Hotellchefen

Preben Moen fekk sitt første skattekort som 8-åring. Lite visste han då at han 14 år seinare ville bli landets yngste hotelldirektør.

Tekst: Mari Bendz Foto: Kristine Folland

Året er 2013. Det er påske, og hotellsjefen på Gloppen Hotell, Dag Moen, døyr brått på Gran Canaria. 22-årige Preben er midt i kokkekarrieren på Tjøme. Kjøkkensjefen og salssjefen er begge ute i fødselspermisjon. Hotellsjefen får sjokk og vert sendt på sjukehus og føder for tidleg. Preben dreg rett heim. Til kaos.

Faren tok over drifta av Gloppen Hotel i 1990, Preben var berre eitt år, og skulle vakse opp på rom 105. Rommet som i dag er Preben sitt kontor.

Han hugsar den første dagen etter faren sitt dødsfall og 17. Mai. Elles er våren og sommaren eit svart hol i minnet. Først i september begynner han å kome til seg sjølv.

– Då oppdaga eg både at vi var på randen av konkurs, og at eg ikkje kunne noko om hotelldrift. Eg kunne berre lage saus. På grunn av utbygginga nokre tidlegare, hadde vi stor gjeld og kassakreditt. Vi var så underbemanna at vi jobba oss nesten ihel. Eg budde på rom 105, guterommet mitt, var direktør om dagen og kokk om kvelden.

Då Preben begynner å komme til seg sjølv att nærare jul, reiser han til “bestefar Vidar”, den tidlegare direktøren på Sunnfjord Hotell i Førde og ein av farens næraste vener. Det vert redninga. Saman set dei opp eit budsjett for 2014, med papir og blyant.

Året etter får hotellet prisen “Norsk på menyen” frå Matmerk og Preben vert kåra til “Helt sjef” blant 405 nominerte unge leiarar.

Stabil stab

Suksessfaktoren ved Gloppen Hotell er fleksibilitet, at alle tek i eit tak der det trengst. Det er ikkje uvanleg at kokken reier opp senger og at sjefen sjølv står i oppvasken. Særleg det siste, fordi han lett vert stressa under store arrangement. Då sender kjøkkensjef Bodil Fjellestad han på kjøkkenet.

Bodil har stått støtt som fjell ved sida til Preben sidan han tok over. Slik ho stod ved sida til Dag. Ho skildrar sjefen sin som ganske medgjerleg, og ein som lyttar til sine tilsette. Om dei får tak i han. Han er høgt og lågt, oppe og nede og alle vegar.

– Vi har slutta å leite etter han, vi ringjer i staden, ler ho. Det genuine er at han kjenner kvar minste del av drifta. Han veit alt.

Mikrobryggeri og Fjordamat

Preben Moen visar veg ned i kjellaren og inn det minste kommersielle ølbryggeriet i Noreg. Her suser humla i Gloppen Brygg. Den store tanken er så stor at dei måtte demontere baren og slå hol i taket for å få den inn.

– Vaktmeisteren tvilte. Bodil berre lo. Men vi fekk det til, med god hjelp frå folka på Kinn Bryggeri. Masken går forresten attende til bøndene som fôr og kompost, legg han til.

Det kjem ein telefon frå ein av dei andre kokkane i Chefs Dinner Norge, der han og er sjef. Saman med kollegaer frå to nabofylke arrangerer han middagar med lokalmat, kreativ kokkekunst og rikeleg med humor.

Berekraft er ikkje berre eit pynteord for Preben. Hotellet har eit nært samarbeid med over 30 underleverandørar av lokalmat i nærområdet. Eigne grisar, lam og oksar går rundt i utmarka i Nordfjord, for å bli servert på hotellet eller gjennom Fjordameny.

– Det er kjekkare å fortelje gjestene om maten når den er kortreist, held han fram etter ein intens telefonsamtale. Men drivhuset i hagen inneheld førebels berre ugras, urtene som vert servert kjem frå Høgt og Vilt.

– Men eg vil at lærlingane skal lære noko om dyrking. Heile fem lærlingar er det på hotellet, noko som truleg er rekord for verksemder med færre enn 30 årsverk.

Mindre politikk og meir næring

Neste telefonsamtale er frå styret i Visit Nordfjord, som arbeider med ein ny merkevareprofil.

– Ein må tenkje mindre politikk og meir næring her i fylket. Det er ikkje rart det går treigt når seks formannskap skal handsame kvar sak, seier Preben og himlar med auga. Han har ikkje tid til slikt. Om nokre timar reiser hotellsjefen til Sogndal for å vere med på å utvikle eit nytt bachelor-studium innanfor aktivt reiseliv.

Preben har ein finger med i det meste som skjer i kommunen. Gloppen Aktiv. Gloppen Gründer. Eigentleg har han lyst til å byggje om resten av kjellaren til gratis kontorplassar for folk med gode reiselivsidear.

Då heile hotellnæringa skrekkslagen såg Air B&B og den nye delingsøkonomien kome, gjekk Gloppen Hotell like godt inn i den marknaden og la ut eit rom der. Slik er Preben Moen. Han snur negativt til positivt, gjer fiendar og konkurrentar til vener og samarbeidspartnarar.

– Ein kjem ingen veg med å sutre, det er mykje betre å vere med på utviklinga i staden.