Med kajakk på timeplanen

I Nærleiken barnehage i Førde er fysisk aktivitet berebjelken i borna sin kvardag.

Tekst og foto: KRISTINE FOLLAND

– Opp på eitt bein, Una! Hald balansen. PLASK! Una står på eitt bein på spissen av kajakken, tek sats og hoppar ned i bassenget.

Ho og ni andre 5-åringar boltrar seg i stupebassenget i Førdehuset – som dei gjer kvar veke. Fem kajakkar romsterer mellom borna. Ein blir brukt som sklie, ein annan som balansebrett, den tredje som undervannsbåt, den fjerde som utskytingsrampe, medan den siste blir faktisk brukt som ein kajakk. Ein heilt vanleg dag i Nærleiken barnehage i Førde.

– ”Barn vil ikke høre, barn vil gjøre”. Det er mottoet vårt. Svært få born likar å sitte og passivt motta, dei likar å delta. Fysisk aktivitet gjennomsyrer alt vi gjer, seier Sveinung Nordtveit, pedagogisk leiar og eigar av Nærleiken barnehage.

Vannskrekkfri barnehage

Den engasjerte pedagogen opna barnehagen hausten 2014 saman med kona Tone. Sidan oppstarten har dei to eldste kulla hatt fast tid i svømmebassenget kvar veke, medan 3-åringane får vere med av og til. I fjor haust kom også kajakkpadling på timeplanen.

– Ambisjonen vår er ikkje å dyrke fram konkurransesvømmarar, men å gjere borna trygge i vatn. Eg er ingen racer i bassenget, og eg driv inga svømmeopplæring. Vi leikar, herjar og kosar oss i bassenget. Ungane skal tore å få vatn i ansiktet, å komme under vatn og flyte på ryggen. Først då kan vi seie at dei er trygge i vatn.

Det er lite som tyder på at borna har vannskrekk. Størsteparten brukar ikkje armringar, og samtlege hoppar frå 1-meteren ned i det djupe vatnet som den største sjølvfølge. Nordtveit understrekar at det er viktig med hyppige møter med vatnet, og at alle borna får ta stega i sitt eige tempo.

– Eg har hatt ungar som knapt tør å dusje håret sitt i dusjen første gong vi er her, som etter nokre gonger i bassenget herjar og leikar saman med dei andre. Vi pushar ingen, men appellerer til deira indre trong til å meistre. Dei ser at venene meistrer noko, og det motiverer dei til å utfordre seg sjølve. Naturleg motivasjon, kallar eg det.

Hyttetur, ski og dyrestell

– Sveinung, sjå på meg!

Nomi krev merksemda til sjefen, balanserer til tuppen av kajakken, hoppar uti og sym inn til land.

– Då vi skulle booke tid i bassenget, kolliderte vår time med ein barneskuleklasse. Eg spurde læraren om kva delar av bassenget dei trengte, og fekk til svar at dei hadde bruk for barnebassenget og den grunne delen av vaksenbassenget. Då var jo saken løyst – vi trengte jo berre stupebassenget. Då vart dei litt lange i maska, smiler Nordtveit.

Barnehageborna har vekentlege hytteturar på Langeland, ein gong i månaden besøkjer dei Angedalen gard og dyra der, og om vinteren er det skidag ein gong i veka.

– Vi har eigen buss, eiga hytte, og vi likar å reise på tur. Vi ønskjer å gje ungane noko meir i kvardagen, seier pedagogisk leiar Astrid Grimeland Bakke.

Ho begynte i Nærleiken hausten 2015, og er svært fornøgd med sin nye arbeidsplass.

– Det kjekkaste er å sjå korleis borna utviklar seg. Frå å sitje på bassengkanten til å fryktlaus kaste seg ut i vatnet, seier Bakke.

Tøff på kort tid

Øyvind Korsøen er mannen bak kajakktilbodet. Han starta selskapet Go´Kajakk i Førde i 2014, som driv med kajakkskule, utleige, guiding og kajakkurs.

– Idéen er å bruke kajakken som ei tilvenning til vatn. Borna føler seg trygge i kajakken, og brukar den til å utforske vatnet. Dei testar grenser, balanserer og dett uti. Plutseleg er dei meir i vatnet enn i kajakken. Dei padlar ikkje så mykje, men dei får enno meir glede av badinga. Kajakken blir eit element som gjer dei tøffe på veldig kort tid, fortel Øyvind.

Då han starta opp bedrifta, var tanken å få kajakkpadling inn i SFO, men også i barnehagar. Han håpar fleire vil tenkje som Nærleiken.

– Per i dag går eg ikkje aktivt ut for å hente inn barnehagar og barneskular, men det er absolutt eit ønskje eg har. Målsetjinga er å utvikle eit opplegg til denne målgruppa, som eit ledd i gjere dei meir svømmedyktige. Det er veldig moro å jobbe med born på den måten, sjå framgangen og gleda deira ved å vere i det våte element, fortel Øyvind.

«Idéen er å bruke kajakk som ei tilvenning til vatn. Borna føler seg trygge i kajakken, og brukar den til å utforske vatnet. Dei testar grenser, balanserer og dett uti»
– Øyvind Korsøen