Kortreiste dropar

Lokal, ureist mat har for lengst erobra restaurantar og butikkar i Sogn og Fjordane. No kjem også drikkevarene frå naboen.

Tekst og foto: Kristine Folland

På garden på Hauge i Gloppen er SynnøveVik Bergstad i gang med å hauste årets eple. Eple som snart skal pressast til most og deretter destillerast til eplelikør og eplebrennevin. På magen har ho fem månader gamle Emil i beresele.

For fem år sidan sa ho og mannen, Jann Vestby, opp gode jobbar i Oslo og tok over odelsgarden til Synnøve. Til dagleg jobbar ho som laboratorieleiar i Tine Meieriet Byrkjelo, medan Jann jobbar i Nordsjøen som boreslamsingeniør. Begge er utdanna sivilingeniørar i kjemi.

– Heilt sidan vi bestemte oss for å overta garden, har vi leika med tanken om å starta eit brenneri – å kombinere kunnskapen vår med råvarene på garden.

Gloppen: Jann Vestby og kona Synnøve Vik Bergstad med sonen Emil har utvikla eplebrennevin-serien Attåt.

Dobla salet

Med støtte frå Innovasjon Norge starta ein treårig prosess med formelle søknader for å få lov til å lage brennevin og opprette bedrifta Gardsbrenneriet AS. 5. desember 2013 var tillatelsen i boks, og 4. september 2015 var dei første varene på plass i hyllene på Vinmonopolet.

– Jobben i Nordsjøen gjorde det muleg å realisere prosjektet så fort. Hadde eg ikkje hatt fire veker heime i slengen, samt trygge økonomiske rammer, hadde ikkje det vore mogleg, fortel Jann.

Dei første tre vekene eplebrennevinet var i sal, selde dei for 70 000 kroner. Målsetjinga var å selje 500 flasker før jul. Dei selde over det dobbelte.

– Responsen har vore overveldande. Eg er lettare sjokkert over at det har gått så bra så fort. Kapasiteten vår er sprengd, og vi klarar så vidt å produsere og levere nok.

– Vi har utvikla ein prosess, som gjer at fruktsmaken vert dominerande. Det er kjenneteiknet på Attåt-serien, legg han til.

Balestrand: Åge Eithungjerde testar ein ny batch med musserande. Smaken må vere heilt korrekt.

Ciderhusdropar

– Hysj! Vi må ikkje vekke dei.

I den innste kvelvkjellaren i Ciderhuset til bedrifta Balholm i Balestrand kviskrar Åge Eithungjerde med mjuk stemme til eplebrennevinet i eiketønnene bakerst i lokalet.

– Viss dei vaknar, pleier eg å syngje for dei for å roe dei ned. Men dei har litt spesiell musikksmak. Dei likar berre gregoriansk messesong.

Rolege tonar kling i det vesle lokalet, berre opplyst av seks stearinstumpar.

Balholm kan i dag skilte med ei rekkje edle produkt; Sogn Aqua Vitae, Solbærgrappa. Bringebær eau-de-vie, fatlagra plomme- og epledrammar og dessertvinar. I september lanserte dei også tre nye cidrar – eple-, pære-, og bærcider.

Ciderhuset har allereie ein lang cidertradisjon. Bestefar Andreas Eithungjerde planta ut dei første epletrea i 1922.
I kjellaren hadde han alltid eiketønner med eplecider og plommevin. Ein tradisjon som no er teken opp att.

– Eg ville skape ein cider til mat, eit alternativ til øl og vin, fortel Åge, som er cidermakar og destillatør i Balholm.

Svensk skvip

Utanfor ciderhuset er det ein skog av epletre. Som den einaste i Norge importerte han for 15 år sidan kvistar med cidereple frå Normandie i Frankrike og Summerseth i frå Storbritannina. Bitre, nesten ikkje-etande eple, men perfekte til cider. I tillegg har han over 100 sortar ulike fruktslag – eple, pære, kirsebær, aprikos, fersken, drue, kvede og mispel. Alle råvarene vert nytta i cider, dessertvin og fruktbrennevin.

– Vanlege eple er søte. Det er desse ein får i butikken. Søtsmaken sit langt framme på tunga, og gjer at vi opplever eplet som søtt og godt. Bittersmaken sit heilt bak på tunga og ned i svelget. Å bruke bitre eple sikrar ein god og lang ettersmak på cideren.

Og då er det ikkje snakk om svensk boks-cider. Den har han lite til overs for.

– Skvip. I Frankrike ville ein aldri få lov til å kalle det cider. Heller ikkje i Balestrand. Ein god cider skal lagast på fruktmost, og ikkje overdyngast med sukker.

På eit godt år haustar han 5-6 tonn eple frå eigen hage, resten får han frå gardar i Sogn, Nordfjord, Hardanger og nokre på austlandet. Kvart år går det med ca 400 tonn eple til å produsere produkta til Balholm.

«Folk handlar drikkevarer internasjonalt, og vi konkurrerer mot italienske 
og franske vinar. Så vi må vise fram kva kvalitet vi har her i Sogn.»
– Åge Eithungjerde – Dagleg leiar, Balholm

Internasjonal konkurranse

Lokal mat har fått ein viktig oppsving, der fleire og fleire verdset og er villige til å betale for kortreiste smakar.

– Lokalmat har fått eit veldig løft, nærmast ein matrevolusjon dei siste åra. Drikkevarer har hengt etter. Folk handlar drikkevarer internasjonalt, og vi konkurrerer mot italienske og franske vinar. Så vi må formidle kva kvalitet vi har her i Sogn, seier Eithungjerde.

Nye arbeidsplassar

Kasse på kasse med raude, små eple står klare til pressing på Sandane. Emil er klar for ettermiddagslur. 1500 epletre står på rekkje og rad nedanfor huset. Neste år får dei selskap av 1000 til. På denne måten sikrar dei 20-40 tonn frukt frå eigen gard. Jann og Synnøve må planleggje for framtida.

– Alt tyder på at vi har treft med produkta. Vi tenker veldig på korleis vi skal dra det vidare, og vi må finne ut korleis vi skal skalere opp på ein fornuftig måte. På tre månader har vi sprengt kapasiteten. Vi trudde jo vi i alle fall vi kunne bruke utstyret eit år.

Den gong ei. Den raske veksten krev meir utstyr og store investeringar. Det noverande produksjonsutstyret eignar seg til produktutvikling, og det er allereie blitt for lite.

– No kan eg produsere 50 flasker om gongen. I neste omgang vil vi ha utstyr til å produsere 500 flasker. I tillegg kjem vi med nye produkt til påske – eplecider i første omgang, så pære- og plommebrennevin etter kvart.

Jann er ikkje klar for å sleppe jobben i Nordsjøen enno. Når tida er moden for det, vil han satse som destillatør/fruktbonde på heiltid. Og samtidig lage arbeidsplassar for fleire.

– Allereie neste sommar vil vi ha behov for hjelp i pressesesongen. Jobben i oljen gjer at vi har den økonomiske tryggleiken til å satse på dette, så vi kan investere i det utstyret vi treng. Lukka er å skape ein arbeidsplass for meg sjølv og fleire i Gardsbrenneriet AS.