• Kay Roar Hellebø

Energisjef på brua

Det grøne skiftet har inntatt styrhuset i Fjord1. Kapteinane konkurrerer om å bruke minst energi.

Tekst: Arve Sandal Foto: Arve Ullebø

Vi nærmar oss Krakhella ferjekai i Solund. Eit display på høgre side til kaptein Kay Roar Hellebø (36) viser eit dieselforbruk på 13,6 liter pr nautisk mil på «MF Losna». Eit lite drag i den ergometriske styrekula reduserer forbruket til berre 2,6 liter. Den moderne ferja med hydrodynamisk linjeføring held 10 knops fart med minimal motorkraft. Gjer kapteinen alt rett, skal «Losna» sigle mjukt inn til ferjelemmen.

– Vinden avgjer kursen inn mot kaia. Ved å utnytte vinden, kan eg bruke mindre motorkraft for å legge til, seier den konsentrerte kapteinen og kastar eit auge på skjermen som viser dekket og ferjelemmen.

«MF Losna» glir inn til kaia med minimal motorkraft. Eg minnest den kraftige støyen og vibrasjonane som oppstod når dei gamle ferjene bakka for fullt. Den tida er forbi. Matros Thore Gunnar Kristensen opnar for ilandkøyring. På fire-fem minutt er bubilar, lastebilar og personbilar på land i Solund, mens 16 nye køyretøy har fått plass om bord. På fastlandet klagar vi og irriterer oss over korte vegstengingar. I Solund er riksvegen eigentleg stengd i tre timar før ferja kjem tilbake og opnar sambandet i fem minutt. Slik er kvardagen lengst vest på Norskekysten.

Funksjonelt

På internradioen gjev matrosen klarsignal til kapteinen. Propellen som held ferja mot lemmen, blir stoppa. Den andre thrusteren vert aktivert, ferja sig ut frå land mens kapteinen svingar stolen 180 grader og set kursen mot Rysjedalsvika. For meg, som har møtt designar og skipskonstruktør Håkon Berg Gunnarson på Multi Maritime i Førde, er det artig å sjå kor funksjonelt alt fungerer på kommandobrua. Dette var det første styrhuset han utforma med ergometri og design i sentrum. Kaptein og styrmann har panoramautsikt 360 grader rundt og alle sentrale instrument innan rekkevidde utan å flytte eller strekke seg. Optimalisering er det viktigaste stikkordet for skipskonstruktørane i Førde.

Konkurranse

Kay Roar Hellebø kikar ofte mot drivstoffmålaren, eller flowmeteret som han seier. Det har blitt ein del av arbeidsrutinen på det han kallar 13 knops-ferja. Denne farten er optimal for det 75 meter lange skroget. Ligg han litt etter ruta og må auke farten eit par knop, aukar drivstoffbruket drastisk på grunn av motstandslovene i sjøen. Derfor er rask og smidig i land og om bord-køyring, viktig for heile mannskapet. Det er slutt på den tida at ein kan ringe til ferjeskipperen og be pent om å vente litt. Kapteinen har blitt energisjef på brua og konkurrerer med kollegaene om å bruke minst mogleg drivstoff på vakta.

– Intensjonen til Fjord1 er klar. Vi skal drive energieffektivt for å få ned utslepp og kostnadar. Når batteriferjene kjem, får selskapet bot om vi ikkje klarer å halde energirekneskapen vi la inn i tilbodet. Alle kapteinane har vore på kurs og er i ferd med å bli miljøsertifiserte etter standarden i ISO 50001. Til hausten blir det grøne skiftet og elektrifiseringa av ferjeflåten tema på samlingar for alle dei 1200 tilsette i Fjord1.

Mannskapet på «MF Losna» må samarbeide godt for å klare dei strenge energikrava i Fjord1. F. v kaptein Kay Roar Hellebø, styrmann Renè Bolstad, maskinist Lars Svaberg og matros Thore Gunnar Kristensen.

Mannskap

Kulturskifte

Kay Roar Hellebø snakkar som ein politikar om at alle skal med. Han har stor tru på teknologiske forbetringar, men meiner det er avgjerande for resultatet at mannskapa om bord endrar kultur og set den grøne tankegangen ut i livet.

– Vi kjenner intensjonen om energieffektivitet, så må vi ta omsyn til ei rekke andre faktorar som trafikkmengde, verforhold og rutetider. Alle faktorane skal vi handtere på beste måte ved å kjenne fartøyet godt, ha lokalkunnskap om hamnene og ikkje minst vere eit godt team. Vi kan ikkje berre stole på teknikken og gå autopilot. Å tenke sjølv er heldigvis framleis avgjerande for eit godt resultat i dette yrket.

«MF Losna» er ei av dei nyaste ferjene til Fjord1 og ber preg av både hydrodynamiske og aerodynamiske linjer frå skipskonstruktøren Multi Maritime i Førde. I dag ville dieselmotoren blitt erstatta med elmotor og hybridteknologi.

MF Losna

Draumen i Vest

«MF Losna» siglar forbi øya ho er kalla opp etter. Bak ferja er det nesten flat kjølstripe. Skipskonstruktørane i Førde har med lange og slanke skroglinjer klart å fjerne mykje av dei energikrevjande bølgjene frå fartøyet. I fjellhyllene aust for oss dukkar ofte havørnene opp. På eit nes rett framfor oss ser vi murane frå ein tidlegare barneskule på Losna.

– Landskapet yst i Sognefjorden er som skapt for reiseliv. Min draum her vest i havet er ei rein hydrogenferje med lokalprodusert hydrogen. Sidan vi trafikkerer eit trekantsamband, skulle vi hatt plass nok på dekk for å unngå at bilistane må snu. Salongen vil eg ha på øvre dekk med panoramautsikt. Då kan vi konkurrere med cruisebåtar og hurtigrute i oppleving for passasjerane. Vi kan bli ein grøn frontfigur på Sognefjorden med berre vassdamp frå skorsteinen, smiler sogningen Kay Roar Hellebø.

Den grøne visjonen til Fjord1 har sanneleg mønstra på.