Kapteinen

Det viktigaste som leiar er å slå dei målgjevande pasningane. La andre score målet. Då kjem suksessen.
– Trine Lerum Hjellhaug

Tekst og foto: KRISTINE FOLLAND

10. april 2000. 80 tilsette er samla i auditoriet i fabrikklokala til Lerum på Kaupanger. Bjarne Lerum skal presentere deira nye fabrikksjef. Fram stig dottera Trine. 24 år, nyutdanna, utan leiarerfaring, dottera til sjefen, og nytilsett i ei leiarstilling som ikkje er lyst ut.

160 auge stirer mot den unge kvinna. Med dirrande stemme og kropp stotrar ho fram eitt ord.

– Hjelp.

– De kan alt om produksjon. Eg kan ingenting. Vi må gjere jobben i lag.

Applausen breier seg i rommet. Trine kan senke skuldrane. Arbeidsdagen kan starte.

Trine Lerum vart tidleg krøkt. Allereie som seks-åring var ho farens trufaste assistent på fabrikken. Henta skiftenøklar, køyrte truck. Petter Smart og Lille Hjelpar. Dokkene hennar er ubrukte den dag i dag. Som 7-åring fekk ho 10 kroner i timen av besten for å klistre nye etikettar på gammal emballasje. Ho avanserte deretter til flaskesorterar, truckførar og produksjonsmedarbeidar. Gradene er gått – ei etter ei.

Som 19-åring starta ho på sivilingeniørstudiet i Trondheim – med ein klar tanke.

Ho skulle aldri jobbe i Lerum igjen.

– Eg hadde all verdens planar om å utforske mulegheitene mine utanfor Lerum. Eg ville oppleve næringslivet frå andre hald, lære og utvikle meg andre stader. Men det var ikkje enkelt å få seg jobb på den tida. Det var heller ingen fordel for meg å heite nettopp Lerum. Ein del verksemder tenkte nok at dei berre ville vere eit stopp på vegen, før eg skulle tilbake til familiekonsernet.

To vegar til målet

Kjærleiken gjorde at ho valde Sogndal og Lerum. Det første tiltaket Trine innførte i Lerum som fabrikksjef var summegrupper. I grupper på åtte og åtte, troppa dei tilsette opp på kontoret hennar, der alle måtte skrive ned tre positive og tre negative ting ved å arbeide i Lerum på gule post-it-lappar.

– Dei positive er alltid verst. Dei negative kjem lett. Men det er viktig å vere bevisst på begge.

Eit generasjonsskifte var i gang i Lerum. Tradisjonar og innarbeidde metodar skulle flettast saman med eit nytt tankesett. Trine sine metodar stod i sterk kontrast til måten generasjonen over styrte konsernet.

– Eg er svært stolt og har stor respekt for det generasjonane før har gjort. Utan dei hadde ikkje Lerum eksistert i dag, og det er dei som har industrialisert bedrifta. Min generasjon skal ta Lerum vidare, og då må vi arbeide annleis. Vi er i ei anna tid. Både pappa og onkel meinte at summegrupper var tull. Bortkasta tid. Ein sjef skulle fortelje dei tilsette kva dei skulle gjere. Men, eg hadde eitt krav då eg tok stillinga som fabrikksjef – at eg skulle få gjere det på min måte. Dei kunne diktere målsetjinga, men vegen dit ville eg forme på eiga hand.

Trine Lerum og fotball

Den viktige benkeslitaren

Fotballen har alltid vore ein sentral del av Trine. Som einaste jente blant 30 gutar herja ho på fotballbana allereie som 6-åring i Sogndal. Merittane er mange. Eitt seriemeisterskap, to kongepokalar og eit nordisk meisterskap saman med Trondheims-Ørn. Fotballen gav ho også eit stipend til universitetsfotballen i USA.

– Alt eg har lært om leiarskap, har eg lært på fotballbana. Ein vinn ikkje kampar med ein god spiss, dersom resten av laget er ubrukelege. Ein må jobbe som eit lag for å vinne. Det viktigaste som leiar er å slå dei målgjevande pasningane. La andre score målet. Då kjem suksessen.

Med åtte landslagsspelarar på laget i Trondheims-Ørn, var det ikkje lett å få innpass i første-ellevaren. Det var kamp om dei siste tre plassane. Viktig lærdom.

– Alle på laget har ein funksjon. Benkeslitarane spelar ei viktig rolle. Viss kapteinen må ut, må nokon andre gjere jobben. Den tankegangen har eg tatt med meg inn i næringslivet. Alle i Lerum har ei rolle, uansett om ein vaskar golv eller lagar strategiar. Alle er like viktige for sluttresultatet.

Store endringar

I 2008 tok Trine over roret som administrerande direktør i Lerum. Tre år tidlegare hadde ho overtatt aksjemajoriteten saman med søstrene og søskenbarna – til stor skepsis både internt og eksternt. Ville dei klare dette?

– Det heile gjekk stille for seg. Det tok to år frå vi overtok som eigarar – til bygda oppdaga at vi faktisk hadde tatt over. Det er naturleg at folk er skeptiske til endringar. Fleire gjekk så langt som å åtvare meg mot å ta stillinga som administrerande direktør. Dei meinte eg ikkje var klar for oppgåva. Det gjorde meg berre enno meir motivert for jobben.

For å få jobb i Lerum må ein vere lagspelar. Det er lite rom for egotrippar og spisse albogar.

– Ein må kunne samarbeide, ha respekt for andre og kunne oppføre seg. Vi byggjer omdømet til Lerum saman, og vi er alle avhengige av det same sluttresultatet. Sjåførane til Lerum er til eksempel instruerte i å sleppe folk forbi på ferjekaiene.

– Det er logisk. Viss nokon vert køyrande i sneglefart opp heile Lærdalsdalen stirande på vår logo, er det heller tvilsamt at dei kjøper Lerum-saft dagen etter.

Ein tilsett – mange sider

Trine brukar mykje tid på å bli kjend med dei tilsette. Ikkje berre fagleg, men også på eit personleg plan.

– For at eg skal kunne vere ein god sjef, bør eg vite kven dei er utanfor arbeidstid. Kva dei brukar fritida på, kva borna likar å gjere, helsa til foreldra, kva planar dei har for framtida. På den måten kan eg sjå heile mennesket og tilrettelegge arbeidsoppgåvene deretter.

Det er liten tvil om at leiarstilen fungerer. Lågt sjukefråvêr og svært lite gjennomtrekk. Dei tilsette får fire gratis kiropraktorbehandlingar, privat MR for å unngå ventetid i offentlege sjukehuskøer og subsidiert treningsabonnement.

– Vi har nesten for lite gjennomtrekk. Ingen sluttar i Lerum, smiler ho.

Sommaren 2012. Historia gjentek seg. I dei gamle fabrikklokala på Kaupanger ruslar Trine saman med dottera Martine på seks år. Dei køyrer truck. To store auge kikar opp på mora.

– Kan eg bli sjef her når du blir gammal, mamma?

Tida vil vise.