Dei 1000 viktigaste dagane i livet

Heidi Aabrekk er overtydd om at sansestimulering i alderen 0-3 år kan hindre lese-og skrivevanskar seinare i livet. Etter fleire år med utprøving i barnehagar ser ein tydelege resultat av den tidlege innsatsen.

Tekst: Marie Tefre Birkeland Foto: Kristine Folland, Kristin Støylen

Aabrekk er spesialpedagog, mor og gründer av den pedagogiske Bravo-leiken. Ein leike som er spesielt utvikla for barnet sine tre første leveår. Bedrifta hennar Intempo tel i dag tre tilsette, og er lokalisert på Sandane.

Nytt perspektiv

– Det heile begynte med mi overtyding etter arbeidet med min eigen son. Han er fødd med ein hjerneskade og har hatt behov for tett oppfølging heile vegen.

Sonen fekk dårlege prognosar med lite håp om positiv utvikling. Han var funksjonelt blind, men fekk synet tilbake etter intensiv sansestimulering. Han lærte å lese då han var 2,5 år, og i dag kan han til og med notar og komponerer musikk.

– Då vi fekk oppplæring med han, lærte vi kor viktig sansestimulering er for vekst og utvikling. Erfaringane vi gjorde oss stod i kontrast til den spesialpedagogikken eg var opplærd i.

Aabrekk byrja å lese om det nye perspektivet. Om det å kvar dag stå på for å setje varige spor i hjernen. Ho såg korleis dette gav effekt på sonen, og skjønte at dette måtte ho jobbe vidare med.

Bravo-leken

I 2008 hadde Aabrekk vore heime med sonen i fire år. Dei trena heime kvar einaste dag.

– Då eg såg kor godt sansestimuleringa verka på han, ville eg prøve det ut i barnehagen. Også der såg eg effekt. Det såg ut som alle hadde nytte av det. Alle kunne vere saman, og alle kunne vere med.

Hjerneforsking viser at dei 1000 første dagane er viktigast i eit barns liv når det gjeld språk, motorikk og tryggleik. Med utgangspunkt i dette starta ho å utvikle Bravo-leiken i 2009.

Bravo-leiken er eit pedagogisk opplegg for små barn som kan brukast i barnehagen eller heime. Den fokuserer på leik og ei rekke aktivitetar som utviklar hjernen frå tidleg alder. Leiken skal brukast i 10-15 minuttar, fem gongar i veka, tre månadar på hausten og tre på våren. Opplegget inkluderer aktiv leik som byggjer på fysisk aktivitet, sanseopplevingar og interaksjon med vaksne.

– Heilt sidan eg blei presentert for denne måten å tenke på, har eg vore heilt sikker på at dette er noko å jobbe vidare med. Eg har aldri vore i tvil.

«49 prosent av alle førsteklassingar kunne trekke saman lydar etter ein månad i 1. klasse, mot gjennomsnittet på 7 prosent»
– Heidi Aabrekk

Gode resultat

I kommunane Andøy, Solund, Valle og Tysnes har alle barnehagane prøvd ut Bravo-leken i ein samanhengjande periode på fem år sidan 2012. Dette har gjeve gode resultat. Tidleg, systematisk stimulering av småbarn i desse kommunane har auka tal på barn som kan trekke saman lydar og lese på 1. og 2.trinn, samanlikna med det nasjonale gjennomsnittet.

49 prosent av alle førsteklassingane kunne trekke saman lydar/lese etter éin månad i 1.klasse, mot gjennomsnittet på sju prosent.

90 prosent av andreklassingane kunne lese etter éin månad i 2.klasse. PPT-tenesta, som har følgt utviklinga tett, rapporterer om ein merkbar nedgang i hjelpetiltak, sidan oppstarten av prosjektet.

Skular rapporterer om redusert behov for tilrettelagt undervising og spesialpedagogiske tiltak i 1. og 2.klasse.

– Vi er sjølvsagt kjempefornøgde med desse resultata. Dette er ikkje ei vitskapleg undersøking, men det gjev likevel ein veldig god indikasjon på at tidleg stimulering gir effekt på dette området, seier Aabrekk.

