Ei båtlengd føre

Skipskonstruktøren Multi Maritime i Førde vinn kontraktar, utvidar kontoret og riggar for 15 nye medarbeidarar. Det grøne skiftet har blitt eit eventyr, seier leiaren.

Tekst: Arve Sandal Foto: Arve Ullebø

Det er nesten ikkje til å tru. Sidan 2013 har skipsingeniørane i Førde vunne dei fleste ferjekontraktane i Norge. 24 av 30 nye batteri- og hybridferjer blir no bygt etter design og konstruksjon frå Multi Maritime.

Historisk omlegging

– Dette er løn for bevisst satsing på energisparing og miljø over mange år. Det var eit svakare salsargument under den brennheite oljealderen. No er det nullutslepp og energieffektivitet som gjeld. Det grøne skiftet er den største omlegginga eg har vore med på etter snart 20 år i bransjen, seier dagleg leiar i Multi Maritime, Gjermund Johannessen som har 14 år bak seg i selskapet, dei fem siste som leiar.

Skipsdesignerane i Førde er ei båtlengd føre konkurrentane fordi dei var først med energieffektive skrogutformingar og eigenutvikla løysingar for varmegjenvinning og ventilasjon om bord. Dei skreddarsyr alle typar skip til formål og oppdrag og har all kompetanse i eige hus. Dermed kan dei teikne og følgje byggeprosessen frå konsept til minste detalj på byggeteikningane.

– Elektrifiseringa av ferjeflåten er truleg berre starten på eit grønt skifte for heile skipsfarten, seier Johannessen. Han viser til fordelane med elmotoren som utnyttar 85 prosent av energien, mens dieselmotoren i konvensjonelle fartøy berre klarer 35 på grunn av blant anna stort varmetap. Elmotoren har også mykje raskare responstid som er særs fordelaktig ved ferjekaier og hamner. Hovudpoenget er likevel at batteria kan ladast med fornybar energi og at utsleppa under drift er tilnærma lik null.

Multi Maritime AS

  • Vunne 24 av 30 ferjekontraktar sidan 2013.
  • Ser på heile fartyet som eit energisystem.
  • 35 tilsette og legg til rette for 15 fleire.
  • Passerer 50 mil. kr i årleg omsetnad.
  • Skipa av dei tilsette i 1983, i dag eigd av Fiskerstrand Holding i Ålesund.

I dag haustar Multi Maritime og dagleg leiar Gjermund Johannessen fruktene av å vere tidleg ute med smarte miljøløysingar om bord.

Meiningsfullt

– Tungoljen i maskinrommet er heldigvis snart historie. Eg er glad i å gå på ski. Skal etterkomarane få same gleda, må oppvarminga av kloden stoggast. Derfor er jobben vi held på med viktig og meiningsfull.

Den daglege leiaren i Multi Maritime er 40 år. Han får heilt sikkert sjå at hydrogenferja dei har på teiknebordet, bli realisert. Saman med eigaren, Fiskerstrand Holding i Ålesund, er Multi Maritime med på eit pionerprosjekt for å utvikle verdas første hydrogenferje. Selskapet har også skissert ei ferje med vindmøller og solceller. Neppe framtidsmusikk etter kvart som prisen på solcellekraft har kome heilt ned på 25 øre pr kilowattime. Kanskje kjem det etter kvart plussferjer som under gunstige forhold produserer meir straum enn dei brukar og kan tilby lading av elbilen på overfarten? Tanken fasinerer dei tilsette på Multi Maritime som lever av grøne tankebaner og smarte løysingar.

Omstilling er svaret

11 menn og ei kvinne sit konsentrert rundt møtebordet i Leirvik. Dei har nettopp fått ei storkontrakt på fem batteriferjer til vel ein milliard kroner opp i hendene. Det er få dagar til ferien, ei rekke val av utstyr og løysingar skal gjerast før dei kan ta fri.

– Det er dette vi likar. No blir det høg puls og full aktivitet att på verftet i to år etter ein laber periode, seier prosjektleiar Erlend Hatleberg.

I dag står berre ein liten produksjonsbåt for eit skotsk oppdrettselskap i dokka i Leirvik. I desember kjem det første ferjeskroget frå Tyrkia med design frå Multi Maritime i Førde. Så går det slag i slag med to liknande ferjer før dei fem siste med design frå Havyard Design og Solutions skal rustast ut i Leirvik.

Utfordrande energikrav

– Dette er første gong vi byggjer heilelektriske fartøy. Utstyrsmessig er ferjene enklare enn dei avanserte dykkarskipa og isbrytarane vi har utrusta. Den store utfordringa er å klare dei strenge energikrava som blir stilt frå Fjord1. Designerane har testa hundrevis av ulike skroglinjer i ein virtuell modelltank for å finne den optimale utforminga.

– Per Sævik og Havila er hovudaksjoner i både Fjord1, designselskapet og Havyard-verftet her i Leirvik. Vann de den siste kontrakten fordi de har kontroll på heile verdikjeda og alle marginane?

Prosjektleiaren ler så hjarteleg at det er vanskeleg å ikkje tru han.

– Her er det berre konkurranse som gjeld på alle plan om vi skal ha ei framtid i bransjen. Vi var i knivskarp konkurranse med eit anna verft heilt til siste slutt, seier Hatleberg.

Havyard
Havyard

Snur seg rundt

Havyard-verftet i Leirvik har vist mang ein gong at dei snur seg rundt og taklar nye oppgåver. Dei siste åra har dei bygt ei rekke forsyningsbåtar for oljeindustrien og avanserte dykkarskip. Nyleg leverte dei tre høgteknologiske isbrytarar og skal bygge verdas største brønnbåt med ein lastekapasitet på 7000 kubikkmeter.

– Flinke folk som heile tida kan omstille seg til nye oppgåver og nye løysingar er svaret i denne bransjen. Det har vi mang ein gong vist at vi klarer og samtidig levere kvalitet til rett tid og rett pris. Det er vår styrke, seier Erlend Hatleberg i Havyard Ship Technology og hastar tilbake til prosjektgruppa som omstiller for ei av dei mest omfattande fornyingane i norsk ferjehistorie.