Festivalen som fekk Sogndal på skikartet

Etter 40 år med syltetøy og fotball, har Sogndal fått ei ny merkevare. Ord som «pudderfri» og «laussnøekspress» har vorte daglegdagse.

Tekst: Astri Knudsen Foto: Bratt moro, Silje Torgeirhagen

Snøen er unik, antal fjelltoppar er tosifra og naturen er majestetisk. Det har alltid vore slik i Sogn, men det har vore ein uoppdaga hemmelegheit for mange.

– Sjølv eg som er frå nabobygda Lærdal, tenkte ikkje på Sogndal som nokon skidestinasjon for ti år sidan, seier Egil Mundal, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Starta med ein festival

I 2008 vart Fjellsportfestivalen starta av en gjeng skientusiastar. Dei drog med seg fagfolk og tilbaud ein festival for alle som ville lære meir om ski, snø og ferding i fjellet.

– Eg fekk ideen etter ein tur på Turtagrø i 2007. Det var stappfullt av austlendingar som ville vere med på Fjellfilmfestivalen. Og då slo det meg: Om dei kjem heilt hit for å sjå på film i drittvêr, må det vere mogleg å få dei til Sogn for å stå på ski?, fortel Tor Yttri.

Bonden er ein av dei som starta festivalen. Han vil på ingen måte ta all æra for kva status Sogndal har som skidestinasjon i dag, men han innser kor mykje som har komme i kjølevatnet av festivalen. Dei har gjort mykje riktig.

Mellom anna har dei hatt fokus på kunnskap og henta inn fagfolk frå dag ein.

– Vi arrangerte ein fagkveld i januar eit år, for å sjå korleis ein kunne bygge opp eit skredvarsel. Vi trudde det var ei nerdesak, og at vi ville samle ein liten gjeng. Men innlegget på Facebook gav oss overveldane respons, og veit du? Det kom rundt 300 deltakarar! Nokon av dei hadde kjørt heilt frå Trondheim. Det er ein lang tur i januar, seier Yttri.

– Det var då vi innsåg at vi hadde knekt koden. Vi skjønte at det folk ville ha var kunnskap.

Om Fjellsportfestivalen

  • Starta: 2008 (10 år i 2018).
  • Arrangerast: onsdag-søndag i veke 8 (vinterferie).
  • 1500 deltakarar kvart år.
  • 269 frivillige (2017).
  • 42 arrangement (2017): Konkurransar, foredrag, kurs, turar og konsertar.

Ei nasjonal merkevare

Fjellsportfestivalen har fylt opp Sogndal med entusiastiske skikøyrarar fem dagar kvart år sidan 2008. Dei har tilbydd guida turar, føredrag, skredkurs, konkurransar, afterski og konsertar.

Ti år med festivalen har gjort noko med bygda. Alle timane med dugnad som er lagt ned, alle bedrifta som har bidrege som sponsorar, alle som har stilt opp for å få til noko og alle dei tilreisande som har komme igjen år etter år.

– Det har vorte ei nasjonal merkevare for Sogndal. At Fjellsportfestivalen har gjort oss til ein skidestinasjon er det ingen tvil om. Og det er eg stolt over. Når eg er ute og reiser med fotballen, snakkar vi mykje om ski og snø, fortel Mundal.

Å få Sogndal på skikartet har vore ein trigger for tilflyttarane. At dei kan jobbe og gå på topptur same dag er unikt. Å ta «pudderfri» frå jobb har vorte vanleg, og laussnøekspressen gir folk moglegheita til å ta skiheisen opp og frikøyre ned att. I tillegg har Høgskulen auka søkjertalet sitt dramatisk sidan festivalen vart starta.

– På Fosshaugane Campus har vi eit titals verksemder som gjer business av snø. Til dømes guidingselskap, utstyrsprodusentar, overnattingsplassar, filmselskap og fotografar. Og fleire verksemder har starta i Sogndal som ei følge av at gründerane er glade i ski og snø, seier Mundal.

Fotball-sjefen trur fotballen har godt av den nye merkevaren. Festivalen treff ei anna målgruppe og vil aldri verte konkurrerande. Det gir heller sogningane meir å vere stolt av, auka patriotisme.

Nokre sjuke stunt

Sjølv trur Yttri timingen har hjulpet dei godt på veg. I løpet av dei ti åra festivalen har vore, har det vekse fram ei toppturbølge i heile landet, samtidig som «randonee-revolusjonen» har blomstra. Alle vil ha lettare skiutstyr og alle vil gå nye toppturar.

– Og så gjorde vi nokre litt sjuke stunt, vi måtte jo få bra med publisitet. Og vi fekk mange innslag på NRK, med veldig gode sjåartal, fortel Yttri.

Mellom anna kjøpte dei tre gamle boblar eit år. Kom du på festivalen, kunne du vinne ein av bilane med deg heim. Og det var tilfeldig uttrekk av vinnarar. Yttri fortel at det vart litt dyrare enn dei hadde tenkt, då dei gamle boblane måtte få vinnarane trygt heim att også.

– Eit år bestemde vi oss for å kjøpe inn fleire små kamera. Vi delte dei ut i miljøet, og den gongen var det var stort å få låne eit digitalt kamera. Oppgåva var enkel: «Leik dykk med det, og lever filmsnuttar i retur». Og for nokre fantastiske filmar det vart. Vi begynte å pøse dei ut på nettet og fekk ein valdsam eksponering.

Fine filmsnuttar frå festivalen vart allereie første året vist på NRK før kveldsnytt-sendingane, både direkte og i opptak. Det har sidan den gong vore mange kamera til stades under festivalen, noko som har betydd mykje for merkevarebygginga av Sogndal som skidestinasjon.

Eit enormt spleiselag

For å halde hjula i gang år etter år, krevst det mange bidragsytarar. Det kostar å drive festival og det er mange oppgåver å halde styr på. Kvart år stiller mellom 60 og 70 sponsorar og samarbeidspartnarar. Det er eit enormt spleiselag i Sogndal. Og i fjor talde dei 269 frivillige, unge som gamle.

– Det er ein vanvitig kraft av dugnadsarbeidarar som stiller kvart år. Eg trur mange føler eigarskap til festivalen. Enten har dei vore med i alle år, eller så eig dei aksjar. Det gir ein ekstra stolheit og folk strekker seg langt, fortel Yttri.

– At vi har fått ei ny merkevare i Sogndal gjer folk stolt, og då vil folk bidra. Vi har eit tak på overnattingsplassar i Sogndal, så festivalen vert nok ikkje så mykje større i antal. Men eg håpar kvaliteten og merkevaren kan fortsette å vokse, legg Yttri til.