Frå éin til 300

Enoro har skapt IT-eventyr i Dale og gjort alle spådommar til skamme.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

I den gamle skotøyfabrikken nede ved kaia i Dale, med utsikt mot fylket si mest omtala bru, ligg Enoro. Eit lite nøktern skilt på veggen fortel oss at vi har hamna rett stad. Her inne dreiv dei med big business når det gjaldt sko. No er businessen meir moderne og dreier seg om noko heilt anna.

Det byrja då Ove Myklebust jobba i det lokale elverket. Dei trengte eit betre system for korleis dei skulle måle kor mykje dei ulike kundane brukte i straum og eit fakturasystem som var kopla til dette. På fagspråket kallar dei det berre for MAFI-kjeden. Det står for måling, avrekning, fakturering og innfordring.

Starta med gjeld

– Eg sat for meg sjølv og laga eit system på dette. Etter kvart ønskja fleire andre elverk òg ta i bruk same system, fortel Myklebust. Det var i 1991. Året etter sa han opp i elverket, kjøpte ut programvara for 400.000 og begynte eiga verksemd. Han møtte tung motstand frå det offentlege.

– Eg prøvde å søke innovasjonsstønad, men fekk til svar at ein skulle ikkje drive med software-utvikling på ein liten bortgøymt plass på Vestlandet. At det ikkje var liv laga. Det var bestemt at slik utvikling berre skulle støttast i Oslo og andre byar, seier Myklebust.

26 år, 400 systeminstallasjonar og 300 tilsette seinare veit han kven som fekk rett. Allereie i løpet av det første året kom viktige kundar til verksemda, og etter eit halvt år tilsette han sin første medarbeidar, ein seljar. No er dei den største aktøren på denne marknaden i Europa.

Vert inspirert

– Er du stolt?

– Eg veit ikkje om stolt er det rette ordet. Men det er veldig inspirerande å sjå kva vi har fått til, trass i at mange ikkje hadde tru på oss, seier Myklebust.

Etter det har verksemda vekse jamt.

– Vi har eigentleg berre gjort det same heile tida. Det er framleis MAFI-kjeden vi jobbar mot for å løyse oppgåver for kundane våre, fortel Myklebust.

Yngre krefter

Leiinga i verksemda har han gitt frå seg til den yngre generasjonen. Stian Madsen er dagleg leiar. Myklebust understrekar at det heile tida har vore viktig for han at han som person ikkje er avgjerande for verksemda.

– Vi er ikkje ein mafia-organisasjon, men vi tenkjer litt som dei. Det må alltid vere ein som står klar til å overta som leiar, fortel Myklebust. No er han tilbake og jobbar med programvaren.

I andre etasje i det opne landskapet sit Kristoffer Hatlevik (24) og tek imot telefonar frå kundar frå heile landet. Han hjelper til med å løyse små og store utfordringar. Hatlevik er ein av dei siste som vart tilsett, saman med 19 andre hausten 2016.

Kompleks programvare

– Vi som er nye vert godt inkludert, og det er kjempekjekt å vere mange som lærer ting i lag. Programvara er kompleks. Det er mykje vi skal gjennom. Opplæringstida er på seks månader, seier Hatlevik. I tillegg til å hjelpe over telefon og e-post, reiser han òg ut til kundar for å ha opplæring og møter.

Leonora Laukeland Kleiven (31) har jobba her i tre år. Ho har ansvar for å følgje opp to av dei største kundane.

– Eg reiser mykje rundt i landet. Eg hugsar til dømes eg var på ei samling i Karasjok, og vi vart underheldt av ein same som joika for oss. Eg likar veldig godt at det er mykje farting, og eg opplever mykje i jobben. Å ha ein flyplass som Bringeland så nær oss, er heilt essensielt for bedrifta vår, seier Kleiven. Ho understrekar òg at det store moglegheiter for å få ulike oppgåver i verksemda.

– Det gjer at ein utviklar kompetansen sin på ulike områder, fortel ho.

Dei trur det er annleis å arbeide i Dale enn i ein storby.

– Her er det enklare å utvikle seg. Det er ein annan mentalitet. Leiinga er veldig opptekne av at alle skal trivast og tek godt vare på alle tilsette. Ein merkar at ein vert verdsett og at bedrifta ønskjer å behalde nettopp deg, seier Kleiven.

Hardt arbeid

Dagleg leiar Stian Madsen seier Enoro er eit døme på ei verksemd som arbeider hardt med å kontinuerleg tilpasse seg endringar i marknaden.

– Dette har vi lukkast med gjennom sunnfjordsk arbeidsmoral, sterk endringsvilje og svolt på nye utfordringar. VI har bygd ein solid posisjon i den norske marknaden over lengre tid. Dei to siste åra har vi løfta blikket mot Sverige og Finland, og vi har gjennom våre dyktige kollegaer allereie fått ein sterk posisjon internasjonalt, seier Madsen.

– Kva er det siste nye som skjer?

– Vi har vunne større kontraktar i våre marknadar. No jobbar vi aktiv med leveranseprosjekt. I tillegg investerer vi stort i teknologi – og produktutvikling. Energiselskapa brukar vårt produkt til kommunikasjon og fakturering av energi til sluttbrukarar som deg og meg. Vi har ei aktiv rolle i digitalisering av energibransjen, i form av å skape nye og betre opplevingar for sluttbrukaren, seier Madsen.