Grønt gull

Moreller toler ikkje ein einaste regndrope.

Det hindra ikkje Lærdal Grønt i å bli landets største produsent av moreller.

Tekst: Kristine Folland Foto: Kristine Folland, Karoline Thyri

På pakkefabrikken i Lærdal er dei i gang med å pakke sesongens siste poteter. 1500 tonn poteter, 200 tonn moreller, 250 tonn bringebær og 800 tonn gulrot har tatt vegen frå Lærdal denne sesongen. I tillegg kjem rips, stikkelsbær, kålrot, blåbær, blomkål og sommarkål.

– Vi sel den gode smaken. Det er det som er Lærdal Grønt. Ein skal kunne merke forskjellen. Vårt største konkurransefortrinn er at varene våre er heilt ferske. Det går 24 timar frå vi tar opp potetene til dei er i butikken, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.

43 produsentar samarbeider tett om å levere smaken av Lærdal. Eit samarbeid som kom på plass då alt såg heilsvart ut.

Lærdal Grønt

Krisestemning

For i 1999 var det ein dyster stemning som prega Lærdal. Fabrikken som tok i mot poteter var erklært konkurs og Lærdalselvi var full av lakseparasitten gyro. Framtidsoptimismen var ikkje-eksisterande.

– Ei god krise er som regel eit godt utgangspunkt for å få til noko nytt. Vi måtte enten legge ned eller satse. Heldigvis landa vi på det siste alternativet, fortel Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.

Bøndene i bygda tok sats, dei to pakkeria i kommunen vart slått saman og Lærdal Grønt var ein realitet. Denne gongen skulle dei ha fleire bein å stå på.

– Poteter og gulrot har vore fundamentet i drifta sidan 1960-talet. I Lærdal Grønt ville vi ha fleire produkt, og spreie risikoen dersom ei avling skulle gå dårleg eit år, fortel Mundal.

Produktet som utpeika seg, var moreller. Mange av produsentane vart med på satsinga, og dei mest offensive reiste på studieturar over heile Europa for å finne riktig kunnskap om dyrking av den raude frukta. Analysearbeidet inneheldt imidlertid ein vesentleg feil.

– Ein trudde at det regna så lite i Lærdal, at det kunne gå utan å dekke dei til. Det gjorde det ikkje. Moreller toler ikkje regn i det heile tatt, og investeringane i kostbare dekkesystem gjer at det er få som torer å satse på det. Hadde ein visst det, ville ein nok aldri starta med det, seier Mundal.

Løysinga vart å bygge tak over frukta. Store, stive plasttak. Kombinert med vind og regn, var det ei svært dårleg løysing. Til slutt fann dei dekkesystemet Voen i Tyskland, som er spesiallaga for å tole sterk vind, og i dag kjem halvparten av alle norske moreller frå nettopp Lærdal.

Lærdal Grønt

100 millionar i 2020

Dei siste 18 åra har bedrifta hatt ein eventyrleg vekst. I 1999 hadde dei fem millionar i omsetnad, i 2016 passerte dei 83 millionar, og målet er å vekse vidare.

– Produsentane har hatt tru på Lærdal Grønt heile vegen, og det kjem stadig fleire som vil vere med. Målsetjinga for 2020 er ein omsetnad på 100 millionar. Dersom trenden held fram, er det ei realiserbart mål, seier Mundal.

Nye prosjekt og nye produkt skal sikre vidare vekst. Nytt i 2017 var aprikos og tindved. Strategiske satsingar.

– Fokuset er alltid på marknaden. Kva er det marknad for, og kva vil kundane ha? Det er veldig viktig. I tillegg har vi hatt flinke folk i sentrale posisjonar heile vegen. To av styremedlemma har vore med frå starten av, og det har gitt kontinuitet i drifta, seier Mundal.

Eit grønt eventyr

Han er ikkje i tvil om at suksessen ligg i felles satsing og samarbeid.

– Å jobbe saman har gitt oss mange fordeler. Saman kan vi ta investeringar som ein enkelt produsent ikkje har mulegheit til å gjere åleine, til dømes eit morellepakkeanlegg som kan handtere 200 tonn moreller på nokre få veker. På denne måten kan produsentane konsentrere seg om å produsere.

Høgsesongen frå april til september går i eitt i bedrifta. Vinteren er rolegare, og vert brukt til utvikling og strategi. Til tider litt for godt.

– Vi er litt for gode til å tenke ut nye prosjekt, så vi angrar litt om sommaren når vi har sett det i gang. Då må vi springe ekstra fort. Men det er jo det vi brenn for, seier Mundal.

Framover er tanken er å gje Smaken av Sogn eit enno tydelegare avtrykk på kartet. Lokalmat er i vinden som aldri før, og Mundal understrekar at dette er kun starten på det grøne eventyret i Lærdal.

– Lærdal Grønt har vore ei fantastisk reise og hatt ein eventyrleg vekst. Det får ein ikkje utan ståltru på det ein driv med. Framtida ser svært lys ut, seier Mundal.