Dansedilla

Jorunn Reina hadde sin første ballettime som 16-åring. Det vart starten på ei 24 år langt eventyr som dansepedagog.

Tekst og foto: Kristine Folland

– Jorunn, kven skal ha desse kostyma? Jorunn, kan du sette opp håret mitt? Jorunn, eg skulle hatt litt hjelp med sminken? Jorunn?

120 mus, kinesarar, russarar, snøfnugg og blomsterpiker hoppar rundt på bakrommet i Førdehuset. Det er generalprøve på Danseverkstaden si oppsetjing av Nøtteknekkaren, og born, foreldre, musikarar og songarar er i gang med å setje siste hand på verket. Jorunn Reina svarer roleg på haglande spørsmål frå alle kantar.

– Jorunn, du seier frå når vi skal på scena, sant? Eg er så spent! spør ei av snøfnuggjentene, medan ho tviheld Reina rundt magen.

– Det er bra med litt sommarfuglar, då presterer du bedre, smiler Reina og går vidare til neste spørsmål.

Dei eldste dansarane står i kø foran spegelen og sikrar at sminke og hår er på plass. Såre tær blir plastra finurleg før dei på ny skal tilbringe dei neste timane i slitte tåspissko.

England for å lære

Jorunn Reina har aldri sjølv vore dansar, men har via livet sitt til å lære andre. 300 born og unge er til ei kvar tid innrullert i Danseverkstaden, som Reina har drive sidan 1995.

Reina sjølv hadde sin første ballettime på vidaregåande. Då var det gjort.

– Eg har alltid likt å danse, men det var ingen som lærte bort ballett i Førde på den tida. Og det var berre det eg ville lære. Så fekk eg høyre om ei fransk dame i Naustdal som heitte Monique Liset som underviste i ballett, og då måtte eg sjølvsagt begynne der. Sidan den gong har eg vore hekta, fortel Reina.

Etter vidaregåande tok Reina lærarskulen, og let ballettskoa kvile på hylla. Men saknet vart for stort, og etter oppmuntring frå dansepedagogen hennar, Leyeune Avdal, bestemte ho seg for å bli dansepedagog.

– Eg ville lære meg det internasjonale systemet i klassisk ballett, og det var få skular i Norge som tilbydde det. I tillegg var det berre dei aller flinkaste dansarane som kom inn i Norge, og der var ikkje eg. Eg hadde begynt for seint med dans til det.

Valet enda på Northern Ballet School i Manchester. Tre knallharde år.
– Dagen starta i studio halv 10, og vi var først ferdige kl 20. Laurdagane var ”frivillig,” men vi vart alle etterlyst, dersom vi ikkje var der, ler Reina.

Etter åra i Manchester, var Reina innom Trondheim, før ho flytta tilbake til Førde i 1995. Der veksla ho mellom å jobbe som lærar på barneskulen og vidaregåande, i tillegg til å starte opp Danseverkstaden.

– I lengda vart det for mykje jobb, og eg valde å satse for fullt på Danseverkstaden. Eg starta med 35 elevar, men eg innsåg raskt at dette kunne eg gjere til eit levebrød.

Eit levebrød ho har hatt i snart 23 år. Kvar veke underviser ho 31 timar dans born og unge mellom 4 og 19 år.

Danseverkstaden
Danseverkstaden

Dei viktige 4-åringane

Kvar haust har ho ein sverm av sommarfuglar i magen. Når ho skal ta i mot 14 nye 4-åringar.

– Det er så spennande å ta i mot nye born på barnedans. Klarer eg å nå inn til dei? Likar dei dansen? Tør dei sleppe seg laus?

Mange ser ikkje poenget med å starte med dans allereie som 4-åringar. For Reina er denne gruppa den viktigaste.

– Meininga med barnedansen er å trene grunnleggande motoriske ferdigheiter, rytme og kryssrørsler. Dette hjelper på samarbeidet mellom høgre og venstre hjernehalvdel. Forsking har vist at dans er utviklande med tanke på lese- og skriveferdigheitene til borna. Det burde vore obligatorisk i alle barnehagar å danse. Det hadde vore til kjempehjelp når ungane startar på skulen.

Armane går i kryss og tvers, idet Reina viser med den største entusiasme viktigheita av å bruke kroppen når ein er liten.

Fundamentet i dans

– Avslutt skikkeleg! Armane skal vere i same posisjon heile vegen ut. Og hugs å smile! Ingen slappe hender og bein vert godkjent på scena i Førdehuset.

