Heile verda til Vik

På ni år har hobbyen til Torstein vakse til ei suksessbedrift med 16 tilsette, meir enn 40 millionar i omsetning og kundar i alle delar av verda.

Tekst: Ingrid S. Torp Foto: Kristine Folland

Vi kallar han Torstein, for i Norge er det slik vi gjer. Vi held oss til fornamn. Difor har sognebedrifta Highsoft henta inn DNV-GL-konsulent Jørgen Hanson for å snakke om bedriftskultur og kulturkræsj. Kva ein bør og ikkje bør gjere når ein møter potensielle kundar i andre land. Dresskodar, oppførsel og smalltalk.

I Tyskland skal ein helst bruke både etternamn og tittel for å tekkjast forretningspartnarar. Snakkar ein kunde frå Sør-Amerika til deg om familien sin, tyder det på at du er på veg inn i varmen. Har du for få businesskort i møter med asiatar, vil den som ikkje får, «hate deg for resten av livet», ifølge Hanson.

For å forklare korleis vi raskt set andre i bås, skildrar han korleis Ola Nordmann vert sett av verda:

– Skal verda gje Ola ein farge, er han grøn. Han lever i isolasjon i sin koselege heim og likar ro og fred. Han er nokså primitiv, men ærleg og likefram.

– Ser de kven det er? Det er jo Shrek! Hanson tar opp eit bilete av det grøne, smilande trollet. Highsoft-gjengen humrar.

Starta bedrifta heime

Torstein Hønsi er ikkje noko grønt troll, neppe primitiv, men han framstår som ærleg. Og han har kome dit han er utan å tenkje for mykje på businesskort og dresskode.

– Du kjem langt med vanleg høflegheit. Og stort sett kjem kundane til oss. Dessutan er utviklarmiljøet litt annleis enn forretningsmiljøet. Eg ville ikkje stolt på ein person som møtte meg i dress. Eg ville anta han ynskte å selje meg noko.

Torstein starta verksemda frå sin eigen heim i Vik. Dei første åra dreiv han på hobbybasis. Geologen ville publisere ein bildekarusell, og seinare målingar av snødjupna på Vikafjellet på heimesida si. Han trong eit betre verktøy for digitale grafar og diagram. Torstein lærte seg programmering på eiga hand, og laga sin eigen kode. Så testa han grafane i utvalde nettforum. Dei vart raskt ein hit, ikkje minst fordi Torstein hadde vald ein såkalla open standard, ikkje den lukka standarden Flash, som var vanlegare. Etter nokre månader fann han ut at han kunne ta seg betalt for produktet sitt. Han sette opp ein nettbutikk, og deretter gjekk det av seg sjølv. Ein ny netthit hadde sett dagens lys.

I 2008 slutta Torstein i jobben sin hos herr og fru Hjetland. Då tente han tre gonger så mykje på hobbyen som på vanleg arbeid.

– Eg burde sikkert ha slutta før, men eg likte meg i jobben. Det som til slutt gav meg det sparket eg trong, var at vi venta barn, og det var ein del produktutvikling eg måtte gjere før eg gjekk ut i pappapermisjon.

Wow-opplevingar

Grethe Hjetland bad ham ringe, om han ein dag trong hjelp. To år seinare vart ho den første tilsette hos Torstein. Då hadde interessa frå kjøparar vorte for mykje å handtere for ein person. Torstein fekk ikkje tid til vedlikehald av produktet. Grethe vart tilsett som dagleg leiar, slik at gründeren sjølv kunne halde fram med produktutvikling.

– Torstein er god til å sjå kva han sjølv gjer best, og så overlet han resten til andre, seier Grethe Hjetland.

Dermed er det i dag Grethe som er CEO (dagleg leiar) i bedrifta, Torstein er CTO (teknisk leiar). To månader etter lansering av produktet kjøpte gigantiske BBC ein lisens.

– Det var vår første wow-oppleving, seier Torstein.

Sidan har det vorte mange wows: Facebook, Twitter, Yahoo, Visa, Mastercard, GE Healthcare. Totalt nyttar 61 av verdas 100 største selskap dei dynamiske grafane frå Vik til alt frå løpande børs- og vêrinformasjon, til grafisk framstilling av medisinske forskingsresultat.

Kinesiske mulegheiter

Men Highsoft skal vidare. Nyleg var ein liten delegasjon frå bedrifta i Kina, der Innovasjon Noreg opna dører for dei. Førebels er omsetnaden i Kina liten, berre ein prosent av totalen. Men mulegheitene er grenselause, eller – nesten:

– Kina er teknisk blokkert av myndigheitene, men det let seg løyse med eit lokalkontor. Det er språklege utfordringar, og kulturen er ein annan. Finn dei ein gratisversjon av eit produkt, tek dei den, seier Grethe.

Dette kan bli ei utfordring, om Kina vert eit satsingsområde for bedrifta. I resten av verda er det nettopp delingsmodellen som har sikra veksten for bedrifta. Det er sjølve grunnen til at Highsoft vart stort. Alle kan laste ned koden gratis, og Highsoft sjekkar ikkje kven som tek denne framfor betalingsversjonen. For i gratisutgåva ligg det klare spor som viser at koden kjem frå Highsoft. God reklame. Til no har Highsoft til gode å bruke pengar på marknadsføring.

Vil bli i Vik

Det vert travelt når verda bankar på glasdøra i det toetasjes industribygget, der Highsoft allereie har vakse ut av sine lokale. No er dei i ferd med å tilsette enno fleire, og dei flyttar til våren. Men dei blir i Vik, det er heilt sikkert.

– Det er her hovudkontoret skal liggje. Kva skal vi andre stader å gjere? undrar Grethe: – Vi gjer jo alt på nett uansett.

Highsoft ynskjer å vere ein del av lokalsamfunnet. Dei støttar det lokale idrettslaget, og dei er med i Framtidsfylket si traineeordning. Ein av dei tilsette, algerisk-franske Mustapha Mekhatria, har starta gratis it-kurs for flyktningar på kveldstid. Sjølv kom han som utvekslingsstudent til Bergen frå Canada. Han har no vore i Vik og Highsoft i halvtanna år, og stortrivast.

Internasjonale kundar

Dei fleste tilsette er frå Sogn og Fjordane, men arbeidsspråket er engelsk. Den einaste som protesterer på det, er tysk-britiske Katharina von Oltersdorff-Kalettka.

– Eg treng å øve på norsken, seier ho. Og salsteamet vert einige om å prate norsk i lunsjpausane. Så held dei fram på engelsk. Salssjef Hilde Instefjord orienterer om samtalar ho har hatt med teamets mentor. Dagens møteagenda er endringar på nettsida, kunderelasjonar og salsteknikkar.

Så langt denne onsdagen har dei hatt kundar frå Finland, Latvia, Australia, USA, Ecuador, Canada og Brasil innom nettsida. Anita Nesse har nett landa ein avtale verdt 56 000 dollar. Og strategien vidare er klar, ifølgje Grethe. Highsoft skal bli enno betre på det dei er best på.

– Highcharts er ei mjølkeku, som vi må fortsetje å mjølke. Vi er heilt overtydde om at dette er eit produkt som vil vere aktuelt i mange år framover.

For Torstein er drivkrafta den same som då han starta i eigen kjellar: «Å lage eit flott, solid og livskraftig produkt». Han likar den daglege kontakten med brukarane, med små dykk ned i deira problemstillingar.

– Det er spesielt gjevande å prøve å førestelle seg kva kundane treng, ideelt sett før dei skjønar det sjølv.