Champagne, golf og eit friskare blikk

Kvart år reiser 80 toppleiarar frå fylket på luksustur med Sparebanken Sogn og Fjordane til utlandet. Rein snobbetur, eller har champagnen ein viktigare ettersmak?

Tekst og foto: Kristine Folland

Flesland, 20. april 2015

80 toppleiarar frå Sogn og Fjordane entrar det privatleigde Widerøe-flyet. Destinasjon, Turnberry Resort i Skottland, eit luksushotell heilt vest på den kiltkledde øya.

Moods of Norway, Brødrene Aa, Hellenes, Sogndal Fotball, Tine, Miljøservice, Melin Medical, Bano, Enoro, Lyng, Airlift. Lista over næringslivstoppar er lang.

Sekkepipetonar møter oss idet bussen svingar inn på hotellet. Ein kiltkledd Arvid Andenæs ønskjer velkommen.

Den administrerande direktøren i Sparebanken Sogn og Fjordane er primus motor bak toppleiarsamlinga. Det er andre gong han tek med seg næringslivsleiarane på tur – med eit mål for auge – å bli betre kjent.

– Etter mange år i banken vart eg stadig forundra over kor dårleg folk kjente kvarandre. Kor lite dei visste om kvarandre. Og det ein ikkje kjenner til, kan heller ikkje føre til business. Nettverksbygging. Kunnskapsdeling. Samarbeid, fortel Andenæs.

Dag 1

Steffen, reis deg! Fortel kven du er, og om bedrifta som har den einaste presidenten i fylket, smiler Andenæs.

Steffen Birkeland frå Maritime Montering på Bjørvikstranda i Gaular reiser seg i forsamlinga. Bedrifta, som driv med skips-nnreiing, starta i garasjen til faren i 1981, og tel i dag 400 tilsette og har ei årleg omsetjing på 500 millionar. Nytt for mange.

– Preben. Din tur.

Preben Moen. Hotelldirektør for Gloppen hotell. Årets unge sjef i 2014 som, trass i sin unge alder, har styrka profilen til hotellet rundt ikkje-reist mat og drikke. 37 underleverandørar i Gloppen leverer varer til hotellet.

Ein etter ein vert dei presentert og framheva. Spesielt dei unge, nye, ukjende. Ein unik mulegheit til å vise fram sine tenester til den tettaste forsamlinga av toppleiarar i fylket.

– Eg prøver alltid å komme gjennom alle. Bryte isen, især dei som er nye i næringslivet i fylket. På den måten vil det alltid komme nokon bort til dei i pausane for å høyre meir. Lære meir om kva dei driv med. Slikt kan føre til spennande samarbeid, fortel Andenæs.

Årets agenda er ei felles satsing på Sogn og Fjordane. Eit friskare blikk som skal sikre ringar i vatnet for generasjonar framover. Dystre spådommar om eit folketomt og livlaust Sogn og Fjordane er ikkje eit tema, men korleis næringslivet saman skal samarbeide og sjå framtidsretta mulegheiter i eige fylke. Å tenke nytt, annleis og motstraums. Å innsjå at det vi skal leve av i framtida, må vi skape sjølve.

– Som bank har vi relasjonar til heile næringslivet. At vi tek på oss ei samlande rolle, er heilt naturleg. Mange bankar har eit tilsvarande opplegg i sine respektive fylke. Det er veldig viktig å kjenne til kva naboen gjer. Det kan både føre til direkte business mellom to verksemder, men også at ein hjelper kvarandre til potensielle kundar og nye kontaktar, seier Andenæs.

Ole Berrefjord, Rasmus Mo og Victor Normann er henta inn som føredragshaldarar. Sistnemnte er fast inventar på toppleiarsamlinga. Deira jobb er å sjå Sogn og Fjordane utanfrå – å gje deltakarane eit vidare perspektiv på fylket.

Dag 2

Med småregn i lufta samlast alle utanfor hotellet. Dressar og slips er bytta ut med joggebukser og løpesko. På timeplanen står golf, sykling og leirdueskyting. Nærkontakt med falkar, ørner og ugler. Whiskeysmaking, konkurransar og mingling. Konkurranseinstinkta er i høgaste grad intakte.

– Det må vere moro. Folk vert ikkje med om vi ikkje spikrar eit fantastisk opplegg. Folk skal kose seg, samtidig som vi har ein raud tråd av fagleg tematikk gjennom samlinga. På denne måten vert folk kjende med kvarandre, fortel Andenæs.

Kritiske stemmer forstår ikkje poenget med ei slik samling. Det er for dyrt. Det er for langt borte. For snobbete.

– Vi kan ikkje halde det i Sogn og Fjordane. Då er det er for lett å kombinere samlinga med andre gjeremål. At ein blir med ein dag, men reiser tidleg den neste. Tanken er at når folk set seg på flyet i Bergen, går ein inn i ei boble. Og ein skal kome derifrå med ny kunnskap om potensielle samarbeidspartnarar, seier Andenæs.

Dag 3

Golfkøllene er lagt på hylla, og det er tid for nytt fagleg påfyll. To foredrag. Trine Lerum Hjellhaug om leiarskap og Gro Rukan om kommunikasjon i sosiale medier. Sterke damer i ei elles mannsdominert forsamling. Av 80 deltakarar er berre ti kvinner – eit tal Andenæs er langt frå nøgd med.

– Vi treng fleire kvinner i næringslivet i Sogn og Fjordane. Det er altfor mannsdominert. Kvinnene vil ha stor betydning for korleis fylket utviklar seg framover.

Dette har vore mantraet til Andenæs gjennom heile frukostmøteturneen denne våren. Ein må tore å satse på kvinnene.

I april 2016 går turen til Torshavn på Færøyene. Opplegget er spikra. Invitasjonane er sendt ut. Turen vert det siste oppdraget til Andenæs som administrerande direktør. Stafettpinnen skal overleverast til kronprins Trond Teigene.

Sekkepipetonane akkompagnerer sola på si raude ferd ned i havet. 80 toppleiarar har funne fram finstasen. Skålar i champagne. Ler. Ukjende er blitt kjende. Usynlege grenser viska ut.

Nokre månader seinare vert alle på nytt inviterte til å samlast. Denne gongen for å heie Sogndal Fotball fram og sikre opprykket til Tippeligaen. John Olav Lefdal informerer om at Lefdal Invest har investert ein halv million i nye kjølemaskiner, som sikrar at Tine kan mellomlagre ost der, framfor å sende den ut av fylket. Ringane i vatnet er i ferd med å ta form.

  • Avreise frå Flesland.

  • Velkomstkomiteen.

    Velkomstkomiteen.
  • Bobler i glaset.

    Bobler i glaset.
  • Kiltkledd adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs.

    Kiltkledd adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs.
  • Adm. dir. i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug – ein einar i leirdueskyting.

    Adm. dir. i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug - ein einar i leirdueskyting.
  • Dagleg leiar i Hellenes AS, Agnar Hellenes.

    Dagleg leiar i Hellenes AS, Agnar Hellenes.
  • Middag.

    Middag.
  • Skotske tonar.

    Skotske tonar.
  • Whiskey-smaking.

    Whiskey-smaking.
  • Mingling på terrassen.

    Mingling på terrassen.