Frå Hyen til Hong Kong

Verdas største hurtigbåtverksemd var på jakt etter raskare skip. Dei fann karbonferjer i Hyen.

Tekst: Kristine Askvik Foto: ©Andreas Eikeseth Nygjerd

I slutten av november 2016 drog det første skipet frå Hyen i retning Kina og hurtigbåtverksemda Chu Kong Shipping Enterprises (CKS).

– Vi ønskja oss raskare skip. Vi er veldig fornøgde med skipa Brødrene Aa produserer, seier administrerande direktør Bu Lee.

Det Hong Kong-baserte selskapet har gjennom eit dotterselskap kjøpt 40 prosent av driftsselskapet Brødrene Aa. CKS er blant dei største ferjeoperatørane i verda.

Hard konkurranse

Framover skal ferjer, som er laga i Hyen, trafikkere fleire av strekningane selskapet opererer i Asia. Mange ferjer skal skiftast og erstattast med nokon som er mykje raskare.

– Vi er i hard konkurranse, og det er viktig at vi har båtar som går raskt. Då vi vart interesserte i å sjekke ut karbonferjer, var det naturleg å dra til Brødrene Aa, seier Huang Shengkai, prosjektleiar for nye skip i CKS.

Dei leste om Brødrene Aa i eit magasin om skip.

– Først tenkte vi at karbonferjer var det same som glassfiberferjer, men det er det ikkje. Dei som er laga av glassfiber, har større vekt og kan ikkje ha så høg fart som dei som er laga i karbonfiber, seier Shengkai.

Fabrikken i Hyen gjorde inntrykk då dei kom dit første gong.

– Det var 2. september 2015. På skipsverftet var alt reint og ryddig. Det var veldig miljøvennleg og gode høve for arbeidarane, seier Shengkai.

Høge tollsatsar

CKS hadde fleire motiv for å gå inn i Brødrene Aa. I tillegg til å ha stor trong for nye og raske ferjer, ønskja dei å ha moglegheit til å produsere eller delprodusere ferjer i Kina. Dette fordi tollsatsane er høge, og fordi det kostar mykje å kjøpe inn båtar frå utlandet.

– Vi har fasilitetar, tilsette og ruter å trafikkere, men vi mangla teknologien. Teknologien har Brødrene Aa, sier Shengkai.

Etter kvart er planen å byggje opp ei avdeling i Kina, som kan produsere deler av ferjene som skal trafikkere i området der.

– Vi ser at det er ein heilt annan kvalitet på skipsverftet i Hyen samanlikna med verft i Kina. Der er det ikkje så reint og ofte veldig støvete. Det kan òg vere mangel på kontroll på til dømes temperatur. Her ser vi at Brødrene Aa har full kontroll på alt.

Skjuler ikkje noko

Han trekkjer fram at ærlegheita til nordfjordingane er noko han og kollegaene set pris på.

– Viss eg er på besøk der som representant for skipseigar, så kan eg spørje dei tilsette om korleis arbeidet går. Eg veit at dei vil vere ærlege med meg og ikkje skjule noko for meg. Viss det er utfordringar, så vil dei seie det òg. Det er veldig bra, seier Shengkai.

Administrerande direktør Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa tok godt imot den første førespurnaden frå det kinesiske storselskapet.

– Vi vurderte faktisk å kontakte det store rederiet, men det var veldig artig at dei tok kontakt med oss først. Då dei kom hit første gongen, fekk dei prøve fleire av båtane vi har laga, seier Aa.

Dei fekk også prøve karbonbåtar som vart laga for 15 år sidan. Aa ønskja å vise at karbonferjene held seg godt over tid. Ingen tvil om at CKS vart imponert.

Fire skip på veg

No er ein båt allereie på plass i Hong Kong. Nummer to er straks klar i Hyen, og nummer tre og fire er bestilt. Planer om delproduksjon i Kina er under planlegging. I samanheng med det, jaktar Brødrene Aa nye tilsette. I dag har dei 150 tilsette. Dei siste åra har det auka med kring 10-15 i året, noko det ligg an å til å gjere framover også.

– Nokre av våre mest erfarne vert involvert med å bygge opp produksjonen i Kina, medan vi treng nye formenn og leiarar i produksjonen i Hyen, fortel Aa.

Å samarbeide tett med CKS har vore lærerikt på fleire måter, for begge parter. I Hyen fekk nokre av inspektørane frå Kina prøve å fiske for første gong. Aa trefte dei på nærbutikken.

– Då hadde dei kjøpt fiskestang og gjekk rundt med sluken hengjande på. Den hang ut i lufta. Eg kvapp. Det så farleg ut. Dei kunne ha fått folk på kroken, men det gjekk heldigvis bra, seier Aa. Han følgde dei bort til kaia, og lærte dei korleis dei skulle kaste med fiskestanga.

Frå 500 til 30 millionar

Aa hugsar godt den første gongen han var på besøk i Kina. Dei var ute på middag, og kinesarane fortalte litt om byen sin, Guanzhou. Dei sa det var 17 millionar som budde der, i tillegg til 15 millionar i området rundt.

– Og så spurte dei, what about your province? Eg berre svara fem millionar, innbyggartalet for heile Noreg. Då spurte dei korleis ein kunne ha ein eigen administrasjon for berre fem millionar, seier Aa og ler.

Det er stor skilnad på Guanzhou med sine over 30 millioner og Hyen sine 500, men Hyen har noko som verdas største hurtigbåtverksemd ikkje har. Teknologi. Den skal brukast til å utvikle eit best mogleg tilbod til ferjepassasjerar i Asia.

– Framover ynskjer vi ikkje berre å bygge ferjer i karbonfiber, men òg passasjerbåtar, turistbåtar og arbeidsbåtar, seier Bu Lee i CKS.