Reina følgjer Royal Academy of Dance (RAD) sitt system, i korleis ein byggjer opp ein god dansar.

Jo meir eg underviser, jo meir ser eg kor godt systemet virkar. Det er ein verktøykasse med trappetrinn ein må gå for å utvikle seg som dansar. Kor mykje ein trenar, er avgjerande for kor fort ein går trappetrinna, og det er eit svært godt system, fortel Reina.

I Norge har ein ikkje eit eige system for ballettoplæring. Dei mest vanlege metodane er russiske Vaganova, italienske Cecchetti og engelseke RAD. Reina er klokkeklar på viktigheita av klassisk ballett.

– Klassisk ballett er fundamentet for all scenisk dansekunst. Dersom ein har kjennskap og fysiske ferdigheiter innan klassisk ballett, vil ein lett kunne lære seg andre stilartar som jazz, moderne og hip hop. Det er vanskelegare andre vegen, fortel ho.

Teknikken og ferdigheitene ein utviklar, er av stor betydning for kva ein er i stand til som dansar.

– Du lærer teknikkar som gjer at du får større leddutslag, og trenar musklar som du elles ikkje ville trent. Det krev ei heilt spesifikk trening å få kontakt med desse musklane. Teknikkane blir mykje brukt i dansestammen til andre stilartar. I tillegg er klassisk ballett veldig retta mot finmotorikk, så det utviklar evnen til å sjå viktigheita i detaljane, seier Reina.

Drivkraft i meistring

Noko av det mest effektive verkemiddelet ho har, er å bruke elevane i undervisninga.

– Vi øvde på ein dans som berre vart så måteleg bra. Så var det ein elev som dansa heilt nydeleg. Ho fekk vise dei andre. Eg spurte om kven som trudde at dei kunne danse like godt som ho. Alle rekte opp handa. Deretter gjekk det strålande. Det naturlege konkurranseinstinktet slo inn, smiler Reina.

Ho er ikkje redd for at elevane skal konkurrere. Det kan vere sunt i riktige dosar.

– Det er naturleg å ville meistre. Vilje er mykje viktigare enn talent. Ein kan ha 90 prosent talent og ti prosent vilje utan å nå nokon stad. Medan dei som har ti prosent talent, men den sterkaste viljen i verda, kan nå så langt dei vil. Hard jobbing må til – uansett.

Å få borna til å føle meistring er den største drivkrafta bak jobben ho gjer.

– Det er fantastisk å sjå når ungane meistrar noko dei ikkje har fått til. Eller når ein av ungane, som kanskje har vore litt i bakgrunnen, plutseleg tek steget og meistrar noko vi har øvd på lenge. Litt sånn, hei, kvar har du vore?

Utvida tilbod

Høglydt klapping på bakerste benk i Førdehuset. Alle dei 120 dansarane er oppstilt i perfekt harmoni på scena. Finale. Alt skal vere perfekt til premieren dagen etter.

– Hugs å smile. Alt blir finare når de smiler. Reina er tydeleg nøgd. Smilet er prikken over i-en.

Dei siste åra har Danseverkstaden leigd lokaler på Sunnfjord Folkehøgskule. Hausten 2018 får dei eigne lokaler på Prestebøen ved Førdehuset. Tre dansesalar, noko som betyr eit utvida tilbud til enno fleire born.

– Då kan vi køyre tre klassar samtidig, så det blir færre på venteliste og nye tilbod.

Reina sin tidlegare elev Miriam Førde er også flytta tilbake til Førde, og skal arbeide som dansepedagog i Danseverkstaden. Noko som gledar 58- åringen stort.

– Alle vil bli dansarar, men altfor få vil bli pedagogar. Å få Miriam tilbake er fantastisk.

Ho var ein av mine første danseelevar. Seinare har ho undervist på Danseverkstedet i fleire periodar. Nøtteknekkaren ville nok ikkje vorte noko av, dersom ho ikkje hadde vore med. Ho har kunnskap innan fleire sjangrar som release og yoga, noko som betyr at vi får enno fleire tilbod i Danseverkstaden – både til born og vaksne, fortel Reina.

Reina har bikka 58 år, men har ingen planar om å slutte med det første.

– Eg gjer dette av rein og skjær egoisme, kjem det kontakt, medan ho lener seg bak i sofaen og ler hjarteleg.
– Eg elskar jo jobben min. Eg synst det er fantastisk å gå på jobb kvar einaste dag. Kor mange kan seie det? Det hadde vore deilig å ha litt mindre timar, med det er det. Livet er jo godt når ein kan danse gjennom det, smiler Reina.