to kompanjongar. Dei laga tankar på land som dei fylte med vatn frå djupet av fjorden og starta oppdrett av kveite. Med Innovasjon Norge og Høyanger Næringsutvikling i ryggen kunne dei gå i gong.

– Det gjeld å etterlikne det habitatet dei har i fjorden mest mogleg. Fisken skal få minst mogleg stress og få heilt same type vatn, lys og temperatur som i fjorden, fortel Brekke.

Sidan då har verksemda utvida med eit større landanlegg i Ortnevik, i tillegg til at dei er med på eigarsida på eit yngelanlegg i Brekke.

Store kostnadar

Etter snart ti år i drift har det vore store investeringskostnadar, utan at dei har klart å tene like mykje.

– Vi hadde aldri klart dette utan å ha aksjonærar, Innovasjon Norge, Sparebanken Sogn og Fjordane og Høyanger Næringsutvikling med på laget. Dei har hatt trua på oss heile vegen. Det har vore heilt avgjerande. Dette er langsiktig arbeid og ein må ha tolmod, seier Brekke.

– Kva driv deg som gründer?

– Eg tenkjer på det her heile døgnet. Ein vert besett av tanken på å få det til. Kvar dag gjeld det å nøste vidare og finne dei gode løysingane. Eg synest det er veldig inspirerande.

Etter utbygging i Ortnevik, skal dei opp mot tidoble produksjonen av kveite. Snart skal nye marknadar erobrast. USA er neste ut. I tillegg til intensivering av sal i Noreg, Sverige, Tyskland, Storbritannia og Japan.

Miljøvenleg drift

Brekke er oppteken av at verksemda ikkje set spor i naturen. Det vert ikkje utslepp verken på land eller i fjord.

– Vi ønskjer å vere miljøvenlege. Difor har vi til dømes sterkt fokus på kva for material vi brukar. Heile produksjonen og alt vi driv med skal vere miljøvenleg. At vi ikkje set nokon avtrykk synest vi er litt tøft, seier Brekke.

Frå fisken vert til, til den kjem på matbordet i ein restaurant ein stad i verda, tek det kring fem år. Dei største fiskane vert opp mot 15 kilo.

I løpet av dei fem åra er fisken først i yngelanlegget i Brekke, deretter i settefiskanlegg i Slantevika før den vert frakta til matfisk-anlegget i Ortnevik. Deretter vert den køyrt til slakteriet i Brekke.

– Derifrå kan vi køyre ut i heile verda. Vi berre følgjer etter laksen, seier Brekke.