Fileteringskongen

– Eg sa for eit par år sidan at eg aldri skal på ferie nokon annan stad om sommaren enn på Vestlandet. Eg likar Vestlandet. Fjord. Fjell. Eg har fått meir og meir sans for kysten av Sogn og Fjordane. Dei seinare åra har eg vore mykje ute ved havet, i båt, fiska og dykka etter krabbe og skjell. Det gjer noko med meg.

Tekst: Ingrid Torp Matfoto: Werner Anderson Portrett: Calle Huth

Ole Jonny Eikefjord vaks opp med fjorden. Han er frå Førde, men familien var ofte på faren sin heimplass i Eikefjord. Der var dei så nær fjorden at dei kunne sjå frå huset om det var fisk i garnet. Ole Jonny jobba der i feriane. Onkelen lærte han å filetere fisk då han var sju år, for «ingenting skulle kastast».

Kokkekompisar

Ole Jonny var elles ingen stor matentusiast som liten. Han var kresen, som ungar flest, og var interessert i alt og ingenting – han skulle bli psykolog, eller kanskje kirurg. Han vart tidleg eksponert for skikkeleg matlag- ing, ettersom mora var heimeverande og laga mat «heile tida».

Deretter begynte kompisen Terje Ness på kokkeskule, noko som høyrdest spennande ut. Som 16-åring valde Eikefjord å følgje etter. Han var god med kniven, men ikkje noko talent, ifølgje han sjølv. Men jo meir han lærte, vaks interessa. Han starta som lærling på Sunnfjord Hotell, og steig i gradene til kokk, soussjef og kjøkkensjef. Undervegs sørgja han for vidareutdanning, både innan økonomi, og innan mat – i form av opphald ved restaurantane Statholdergaarden og Bagatelle i Oslo.

– Då eg tok jobben som kjøkkensjef på Sunnfjord Hotell, sette eg som krav at eg skulle få arbeide andre plassar ein månad i året. Eg hadde vore i Førde heile tida. Eg måtte få inn nye impulsar.

Mat
Mat
Mat

Kompani Stordalen

Som 30-åring fekk han den største kjøkkensjefstillinga i landet ved Hotel Continental, med 100 tilsette under seg. Det tok ikkje lang tid før nye moglegheiter dukka opp, i form av ein hotelleigar med eit lokale.

– Eg møtte Petter Stordalen. Han var stamgjest, og han spurte ganske raskt om eg kunne tenke meg å starte ein ny restaurant. Eg hadde berre vore i jobben ei lita stund, så eg sa berre «vi får sjå».

Men Eikefjord vart smigra. Halvanna år seinare ringte han Stordalen. Lokalet sto framleis urørt, og saman starta dei restaurant Eik. Suksessen let ikkje vente på seg. Restaurant Eik har motteke Michelinguidens utmerkelse «Bib Gourmand» ti år på rad, for gourmetmat til ein vettug pris.

Fem restaurantar

Restaurant Eik var berre det første samarbeidet mellom kokken og hotellkongen. Eikefjord finn konsepta, medan Stordalen «har trua, eller ikkje». Hausten 2015 opna dei den femte restauranten saman: Ein pizzeria med Norges største vinkjellar på Christiania Theater. Men Eikefjord har ikkje heilt forlate fjorden. Tradisjonelle italienske pizzaer får ofte sitt eige preg med inpirasjon frå heimfylket.

– Vi har norskinspirerte pizzaer med laks og kveite. Vi brukar dei beste råvarene frå heile verda, og Norge har den beste fisken.

Sjølv om Eikefjord har blitt meir resturant- eigar enn kokk med åra, er han framleis glad i mat. Og glad i å lage han.

– Eg likar all mat. Og eg lagar berre ordentleg mat sjølv.

Når han lagar mat frå heimplassen, er det mykje han kunne servert.

– Sogn og Fjordane har eit hav av gode råvarer, men det måtte nok bli fisk. Stekt fisk. Kanskje pale (småsei). Mulegheitene er uendelege, smiler han.

Mat
Mat