Den vakre detaljen

Ved å kombinere eldgamalt handverk og ny teknologi tryllar gullsmeden i Jølster fram ekte jølsterbling.

Tekst: Marit Bendz Foto: Kristine Folland/Private produktfoto

Anne Lise Øvrebø tek med seg den nyaste ringen, går over vegen og ned til Jølstravatnet, som ligg like spegelblankt som smykket ho har i handa. Gullsmeden danderer, testar ut, finn den rette vinkelen, lyset, den perfekte bakgrunnen. Merkar ikkje at ho er våt til langt over knea. Trass i den spektakulære naturen på Jølster, tek den ikkje luven frå smykket, men tvert i mot forsterkar den uttrykket, der ringen duppar i vassflata. Folk elskar det, det merkar ho på reaksjonane på bileta ho legg ut i sosiale medium.

Ny teknologi

Kven skulle trudd at det gjekk an å drive ein smykkeverkstad på vesle Ålhus? Gullsmeden og filigransarbeidaren starta med ingenting i 2003. Støtta frå Innovasjon Norge var avgjerande for at ho satsa og våga å investerte i avansert datautstyr. Ho er beviset på at det er mogleg å kombinere eit eldgammalt handverksfag med ny teknologi. I løpet av tretten år har smykkeverkstaden gått frå å vere arbeidsplass til levebrød.

– Eg starta opp som idealist, og laga berre eitt eksemplar av kvart smykke. Men eg fann fort ut at folk ikkje var opptekne av det eineståande. No heng jølstringane rundt halsen på menn som aldri før har gått med smykke. Halvjølstringane også.

Alltid nye prosjekt

Øvrebø Smykkeverkstad bruker svært lite på marknadsføring, nokre hundrelappar no og då for å fremje innlegg på Facebook, det er alt. Og det fungerer. Ein av kundane hennar snappa opp at kona hadde likt eit armband på Facebooksida til Anne Lise. Og plutseleg fekk kona den presangen ho ville ha.

– Det er enklare å starte opp i dag. Særleg for nisjebedrifter er Facebook avgjerande. Eg hadde ikkje internett i starten. Bransjen var ganske sidrumpa, ingen hadde verken nettsider eller katalogar. Eg måtte ringe kvar og ein leverandør for å bestille råvarer og verktøy. Det var verkeleg ei anna tid. Men eg er glad eg har vore med på utviklinga, for då måtte ein jo snakke med folk, smiler ho.

Anne Lise er handverkar i sjela, og skulle gjerne brukt enda meir tid på verkstaden. Ho har for mange idear, for mykje ho vil.

– Ein vert sliten av å ville så mykje! Eg begynner på altfor mange prosjekt, både her og heime.

Det tærer også på å vere ein rotekopp som liker å ha det ryddig, ler ho.

Ring
Smykke

Rabarbragull

Anne Lise tenkjer ikkje så mykje på kva som vil selje bra, når ho utviklar ideane sine. Det er vanskeleg å vite kva som slår an. Det tek mykje tid å utvikle nye kolleksjonar, samstundes som ho må produsere. Det ho derimot tenkjer mykje på, er å flette historia til Jølster inn i smykka. Hugleiksson-rosa, eller valmuen i vevemønsteret til Astrup, som ho overleverte dronning Sonja på hagefesten på slottet i haust.

– Namna på smykka er viktige. Kundane mine hjelper meg, og både ”Fryd” og ”Hjartedans” dukka opp under namnekonkurransar eg la ut på Facebook.

I sommar fall ho totalt for hjarteforma rabarbrablad. Sidan har ho farta mellom verkstaden sin på Ålhus og keramikkverkstaden til Kajsa Astrup Geelmuyden i Årdal, med bitte små rabarbrablad i sølv. Dei to kunsthandverkarane har kvart sitt utsal langs E39 og kunne vore konkurrentar. I staden deler dei ideane som løftar begge.

– Eg trur det er enklare for oss som driv «på landet». Det er meir samarbeid her, også på kryss og tvers av bransjar, seier ho.

Verdiar framfor vekst

Mange spør om kvifor ho ikkje etablerer seg i handelsbyen Førde. Men det har aldri vore i tankane til gullsmeden.

– No slepp eg all køyringa, og det er dyrt å leige lokale i Førde. Eg bur på Ålhus, og fridomen ligg nettopp i å sleppe å vekke tre ungar klokka seks om morgonen. Det er 500 meter til barnehagen og to kilometer til verkstaden.

For Øvrebø går verdiar framfor økonomiske fordelar. Litt ro. Tid til å lage skikkeleg middag. Eit nettverk av besteforeldre. Samstundes er ho glad for å ha budd andre stader, i Oslo og Setesdal. Det var på den tida ho fann seg ein annan jølstring. Det var ikkje lett å vere nyforelska i ein som budde 50 mil unna.

– Men så slapp eg å overtale ein kjærast til å flytte til Jølster. Han er trygt planta i jorda i her. Så det er faktisk uråd å få meg herifrå, smiler Anne Lise.