Fiberfest

Enivest har ei stor drivkraft: Å vere med å avgjere korleis den digitale framtida skal sjå ut.

Tekst: Astri Knudsen Foto: Kristine Folland

– Tenk deg at det er mogleg å sitte i Sogndalsdalen og jobbe med avansert teknologi på ei oljeplattform. Eller vere heime på Kjørnes og ta eit studium i USA. Eller vere bonde i Veitastrond og styre avansert mjølkeproduksjon frå pc-en, seier Nandor Helgheim.

45-åringen er dagleg leiar i IKT-selskapet Enivest, eit selskap han har vore dagleg leiar for sidan oppstarten i 2001. Då var dei 4 tilsette. I dag er dei over 40, og kan telja 120-130 millionar i omsetning.

I løpet av 15 år har dei vore med på å bygge ut fiberdekninga i Sogn og Fjordane frå null til over 50 prosent, noko som er godt over landsgjennomsnittet. Og mykje av utviklinga har akselerert. Berre dei to siste åra har fiberutbygginga blitt dobla.

– Vi ønskjer å leggje til rette for eit betre digitalt økosystem. Med dagens smarthus-konsept, velferdsteknologi, auka digitalisering i kommunane og i samfunnet elles, blir arbeidsplassen vår meiningsfull. Vi kan legge grunnlaget for å få til framtidige løysingar.

Null infrastruktur i 2000

I dag er Enivest det største IKT-selskapet heimehøyrande i Sogn og Fjordane, med kontor i Førde og på Sandane. I løpet av 15 år har dei fått til gode spleiselag og kostandseffektive investeringar, i tillegg til å vere oppteken av god kundeservice. Det har gitt lite fråfall av kundar og lav utskifting av tilsette.

– Då vi starta, var det null infrastruktur i fylket. Nesten ingen visste kva breiband var. Sidan då har vi hatt ei spennande reise, og har i dag fått til ein berekraftig butikk, fortel Helgheim.

Men det har ikkje berre vore enkelt. Det krev ei framtidsretta haldning og riktige meiningar om behovet framover for å lukkast i IKT-bransjen. Ikkje alle har vore einig i behovet for fiberutbygging, med Enivest har stått på sitt. Noko som har lønna seg.

– Vi skal på ingen måte ta på oss all æra for fiberutbygging i fylket. Det er fleire aktørar. Men eg trur vi har blitt betre av å jobba i ein konkurranseutsett marknad, fortel leiaren.

Utfordrande fjordar og fjell

Sjølv om fiberutbygginga er hovudfokus, er det ikkje alltid fiber som er den einaste løysninga i fylket vårt. Fylket sin fantastiske natur kan vere ei utfordring.

– Her må vi tenkje annleis. Vi har sikkert 1000 kundar som hengjer trådlaust i dag. Så her må vi stadig tenkje alternative løysingar og teknologi, ein spennande kombinasjon.

Det betyr at dei tilsette har eit breitt kunnskapsfelt og må vere kreative. Slik klarar dei å treffe marknaden og tilby produkt som kundane vil ha. Noko som gav eit overskot på 30 millionar totalt i 2014 og 2015.

Vil gjere ein skilnad

I 2002 trua fôrprodusenten Ewos med å legge ned i Florø. Det ville bety tap av mange arbeidsplassar. Men ved hjelp til fiberutbygging frå Enivest, fekk IT- og økonomiavdelinga bli verande. Ewos er verdsleiande innan produksjon av dyrefôr.

– Det er slike ting som gjer jobben så spennande. Eg blir stolt og audmjuk av å få lov å ha ein liten finger med i spelet.

Helgheim stoppar ikkje der. Han fortel engasjert om korleis det å ta rolla som ein tilretteleggjar i fylket er viktig. Dei jobbar mot eit felles mål i bedrifta, noko som gjer arbeidsmiljøet bra:

– Vi får legge byggjesteinane i eit digitalt økosystem, det er viktig for framtida og det stimulerer oss til å gjere ein ekstra innsats. Eg vil gje stor honnør til tilsette som er fleksible og søkjer nye løysingar heile vegen. Det er det som pregar kulturen og som er viktig for å leve i ein konkurranseutsett marknad. Kulturen er vår viktigaste eigedom.

Fleire tilsette i 2017

Enivest har tenkt å halde fram å vekse i 2017. Planen er å byggje ut minst like mykje som dei har gjort i 2016. Dei ønskjer også å utvide med fleire tilsette.

– Vi ser etter folk som tenkjer som oss, folk som kjenner gleda og ansvaret med på bety noko for omgjevnadane. Vi trur det er betre å vere stor i ei mindre bedrift, enn liten i ei stor bedrift. Hos oss får du mykje ansvar. I tillegg er det kort veg til å påverke avgjerder, og frå avgjerd til action, avsluttar Helgheim.