Energifangaren i Førde

Kan ein vere fødd til eit yrke? Må ein bli skipsingeniør når den første barneteikninga er ein båt? Håkon Berg Gunnarson (25) teiknar smekre elferjer i Førde og veit svaret.

Tekst: Arve Sandal Foto: Arve Ullebø

For to år sidan fekk Håkon Berg Gunnarson sommarjobb i Multi Maritime AS i Førde. Den første jobben hans var ei skisse til den første elektriske ferja til Fjord1. 1. januar neste år er dei to batteriferjene «MF Gloppefjord» og « MF Eidsfjord» klare for trafikk på Nordfjorden mellom Anda og Lote. Sambandet er verdas første med berre nullutsleppsferjer. Dei to fartøya er like og minner mykje om konseptet til sommarvikaren i Førde. Ikkje rart Håkon fekk fast jobb i Multi Maritime som er eit av dei fremste skipsdesignselskapa i Norge.

Den godslege karen frå Arna utanfor Bergen klikkar opp 3D-teikninga si av styrhuset til «MF Gloppefjord». Alt er ergometrisk og nøye gjennomtenkt for at kaptein og styrmann skal ha full oversikt og nå alle instrument utan å måtte strekke eller flytte seg. Når ferja har lagt frå land, svingar fartøysjefen kjapt stolen 180 grader og tek kontroll over tilbaketuren på fjorden. Håkon har lagt flid og sjel i utforminga av styrhuset til skipper og styrmann. Han veit at her skal ein av kompisane hans sitje og ta styringa over den moderne ferja som no blir ferdigstilt på Tersan-verftet i Tyrkia.

-Som smågut avtalte eg med kameratane mine at eg skulle teikne og dei skulle styre. Fleire har utdanna seg til styrmann og fått jobb i Fjord1. Eg gjekk på Høgskulen i Bergen og vart skipsingeniør.

Gamle dampen

På kontoret til Håkon i Førde heng bilde av nydesigna ferjer og fraktefartøy som han har tilført elegante og funksjonelle linjer. Like ved skissa til ei visjonær hydrogenferje, heng bilde av den gamle fjordabåten Bruvik som gjekk i fast rute rundt Osterøy då Håkon vaks opp. Den gamle dampen med «skikkele maste og pipa med låt,» som Ivar Medaas skreiv, er eit kjært minne frå barndommens rike. Når Bruvik nærma seg Garnes ferjekai i Arna, heiv han seg på sykkelen og stod klar til å ta mot trossa.

Var det her «kjølen» vart strekt for Håkons liv og karriere? I så fall har det vore stø kurs fram til no. Han nærast voks opp i den 26 fot store snekka som faren innreia. Kvar sommar farta han og bestekompisen rundt på kysten i denne båten og vart kjent i kvar krik og krok frå Bergen til Kalvåg. Geografikunnskapane kjem vel med når skipsingeniøren i Førde no reiser rundt og loddar nøyaktige djupner ved aktuelle ferjekaier. Sambuaren, Christine Bekkenes, traff Håkon då begge var sommarvikarar på ferja «Showtime» som bandet Ausekarane turnerte med på kysten. På brua stod den vordande svigerfaren Frode som er kaptein i Fjord1 og no følgjer opp bygginga av batteriferjene for Anda – Lote i Tyrkia. Som kaptein har han gjeve svigersonen mange råd om optimale løysingar på brua. Christine vart restaurantsjef på hurtigruta «MS Polarlys». I dag er ho heime i rekkehuset i Førde i omsorgspermisjon med vesle Almar. Sonen er oppattkalla etter morfar til Håkon. Neppe tilfeldig sidan også morfar hadde ei maritime karriere som kadett på amerikabåten «Bergensfjord» og vart kaptein i utanriksfart.

Håkon Berg Gunnarson har draumejobben i Førde. Han designar funksjonelle fraktefartøy og ferjer og jaktar på alt som strekar.

Håkon Berg Gunnarson, Kontor

Eg ser på Håkon med vidopne auge. Snakk om samantreff og stø kurs heilt frå den aller første barneteikninga. At alt heng saman med alt får liksom ein ny dimensjon i møte med denne mannen. Eller kanskje er ikkje livet og vala vi tek så tilfeldige som vi ofte trur. Kanskje er vi både direkte og indirekte styrte av genpakken vi kom til verda med. At miljøet forsterkar arven, tenkjer eg og lurer på kva Almar skal bli? Håkon berre smiler og er glad for den raude, eller skal vi seie den havblå tråden i liv og karriere. Han har aldri tvilt på at fasinasjonen for alt som flyte kan, også skulle prege arbeidsdagen hans.