Må tenke nytt

Intempo har no teke helsestasjonane med inn i prosjektet. Målet er å betre folkehelsa til barn ved hjelp av språk, fysisk aktivitet, kosthald, kvile og tryggleik.

Fordelen med å få med helsestasjonen er at dei har 100 prosent dekning. Slik når vi alle, og kanskje dei som treng det aller mest.

Dei første 1000 dagane i livet er barnet heime, i barnehage og på helsestasjon. Alle veit kva barnet treng. Intempo vil få til ein folkehelsedugnad der alle som er saman med barnet dei første åra går saman om dette, og set det ut i praksis. Førebyggjande tiltak for heile barnegruppa er langt billegare, enn reparerande tiltak når barna vert eldre.

Vil tilby full pakke

Dei fleste barnehagar har forankring i modningsteoriar som er over 100 år gamle. Intempo jobbar etter den dynamiske systemteorien som viser at barna si utvikling ikkje skjer i eit vakuum, men i eit komplekst samspel med omgjevnadene sine.

– Vi er svært opptekne av at barna skal utforske og leike fritt, men vi vaksne bør ha ei meir aktiv rolle. No har ein jobba ut i frå dei gamle teoriane så lenge, og så mange som 20 prosent fell i frå seinare i utdanningsløpet. Det viser at det ikkje fungerer. Ordforrådet ditt som treåring avgjer leseferdigheitene dine i fjerde klasse. Då er det vår jobb å plukke opp så mange treåringar som mogleg, og den jobben startar første leveåret.

Prisvinnande prosjekt

Støtte frå Innovasjon Norge, Ferd sosiale entreprenørar, og Årets Gründer Sogn og Fjordane 2014, har mogleggjort satsinga dei siste åra. Aabrekk meinar det er viktig med merksemd rundt tematikken, slik at ein får sett fokus på aldersgruppa 0-3 år.

– Gjennom tildeling av prisar får vi vise oss fram. Det er kjekt at sosialt entreprenørskap får ein plass i desse kåringane. Det skal også seiast at det er rart å bli hylla for å vere ei suksessbedrift og samtidig oppleve motstand mot denne nye måten å arbeide på. Men hadde det ikkje vore friksjon hadde det vel heller ikkje vore innovasjon?

Mange spør kvifor eg er på oppteken av lesing i barnehagen, ler ho.

– Og det er eg jo ikkje. Eg er oppteken av å gje barna det grunnlaget dei treng for å bli gode å lesarar på eit seinare tidspunkt. Då er eg heilt sikker på at det er viktig med sanseopplevingar som gjev betre utvikling, betre begrepsforståing, godt ordforråd og språkleg medvit. Ein kan ikkje gje 1-åringar ansvar for eiga læring, meinar gründeren.

Samarbeid er avgjerande

Gründeren frå Sandane påpeikar at Bravo-leken ikkje er det einaste som skal til for å nå måla, men at det kan vere eit supplement, eit hjelpemiddel som kan sikre at barnet får meir sansestimulering.

– Det er ikkje berre éit tiltak som avgjer resultata i ein kommune. Det viktigaste er å få eit samarbeid mellom familiar og barnehagar, og det at kommunen prioriterer dei yngste, avsluttar ho.

Frå leikar til suppe

Selskapet har no lansert eit prøveprosjekt med supper av ekte mat for barn med knapp. Det finst ingen alternativ til sondenæringa desse barna får servert. Ifølge Aabrekk er det lite variasjon i denne maten. Også her har ho henta erfaring frå eige liv. Ho lagar nemleg eigen mat beståande av kjøtt, fisk og grønsaker til sonen sin, som brukar knapp.

– Kvifor skal ikkje dei som andre barn få ete variert? Suppene skal vere ein snarveg til ekte mat i magen, og det er kjekt om fleire får glede av det.

Dei vert sjølvsagt produsert i samråd med ernæringsfysiolog.

– Det blir spennande å sjå kva vi får til vidare, seier ho med eit smil om munnen.

Peg/knapp

  • Nokre barn med alvorlege etevanskar kan ha behov for ernæring gjennom ein PEG/knapp.
  • PEG er ein metode for å tilføre sondemat direkte inn i magesekken.
  • PEG står for perkutan endoskopisk gastrostomi.