Frilansfridommen

Rolf-Magne fekk status som eksotisk i bransjen då han gjekk frå fast stilling i NRK til frilansliv i Sogn og Fjordane. Stadig fleire vel fjernkontor for å bu i distrikta.

Tekst: Kristine slettehaug Foto: Kristine slettehaug/privat

Folk trur eg sit på eit svaberg ved fjorden og skriv på Mac-en. «Har ikke han flyttet til en bondegård i Sogn og Fjordane?», seier dei.

Rolf-Magne Golten Andersen smiler.

– Veldig idyllisk, men det stemmer ikkje heilt.

Vestlandslengt

Etter 10 år som tekstforfattar, radioprodusent og prosjektleiar i NRK i Oslo bestemte Rolf-Magne og sambuaren seg for å flytte til Dale i Sunnfjord. Ingen av dei visste kva dei skulle gjere der. Berre at dei var på jakt etter noko anna, og at begge hadde ein sterk lengt etter Vestlandet. Ho er opphaveleg frå Dale, han kjem frå Sotra utanfor Bergen.

– Mange reagerte på valet mitt om å seie opp ei fast, god stilling. Dei såg nok for seg at eg skulle vere Grünerløkka-hipster for alltid, mens eg vart skremt av tanken på at eg som femtiåring framleis skulle trakke Løkka i Converse. Når du har jobba i NRK i ti år, er løpet lagt fram til du blir pensjonist. Det oppstod ei frykt i meg for å berre gjere det som var forventa.

Ny sjølvtillit og nye oppdrag

Med flyttinga kom følelsen av at alt er mogleg.

– Når eg kan seie opp jobben og flytte frå hovudstaden til vesle Dale, ja, då kan eg gjere kva som helst. For meg betydde miljøskiftet ny sjølvtillit, nye idear og at eg vågar meir. I tillegg vart valet mitt lagt merke til i bransjen, noko som førte til at eg oftare dukka opp i tankane til oppdragsgjevarane. Dei tenker vel at eg treng noko å gjere på, humrar han.

Og nok å gjere på har han. Etter tre år som frilans har tekst- og manusforfattaren aldri spurt om oppdrag. Dei tikkar jamleg inn til eit lite heimekontor i ei lita gate i Dale. For tida skriv han manus til Spelemannsprisen.

Perspektiv

– Det følgjer med ein styrke når du flyttar ut av byen og ut av det etablerte. Nye perspektiv gjer at du leverer annleis innhald, kanskje betre, enn det du gjorde frå eit kontor i Oslo. Eg merkar at bransjen er litt nysgjerrig på oss som «sit og skriv på eit nes» i distriktet.

Om du har sett den svært så originale TV-serien «Magnus», forstår du kanskje kva han meiner. For å få inspirasjon til serien tok han med seg ide- og serieskapar Vidar Magnussen på seminar til Lifjorden i Hyllestad. Der falt trådane og historia på plass.

– Kall det ein klisjé, men landskapet på Vestlandet er verkeleg inspirasjon i seg sjølv.

Fleire gode enn ulemper

Det er naturlegvis vanskeleg å svare på korleis ei typisk frilansveke ser ut. Nokre veker er rolege, andre veker krev reiser til Oslo eller Trondheim. Men ein ting har Andersen notert seg, og det er at han jobbar meir effektivt på heimekontor.

– Sju timar arbeid på heimekontor tilsvarer tre arbeidsdagar på eit hektisk kontor med møter, kollegaer og kaffipausar. Det er utruleg kva du får gjort på ein dag når du ikkje blir avbroten.

Men nokon ulemper er det vel?

– Sjølvsagt saknar eg kollegaer innimellom. Og det er ingen som pushar deg på eit heimekontor, så du må vere ekstremt disiplinert. Og plutseleg tikkar det inn eit spennande oppdrag som gjer at du må jobbe i den planlagde ferien din. Likevel ser eg fleire fordelar enn ulemper.

Med to barn er meir familietid eit av goda med å jobbe frilans.

– Eg er heldig som slepp å kle på ungane i tempo om morgonen.

Ute og luftar vitet

I starten etter flyttinga kunne Andersen sitte på sosiale medium og følge med på kva vennene i Oslo gjorde.

– Eg var misunneleg på alt dei var med på. Då vi budde i Oslo var det så mange tilbod om premierar, teater, konsertar og anna, og eg hadde sterk FOMO (Fear Of Missing Out). No har eg betydeleg færre val, men set pris på roen som følgjer med. Låge skuldrar og å oppleve heilt nye ting, som å gå på hardingfelekonsert, er fint det også.

Han diggar bygda og likar at sogn og fjordingane er avslappa, samtidig som dei får gjort mykje. Nokre nye sosiale kodar måtte han likevel lære seg.

– Det var uvant at folk helste utan å kjenne meg. «Ute og luftar vitet» kunne dei seie, og då visste eg ikkje kva eg skulle svare, ler han.

– I dag gjer eg det same. Også når eg er i Oslo. Då ser folk rart på meg.

Torer meir

Frilanslivet har gjeve Andersen ein ny karriere som manusforfattar han før berre kunne drøyme om.

