Den leikne forma

Keramikkskåler som ser ut som fotballar. Krukker som veks opp som mjuke steinsoppar, og uthola eple som kan brukast til småoppbevaring. Aud Julie Befring skapar former med litt overraskande funksjonar.

Tekst: Heidi Hattestein Foto: Heidi Hattestein/Private produktfoto

– Eg brukar element frå naturen. Naturen har i grunn funne oppskrifta på god design, både estetisk og funksjonelt, så eg kjem nok til å hente inspirasjon frå naturen ei god stund til. Berre folk ikkje blir leie, seier Aud Julie Befring (30). Ho leikar med å kombinere gammal stil med nye trendar, og elskar arbeide med keramikk, ull og tekstilar.

Produktdesignaren har hatt mange utstillingar i både inn og utland, og ho har fått mykje merksemd for puffen Sting, og som vinnar av Statoil sitt talentprogram «Morgendagens helter skaper morgendagens kulturarv». Men aller mest kjent er ho nok for krakken Cool with wool. Krakken er henta ut av postkort-naturen som Aud Julie vaks opp i: Stardalen i Jølster. Den er inspirert av lamma som bykser rundt på bøane kvar einaste vår. Den står på breibeinte føter og har eit sete av ullballar i mange fargar. Krakken er sett i produksjon i samarbeid med svenske Aveva Design, og har no namnet WOW chair.

Eikvinne-fabrikk

Aud Julie Befring bur i Oslo i lag med kjærasten sin. I hovudstaden disponerer ho ein fullt utrusta verkstad ved Høgskolen i Oslo og Akershus; ein liten ei-kvinne-fabrikk der ho produserer gjenstandar for sal. Ho jobbar også ein del i kjellaren i barndomsheimen.

«Galskap» kallar ho valet av karriere. Folk kan kjøpe masseproduserte ting for ein slikk og ingenting, kvifor skal dei velje design som kostar litt meir?

Kanskje kan ein seie at designarar gyv laus på daglegdagse ting og gir dei ein liten tvist. Ta for eksempel brannslokkingsapparatet som du etter gjeldande forskrift skal ha i heimen din, dette viktige apparatet som ikkje akkurat er eit syn for auga og som er freistande å stue vekk bak koffertar og refleksvestar. Veit du at det er strenge krav til korleis eit slikt apparat skal sjå ut, mellom anna at det skal vere 90 prosent raudt?

Lace
CWW

Meir enn pynt

Aud Julie skreiv masteroppgåve i produktdesign med brannvern som tema i lag med Anja Leiknes. Dei enda med å designe eit brannslokkingsapparat som er lettare å handtere enn dagens, det kan mellom anna brukast med éin arm. Dei forma det som ei stilisert marihøne.

Design er meir enn pynt for Aud Julie. Tinga skal ha funksjon og levetid. Ho ønsker ikkje å bidra til bruk-og-kast og vil heller at ingen kjøper produkta, enn at dei byter dei ut etter eitt år.

– Som designar skal ein tenkje på berekraft og materialbruk, men også på at kundane skal ha glede av produkta over lang tid og gjerne i generasjonar. Å måtte spare pengar for å kjøpe seg noko, måtte vente og gle seg; det trur eg er ei undervurdert glede, noko vi alle kunne hatt godt av. Det er lett å la seg rive med av billige produkt som er masseproduserte i lågkostland. Men produkta mine er ikkje dyre med tanke på arbeidet som ligg bak, seier Aud Julie.

Kreativitetsboble

Aud Julie får dei fleste ideane sine i barndommens dal. Det er ikkje berre dei spretne ullnøsta og den friske fjellufta som gjer det.

– Eg er litt bortskjemt når eg er heime. Mamma vaskar kle og lagar middag, og eg treng ikkje å tenke så mykje på praktiske ting. Eg får feriefølelse. Eg slappar av, og då boblar kreativiteten, seier Aud Julie.

Familien er viktig på mange plan.

– Eg prøver å klare meg åleine, men familien blir som regel dratt inn i prosjekta mine. Pappa har hjelpt meg mykje med trearbeid, og mamma har tova minst hundre ullballar. Besta på 90 år bidrar også. No høyrest det ut som om familien er ei maurtue, og eg er dronninga, seier ho. Og så ler ho på ein måte som minner om krakkar som bykser og sprett bortover golvet.