Grøn stein ut, grøne data inn!

På Lefdal utanfor Måløy vert ei gamal gruve klargjort for ny business: Lefdal Mine Datacenter kan bli Europas største datalager.

Tekst: Ingrid S. Torp Foto: Kristine Folland

To gapande, svarte hol i fjellet vitnar om det som kan bli eit norsk IT-eventyr. Hola er ikkje nye. Heilt sidan 1970-talet har ein henta ut olivin herifrå, eit grønt blandingsmineral som i hovudsak vert brukt i stålproduksjon. Men då etterspurnaden og prisen sank, valde gruveeigar Sibelco å leggje gruva i dvale. Det er seks år sidan. Men no er det igjen aktivitet i gruva. Denne gongen er det ikkje noko som skal takast ut, men noko som skal settast inn. Gruva skal bli datalager.

Sky og Fjordane

Anleggsleiar Rolf Kristiansen set hjelmen på hovudet. Han har arbeidd i Sibelco sine gruver sidan 1996, og han var her då drifta vart stoppa. Det var ikkje fritt for idéar til kva gruva kunne brukast til.

– Vi vurderte å bruke ho som lager for frosen laks, då fiskeprisane fall. Deretter var det snakk om å lage eit søppeldeponi.

Men så vart ein ny idé fødd. Den kom i 2009, då far og son Kvalheim var på fjelltur. Steinar Kvalheim (far) var gruvesjef på Lefdal, Sindre Kvalheim (son) var IT-gründer. Dei snakka om den nye rapporten «Sky og fjordane», som skildra Norge som den perfekte staden for framtidas grøne datalager:

«Norge har særlige forutsetninger for å huse grønne datasentre. Norge har ren strøm fra vannkraft, naturlig kulde og få naturkatastrofer. I tillegg kjennetegnes Norge av økonomisk og politisk stabilitet, og vi er rangert av FN som verdens tryggeste land. Dermed oppfyller vi brorparten av de kriteriene som store internasjonale aktører bruker i valg av plassering av moderne datasentre.»

Dette måtte jo vere perfekt for Lefdal gruve, tenkte Kvalheimane: Grøn stein ut, grøne data inn.

Milliardmarknad

Etterspurnaden etter datalagring er stadig aukande. 90 prosent av alle data i verda er produsert dei siste to åra. Denne enorme straumen av informasjon blir kalla store data (Big Data), og inngår i dag i ein marknad som er venta å nå 50 milliardar dollar innan 2017. Bedrifter lagrar gjerne sine data på eksterne serverar for å sikre seg mot brann, flaum, innbrot og anna. Eit datalager må med andre ord vere på ein trygg plass. I tillegg treng ein konstant, moderat temperatur og mykje straum.

Lefdal gruve ligg i ein stor kraftkommune, med svært konkurransedyktige straumpriser og grøn vasskraft. I tillegg ligg gruva 75 meter frå fjorden – og fjordvatn skal nyttast til kjøling.

Gruva

Enormt: Storleiken på Lefdal gruver samanlikna med Frihetsgudinna, fly og bilar. Her skal 40 fots containarar stablast i høgda utover 120 000 kvadratmeter. Skisse: Lefdal Mine Datacenter.

Europas største

Anleggsleiar Rolf Kristiansen køyrer inn i gruva og nedover i ein gigantisk spiral – som i eit overdimensjonert parkeringshus. Her er det åtte meter under taket, fjorten meter frå vegg til vegg, og 130 meter til nedste nivå. Kristansen stoppar bilen, og tenner lykta på hjelmen, slik at gruvegongane openbarar seg.

– Tenk på minnebrikka du har i telefonen din. Og sjå på desse tomromma.

Ei minnebrikke ville lett forsvinne i dette rommet. Her skal 40 fots containarar stablast i høgda utover 120 000 kvadratmeter. Lefdal Mine kan bli Europas største datasenter.

Grøn kraft

Marknadsdirektøren i selskapet, Mats Andersson, sit på eit kontor i Eid sentrum og kastar ut tal på autopilot. Han har så mykje å fortelle, men altfor lite tid. I dag har han berre vore på jobb sidan klokka 0600. Nokre dagar må han i gang klokka 0400 for å få arbeidet unna. Interessa har vore overveldande.

– Med samarbeidspartnarar som IBM og tyske Rittal har Lefdal Mine Datacenter ein fot inn i eit forhandlarnett som strekk seg over heile verda. Desse sel inn eigne produkt, men med Lefdal som destinasjon. På full drift vil vi ha ei årleg straumrekning på 1,5 milliardar. I Tyskland ville tilsvarande rekning vore på 3 milliardar. og skulle du hatt tilsvarande i England, ville kjølerekninga bli på fem milliardar.

Medan kundane ventar, vert gruva fylt med infrastruktur: straum, kjøling og fiber. Deretter koplar ein på containarar «som legoklossar», forklarer Mats Andersson, og legg til at dette gjer det mogleg å utvide raskt.

– Den kapasiteten andre brukar ni månader på å byggje ut, vil vi bruke 6-8 veker på.

Mats Andersson

Opnar nye mulegheiter

Om eitt år skal datasenteret vere i drift, med 15-20 tilsette. Gründer Sindre Kvalheim har drista seg til å spå at bedrifta vil ha 100 tilsette om fem år. Dessutan vil prosjektet få ringverknadar, ifølge marknadsdirektør Andersson. Gruva vil bruke lokale underleverandører for å auke tilfang av straum og fibernett. Og i takt med at talet på serverar aukar, vil ein trenge fleire til å vedlikehalde dei.

– Det er grenselause mulegheiter. Spillvarmen frå kjøleanlegget kan opne for heilt ny industri i området. I staden for å pumpe 27 grader varmt vann rett ut i fjorden, kan det gje liv til eit stort gartneri, foreslår anleggsleiar Rolf Kristiansen.

– Eller kanskje eit badeland.