– Mange går rundt og tenker på den boka dei skal skrive, TV-serien dei skal lage eller podcasten dei vil sette ut i livet. Eg har allereie turt å gjere eit stort val og torer difor meir no enn før. Det verste som kan skje? At du får avslag når du lanserer ein ide.

Medan andre set pris på å vite kva dei skal gjere neste månad og ei fast løn, har Andersen funne lukka i frilansfridommen.

– Litt usikkerheit følgjer sjølvsagt med. Inntil nyleg hadde eg til dømes ingen planar for april. Men eg fryktar det føreseielege meir enn eg fryktar usikkerheita. Å ikkje vite kva eg gjer om fem år er fridom for meg.

Tre på fjernkontor

Møt tre som har tatt med seg jobben til Sogn og Fjordane.

Einar Hagen, sivilingeniør i Cisco.

Då ideen om å flytte til sambuarens heimstad kom på bordet første gangen, var ikkje Hagen så interessert i det.

– Eg såg ikkje for meg at det var jobb til meg i Førde. Difor slo vi det frå oss.

Men då eldstejenta nærma seg skulealder, kom ideen igjen på bordet.

– Vi ville ut av Oslo, og valet stod mellom pendling eller å flytte til Sogn og Fjordane. Samtidig begynte det å danne seg eit interessant teknologimiljø på verftet i Førde.

Tidlegare hadde han ikkje tenkt tanken om å jobbe frå fjernkontor.

– Eg er sosial og likar å ha eit miljø rundt meg. Samtidig såg eg at fjernkontor fungerte for andre kollegaer, og då begynte eg å vurdere det.

Sosialt med virtuelt rom

For å gjere ei lang historie kort: i 2016 kjøpte Hagen og sambuaren hus i Førde, og kontorplass på verftet vart ordna.

– Her jobbar eg i ei klynge med andre bedrifter og folk i same situasjon som meg. Vi et lunsj saman og er elles blitt godt kjent.

For Hagen var det viktig med ei god løysing for å bevare den sosiale biten med kollegaene og føle seg som ein del av teamet.

Nettverk i både Oslo og Førde

– Vi laga eit virtuelt rom som gjer at vi ser kvarandre, kan prate og diskutere. Vi kallar det «eit lite vindu», og det fungerer overraskande bra både jobbmessig og sosialt.

I dag besøker han hovudkontoret 2 – 3 gonger i halvåret og går sjeldan glipp av sosiale hendingar.

– Eg er alltid med på hytteturar og større arrangement. På den måten har eg eit sosialt nettverk med jobben i Oslo, samtidig som eg har skapt meg eit nytt nettverk her i Førde. Løysinga fungerer veldig godt, og eg trur vi vil sjå fleire fjernkontor i distrikta framover.

Runar Gjelsvik, ingeniør i Siemens.

I nabokontoret til Hagen sit Gjelsvik og jobbar på tre skjermar. Han flytta heim til Førde i 2014 saman med kone og to barn.

– Eg har tidlegare jobba både i Stavanger, Bergen og Oslo og har etter 15 år i Siemens eit solid jobbnettverk rundt om i landet. Sidan dei ikkje har kontor i Førde, men eg ville busetje meg her, sat eg tre år på heimekontor.

Gjennom barnehagen og eit mannskor kjente han til Einar, og det var han som tipsa om kontorfellesskapet på verftet.

– I lengda vart det litt einsamt å sitte heime. Det er fint å møte folk i gangane og ha nokon å ete lunsj med.

Gjensidig tillit

Han synest den digitale kommunikasjonen med kollegaene i Siemens fungerer bra, men meiner det er viktig med gode relasjonar i botn.

– Eg har mange kollegaer som eg kjenner godt frå før, og eg trur det er viktig for god kommunikasjon når du jobbar remote. Vi har gjensidig tillit, og etter mange år i bedrifta føler eg ansvar for å levere bra – også frå fjernkontor.

Det blir ein del turar til Siemens-kontora.

– Med dei digitale verktøya vi brukar i dag spelar det ikkje så stor rolle kor du sit, men det er likevel viktig å besøke kontora og kollegaene for å pleie forholdet og å oppdatere seg. Det er ikkje alt du fangar opp på fjernkontor. For meg er nærleik til flyplassen ekstremt viktig for å jobbe remote. Den gjer avstanden til hovudkontora kortare.

Magnus Solvåg, systemutviklar i New York-baserte The Orchard

– Eg har tidlegare sete mykje åleine og jobba, og då følte eg at det mangla noko. I dag leiger  eg kontorplass i Peak Sunnfjord, og synest slike teknologiklynger er ei fantastisk løysing når du jobbar remote.

Tidlegare var han ikkje så opptatt av fasilitetane og kor kontoret var, men no som han har familie ønsker han meir strukturerte former.

– Det er lettare når du har ein fast plass å gå til. Her møter eg andre i mi yrkesgruppe som eg kan diskutere med. Det inspirerer også til å skape noko saman.

Han har dagleg kontakt med utviklarkollegaene  i Europa og USA.

– Då blir det veldig konkret og mest jobbprat. Det hender eg saknar den daglege skitpraten. No som eg er i Peak Sunnfjord får eg heldigvis dekka den, smiler han.