Hyens hovudjeger

HR-ansvarleg Synne Marie Oppheim (37) sit ikkje og ventar på at jobbsøknadane skal tikke inn til Brødrene Aa. Det kan ho ikkje. På fem år har dei klart kunststykket å rekruttere 116 tilsette.

Tekst: Kristine Slettehaug Foto: Martha Linnea Pukallus

– Eg trur bedriftene må vere meir «på» og løfte opp telefonen av og til. Hei, kor er du i verda, kva gjer du på? Kunne du tenke deg å flytte til Hyen og jobbe for oss?

Det er den filosofien ho sjølv jobbar etter. Som ansvarleg for rekrutteringa til båtbyggeriet Brødrene Aa i Hyen er ho avhengig av eit solid nettverk.

– Å bygge nettverk er kanskje det viktigaste vi gjer med tanke på langsiktig rekruttering. For å få tak i dei rette medarbeidarane med rett kompetanse, må ein stadig oppdatere seg på kven, kva, kor. Kva utdanning vel folk i området? Kan dei vere interessante når dei er ferdig utdanna og skal søke arbeid? Kven er opne for å bu i Gloppen? Eg tenker ikkje berre på heimflyttarar, men også tilflyttarar. Det handlar om å ha ei viss oversikt. Også over arbeidsmarknaden elles, slik at ein eventuelt veit om ein jobb nummer to.

Oppsøker kandidatar

Rett som det er ringer ho aktuelle kandidatar for å høyre kva planar dei har.

– Folk er positive når vi kontaktar dei. Å bli vist interesse for er ein god start på eit arbeidsforhold. Og så hjelper vi dei gjerne med å skaffe jobb til sambuaren, for det er ofte ei utfordring.

Vart sjølv rekruttert til Hyen

Det er tre år sidan ho og mannen Even Rønnekleiv (37) flytta frå Bergen til Hyen. Begge hadde interessante og utfordrande jobbar i byen, men har vakse opp i bygda og ønska seg tilbake til miljøet der. Den store uvissa var om dei kunne få gode jobbar i området.

– Heilt ærleg hadde eg ikkje sett for meg at eg kunne få ein så spennande karriere her. Men både eg og mannen min fekk tilbod om jobb i Brødrene Aa.  Eg starta som LEAN, HMS og kvalitetsmedarbeidar og har i dag tittelen HR/HSEQ Manager. Han er økonomidirektør. Den pakken der, med å bu på ein liten, sjarmerande stad som Hyen og få jobbe i eit internasjonalt konsern, den ser ein gjerne ikkje for seg, smiler ho.

–  Det er fantastisk å få vere med på å utvikle eit selskap med 70 år historie og nær 200 tilsette. Eg har ikkje angra ein dag på at eg takka ja til jobben.

Må synleggjere jobbmoglegheitene

Samtidig meiner ho det er synd at folk ikkje kjenner betre til moglegheitene i distrikta.

– Vi må bli betre på å formidle kva karriere ein kan skape seg i Sogn og Fjordane. Folk blir overraska når vi fortel kva jobbar Brødrene Aa kan tilby: Alt i frå produksjon til marknad og kommunikasjon, økonomi, innkjøp, HMS, prosjekt, ingeniørar, sal, teikning – over heile linja. For dei som ønsker det, kan vi tilby ein karriereveg. Ein må ikkje tru at ein stagnerer her.

Best i verda

Å jobbe med rekruttering i Sogn og Fjordane kan vere krevjande. Mange søker seg til byane, og ein jobbannonse på Finn.no er sjeldan nok for å lokke nye medarbeidarar til Hyen.

– Det er ein kontinuerleg og langsiktig jobb. I tillegg til å aktivt kontakte kandidatar, deltek vi på jobbmesser og karrieredagar. Ein klar strategi er å samarbeide med skuleverket og utdanningsinstitusjonar for at studentane skal kjenne til karrieremoglegheiter i Brødrene Aa på eit tidleg stadium. Og kanskje velje ein karriereveg som endar hos oss? Vi jobbar også med å bygge eit lærlingmiljø slik at elevane tidleg kan lære faget vårt som er produksjon av karbonfiberfartøy.

Og tiltaka har lukkast. Nye, store oppdrag krev fleire tilsette, og på fem år har båtbyggeriet tilsett 116 nye medarbeidarar. Kva er det dei lokkar med?

– I tillegg til ein jobb? For oss handlar ein attraktiv arbeidsplass om å vere god på produktet vi leverer. Alle posisjonar og fagområde er viktige og verdifulle. Eigarane har sagt at vi skal vere best i verda, og det skapar intern stoltheit. Og vi er jo best i verda. Det i kombinasjon med ein miljøvenleg profil og eit sterkt fagmiljø trur eg er ein viktig faktor til at folk takkar ja til jobb.

Internasjonalt arbeidsmiljø

Det har vore mykje heider og ære til Brødrene Aa siste åra. I tillegg til skryt og prisar for båtane dei produserer, fekk dei i 2018 Eldsjelprisen frå NAV for inkluderingsarbeidet dei gjer for innvandrarar.

– Vi ser at vi får tak i gode og motiverte medarbeidarar med å satse på innvandrarar. Det viktigaste kravet er at dei skal ha lyst til å bygge båtar, og målet er ei fagutdanning innan polymerkompositt. Vi samarbeider blant anna med NAV og Firda vidaregåande om opplæringstilbodet.

Arbeidsmiljøet er i dag ei samansetning av tolv nasjonalitetar.

– Språk og god kommunikasjon blir svært viktig. Vi driv utvikling i stort tempo som krev tett dialog på tvers av fag, så det er klart vi møter utfordringar. På den andre sida får vi tilbake lojale og dyktige medarbeidarar. Å forstå norsk arbeidslivkultur er det ikkje berre innvandrarar som har utfordringar med, det kan gjelde oss alle.

Sluttar aldri å leite

Sjølv om ho og kollegaene står bak ein rekrutteringsinnsats som blir lagt merke til, kan ikkje den unge HR-sjefen kvile på lauvbæra.

– Akkurat no treng vi HMS-ingeniør, marknadskoordinator, skipsingeniør, prosjektleiar, arbeidsleiarar, produksjonsmedarbeidar, IT ansvarleg…, seier ho og tel på fingrane sine etter kvart som ho ramsar opp dei ledige stillingane.

Så sukkar ho.

– Det er mange. Men vi skal nok få det til, avsluttar Oppheim med eit smil.