Saknet på kontoret i Førde sentrum er lukta og synet av ramsalt sjø. Håkon bøter litt på ulempen ved å legge arbeidsvegen over Indre Øyrane der han fornemmar sjølukta frå Løken. Blir saknet for påtrengande, køyrer han ut langs Førdefjorden til Kvellestad der foreldra har eit småbruk og 9-10 ulike farkostar i naustet. Der står eit par smekre Oselvarar og tresnekka han voks opp i. Eg var med han under vårpussen ein kveld og registrerte stor respekt for dei gamle for trebåtbyggarane.

– Ein onkel til far, gamleonkelen som vi sa, var trebåtbyggar. Han brukte augemålet og sikta når han justerte linjene i båten. Vi gjer ofte det same på kontoret. Sjølv om vi har mange dataprogram og topp utstyr, printar vi ut skissene på papir, legg dei på bordet og siktar for å vere trygge på at vi har dei rette linjene. Ikkje minst sjefen min, Gjermund Johannessen, som lærte trebåtbygging av meistrane i Jondal, likar metoden. Ein fot i gamle tradisjonar er ofte lurt, når vi utviklar moderne fartøy.

Miljø som vinnaroppskrift

Rundt Håkon Berg Gunnarson på Multi Maritime i Firdavegen 6 i Førde sit 34 kollegaer. Dei fleste konstruerer energieffektive ferjer og fraktebåtar på rekke og rad. Selskapet har vunne 24 ferjekontraktar sidan 2013 og konstruerer skreddarsydde fartøy frå konsept til minste detalj på arbeidsteikningane. Lenge før det grøne skiftet var blitt eit omgrep i samfunn og næringsliv, var energieffektive fartøy og system eit satsingsområde i Multi Maritime som har konstruert 120 skip sidan etableringa i 1983. Mellom anna har dei klart å redusere energiforbruket med 10-20 prosent ved å optimalisere utforminga av skroget. I dag haustar skipsingeniørane i Førde fruktene og ligg minst ei båtlengd føre konkurrentane som hadde ein gullalder i oljeindustrien.

Energisløsing forkasteleg

Håkon klikkar opp ei tredimensjonal teikning av eit ferjeskrog og viser korleis lange linjer i baug og skuteside skal redusere friksjon og motstand i sjøen.

– Alt som strekar må vekk, seier han. På andre sida av lettveggen sit kollega Roger Åmot og tenkjer utnytting av restvarme frå motorrom til oppvarming og ventilasjon. Vi som skal reise med desse ferjene, vil ikkje merke særleg forskjell, bortsett frå den stille og komfortable transporten. Men for skipsingeniørane i Førde ligg det eit hav av arbeidstimar for å klekke ut nye idear og optimalisere løysingane. Dei har blitt energifangarar som jaktar energisparing og gjenbruk av energi. Skroget har blitt meir og meir hydrodynamisk og overbygget stadig meir aerodynamisk. Når elferja klappar til kai, blir den automatisk forankra med sugekoppar og treng ikkje motorkraft mot ferjelemmen. Skipperen kan stoppe propellen og spare energi mens batteria får påfyll frå ladetårna. Den grøne gevinsten er mellom anna at batteriferjene mellom Anda og Lote går på fornybar energi og får 90 prosent lågare CO2-utslepp enn dagens ferjer.

Håkon og kollegaene er tydeleg stolte av jobben sin og bidraget til reinare skipsfart.

– Når eg ser bort over kontorrekkene og tenkjer på alle system og komponentar vi set saman, ser eg eit gjennomtenkt og tøft produkt som det er skikkeleg stas å vere med på å skape. Sløsing av energi og ressursar høyrer fortida til. Smarte og miljøvennlege løysingar trur eg blir kompasskurs for både mitt og Almar sitt liv. Kanskje ferjefritt Vestland er ein dårleg ide. Kanskje batteriferjer, som er så energieffektive at elbilen kan ladast på overfarten, er eit betre svar om nokre år, smiler Håkon Berg Gunnarson før han syklar heim over Løken til rekkehuset ved Grovefossen i Førde.

Skipsingeniøren i Førde søkjer ofte ut til familiebruket på Kvellestad ved Førdefjorden. Der tek han vårpussen på tresnekka han voks opp i og hentar næring til den maritime sjela. (Foto: Arve Sandal)

Håkon Berg Gunnarson, Båt