Med festival på rette staden

5000 personar bur på Eid. Under Malakoff er 4000 av dei på konsert, 500 er frivillege og resten er barnevakter.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Tommy Bredesen, Kristine Folland

– Men dei som er barnevakter har gjerne vore på festivalen på dagtid, altså. Då er det mange barn og barnefamiliar her, seier Arnt-Ivar Naustdal, leiar for Malakoff.

Sommaren 2016 skal festivalen arrangerast for 14. gong. I 2015 var det heile 10.000 besøkande begge dagar. I tillegg overnatta 5000 personar på festivalcampen like ved. No er det ikkje lenger ein utopi å selje 20.000 billettar. Dei veit at dei vert utselde.

Laga sin eigen festival

Historia om Malakoff er historia om tre ungdommar som tok skeia i eigne hender og skapte det dei sakna. Dei ynskte seg eit betre utval av konsertar og meir rockemusikk. Då bretta dei opp ermene og laga ein festival.

Det fyrste året laga arrangørane konkurranse om kva for politisk parti som klarte å stille flest frivillige.

– Dei klarte å engasjere alle. Det var ei brei lokal forankring. Både presten, klokkaren og lensmannen var med. Det breie engasjementet frå byrjinga var heilt genialt, seier Naustdal.

Slik har Malakoff vakse fram som eit stort fellesprosjekt på Eid. Tusen frivillige i alle aldrar deltek kvart år under festivalen. Ei rekke lag og organisasjonar lokalt og elles i regionen er òg med. Til gjengjeld skapar Malakoff liv og røre heile året på konsertstaden Gymmen. som er øvingslokaler for unge håpefulle. Malakoff gir også éin million kroner til lag og foreiningar kvart år.

Malakoff, rockehår
Malakoff, konsert
Malakoff, konsert
Malakoff, besøkande med solbriller

Frå 650 til 20.000

Surferosa var det mest hotte bandet som kom til fyrste festivalen, den gong i 2003. 650 personar kjøpte billett. Derfrå har Malakoff surfa på veldig gode bølgjer.

– Sjølv om ikkje alle på Eid likar rockemusikk, likar dei Malakoff. Festivalen har vorte noko meir enn musikk. Den er eit samlingspunkt både for innbyggjarar, utflyttarar og besøkande, seier Naustdal.

– Kva tenkjer du om det de har fått til?

– Eg er kjempestolt over å leie ein festival som engasjerer så mange. Vi har jobba knallhardt. Vi ynskjer at publikum skal få ei god konsertoppleving frå a til å, seier Naustdal.

Den nye hippe samlingsstaden

Før brukte ungdommar som hadde flytta ut å samlast i jula. No møtast dei både i jula og på Malakoff. Mange kjem til festivalen og vert verande i bygda ei veke eller to.

Kvart år kjem det grupper av frivillige òg frå andre stader. Russ frå Bergen har i fleire år jobba på festivalen for å finansiere russebussane sine.

– Den økonomiske modellen vi har, bidrar til drift av lag og foreiningar resten av året. Kvart år gjev Malakoff ein million kroner til lokale lag og foreiningar som bidrar på festivalen, seier Naustdal.

For å oppretthalde dugnadsgleda er arrangørane opptekne av å samarbeide godt med dei frivillege. Naustdal meiner det er viktig at frivillege får oppgåver dei meistrar og ynskjer, og at dei kjenner eit eigarskap til festivalen.

Malakoff, konsert

Musikk, ski og surfing

Naustdal håpar ulike verksemder og festivalar i Sogn og Fjordan kan arbeide endå tettare saman i framtida. Han meiner dei har mest å vinne på å spele på lag.

– Dei ulike kulturarrangementa utfyller kvarandre og gjev publikum i sum eit breiare tilbod.

Festivalen vil halde fram med å jobbe for å skape ei best mogleg festivaloppleving for dei besøkande. I tillegg ynskjer dei å tilby noko meir. Naustdal ser for seg at dei som kjem på festivalcamp kan bli buande i ei eller to veker.

– Vi ynskjer å skape ei Malakoff-veke.
I løpet av ei veke kan folk få med seg musikkfestival, stå på ski i Stryn og surfe ved Stad. Hadde ikkje det vore noko?

For å få til dette er festivalsjefen no på jakt etter framtidige samarbeidspartnarar. Målet er å skape fleire opplevingar for dei besøkande.

Meir komfort på campen

Festivalleiaren jobbar òg med å vidareutvikle camp-konseptet. Frå neste år vert det to ulike campar. Ein festivalcamp tett inntil konsertområdet slik det har vore til no, og i tillegg ein litt rolegare camp lenger unna. Her skal komforten vere høgare enn på den tradisjonelle festivalcampen.

– På camp to vil du kunne komme til ferdig oppslått telt og det er frukost inkludert. Det einaste du treng å ta med deg er ein sovepose, seier Naustdal.

– Er dette eit tilbod til dei litt eldre deltakarane?

– Det er eit tilbod til alle som ynskjer ein litt rolegare camp. Det passer fint for deltakarar i alle aldrar og gjerne for familiar.

Han ser for seg at folk kan verte buande der ei veke, medan dei får med seg ei rekke ulike opplevingar i området.

Malakoff, festivalcamp

Lovar show

– Vi trur at folk ønskjer å bli stimulert på mange ulike områder. At vi kan tilby ulike opplevingar, trur eg vil avgjere kven som kjem på arrangement i framtida. Trendane syner at det er vegen å gå.

– Og så til det alle lurar på. Kva artistar kjem i 2016?

– Vi har eit fantastisk program. Legenda Iggy Pop, OnklP & De fjerne slektningene, Yelawolf, Gojira, Odd Nordstoga, Gogol Bordello, Cancer Bats og mange vert fleire vert lansert utover våren. Vi gledar oss,
seier Naustdal.