Det perfekte augeblikket

Thomas Morel (28) fangar augeblinken betre med kamera enn du klarer med auga dine.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Thomas Morel Portrett: Silje Katrine Robinson

Som tenåring flytta Thomas Morel og familien frå Nederland til Feios. I Feios synast han at han berre gjekk for å vere “han der nederlendaren”. Då fann at han ut at han måtte gjere noko. Han ville ikkje bli identifisert berre som ein frå Nederland.

– Eg trengte noko anna som kunne identifisere meg. Eg var glad i å fotografere og ønskja å utvikle meg som fotograf, seier Morel.

Reiste til New York

17 år gamal såg han eit bilete som var teken av New York-fotograf Lois Greenfield. På bilete er det fem dansarar i ein formasjon der alle er i lufta. Biletet er så imponerande at det ser ut som det er manipulert.

– Eg skjønte ikkje korleis ho hadde fått det til.

Ei veke seinare var han på plass hjå stjernefotografen i New York. Den første gongen han kom dit, fekk han vere i studio hennar i ei veke. Han fekk sjå korleis ho jobba. Han hadde òg sett seg ut kva for bilete han ønskja å ta. Slik er det han arbeider. Alltid. Først ein plan i hovudet, der han ser for seg heilt konkret korleis bilete skal verte. Slik gjorde han det òg då han skulle ta sitt første bilete i New York.

Frå tanke til gjennomføring

– Eg fekk det til akkurat slik eg ville. Eg hadde sett for meg dansarar i aksjon, mot ein svart bakgrunn. Målet mitt er å fange augeblinken på ein så detaljert måte som mogleg, seier Morel.

Ein slik type fotografering kallast for “high speed photography”. Det handlar om å fryse ein augeblink i noko som går føre seg veldig raskt. Til dømes dans eller padling.

For nokre år sidan flaug Morel inn dansarar til Sogndal for å fotografere dei når dei dansa medan mjølk var i lufta. 350 liter mjølk vart brukt for å få bileta til å sitje perfekt.

– Mjølk har veldig interessante partiklar. Dei heng saman ei stund før dei vert bittesmå og løyser seg opp, fortel Morel.

Morel har jobba fullt som kunstfotograf og kommersiell fotograf sidan han var 21 år. Fram til då kombinerte han det med eige byggfirma. I fleire år har Morel vore ambassadør for kameraprodusenten Hasselblad, som er fotografane sitt svar på Porsche.

– Eg brukar aldri noko anna enn Hasselblad, seier Morel.

Som ambassadør får han sponsa noko av utstyret, vert promotert på produsenten si heimeside og reiser rundt i verda for å halde føredrag og workshops. Når det gjeld filmkamera brukar han merket Phantom. Det brukast for det meste innan industri, og er god på svært små detaljar i stor fart. Til dømes vert det brukt innan våpenindustri, for å filme idet ein handgranat går av for å sjekke om den fungerer ordentleg. I Noreg finst det tre slike kamera så langt Morel kjenner til. Eit i NRK, eit hjå eit produksjonsselskap og eit hjå fotografen i Feios.

Det siste året har Morel òg vore ambassadør for dronemerket DJI.

Drone, kajakk og fjell

Første gong han filma med drone, laga han ein film om ein kajakk som køyrte ned ei fjellside på Vikjafjellet. Samstundes rigga han opp så han kunne ta eit foto av ekstremkøyringa samtidig.

– Eg er nokså nøgd med bilete eg tok av kajakk-køyraren Julian Stocker, særleg med tanke på at me hadde sopass lite tid på oss til å få til noko heilt uprøvd.

Hjelpsame Sogningar

Morel har sterk tilknyting til Sogn og Fjordane, og meiner det er noko heilt spesielt med kulturen i Sogn. Hovudkontoret ligg framleis i Feios, og jobbane hans er på location over heile Norge og i utlandet.

– Utan gode hjelparar i Sogn hadde eg nok aldri fått den støtta eg trengde for å realisere prosjekt som berre høyrast for gale ut til å kunne gjennomførast. Eg har mange sogningar å takke for at dei har hatt tru på meg, sjølv om mine idear kan høyrast ut som galskap. Det hadde nok vore mykje vanskelegare å få til på andre plassar enn i Sogn!

– I Bergen kan det vera komplisert og byråkratisk å få tilgang til stader å fotografere. I Sogn kan eg berre ta ein telefon for å få låne ein symjehall eller gymsal til fotografering. Så svarer folk: – sjølvsagt kan du få låne, eg kjem og låser opp for deg! Det er verdfullt, og har kanskje vore avgjerande for starten på mi karriere. Eg har mykje å vere takksam for, seier Morel.