Bootcamp for leiarar

50 leiarar. Ei målsetjing. Å gjere næringslivet i Sogn og Fjordane klokare, tettare og dristigare.

Tekst og foto: Kristine Folland

– For seks år sidan lo vi av fornybar energi. Facebook var ein start-up. Det var eitt teknologiselskap blant verdas fem mest verdfulle. Vi hadde gitt opp kunstig intelligens, og det var utopisk å snakke om sjølvkøyrande bilar innan 2020.

Administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, kikkar ut i auditoriet i dei splitter nye banklokala i Jonsvollgate 2 i Bergen. Tematikken er digitalisering. Harde fakta. Endringar. Utfordringar. Mulegheiter.

– Seks år sidan. Tenk på det. Kvar er vi om nye seks år? Utviklinga har aldri gått så raskt som no, men den vil aldri igjen gå så seint som no, fortel Kjerpeseth.

I salen sit 50 av fylkets fremste leiartalent. Halvor Gregusson frå nLink i Sogndal, Hans Ørjasæther i Stryn Energi, Linn Dyveke Wilberg frå Beat i Gulen, Preben Moen frå Gloppen Hotell, Sindre Kvalheim frå LocalHost i Måløy. Lista er lang. Ulik bransje, ulik geografi, men med ein ting til felles – dei er alle bedriftsleiarar i Sogn og Fjordane.

Det er fjerde gong dei samlar seg i Sparebanken Vest sin regi. Banken starta i 2015 opp eit program for unge leiarar i fylket med eitt mål for auget – å utvikle leiartalenta i fylket.

Viktige nettverk

Marte Vassbotten (30) er ein av tre arvingar til Steinvik Fiskefarm i Flora. Oppveksten på merdkanten sette kursen for karrierevalet hennar innan internasjonal marknadsføring, og ho jobbar i dag som rådgjevar og fagekspert for sjømatnæringa i PwC. Ho har vore med i programmet sidan oppstarten.

– Gjennomgåande høg standard, gode foredragshaldarar og eit viktig nettverk. Sistnemnde er kanskje det mest verdfulle med samlingane, seier Vassbotten.

For målet med programmet er nettopp å bygge nettverk og kompetanse på tvers av bransje og geografi. Regionbanksjef Olav Hjelle har hatt ansvaret for programmet, og vektlegg viktigheita av å knyte relasjonar mellom bedriftene.

– I eit fylke som Sogn og Fjordane kan det til tider vere einsamt på toppen. Det er mange små og mellomstore bedrifter, der det ikkje er så mange å diskutere med. Ved å samle bedriftsleiarane kan vi gje dei eit nettverk som dei kan diskutere både utfordringar og mulegheiter med, seier Hjelle.

Dagsaktuelle tematikkar

Tidlegare har gruppa møttest i London, Gloppen og Oslo – kvar gong med ein ny tematikk på programmet – frå innovasjon og beslutningsprosessar til endringsleiing og digitalisering.

– Vi prøver alltid å dra ned tematikkane, slik at dei vert relevante for deltakarane. Få det til å handle om dei og deira situasjon, fortel Hjelle.

Simen Lyng er 26 år, men har allereie lang erfaring i fiskerirederiet Torbas i Måløy. Han er utdanna siviløkonom, og jobbar i dag med økonomistyring i familiebedrifta. I tillegg er han ansvarleg for sjømatfabrikken til Torbas i Polen.

– Sjølv om næringane er ulike, er mange av problemstillingane dei same på leiar- og organisasjonsnivå. Ofte er det vanskeleg å løfte blikket og sjå kva ein sjølv kan gjere annleis. Då har det stor verdi å få innspel frå andre som ser situasjonen utanfrå, seier Lyng.

Lyng understrekar relevansen av tematikkane på samlingane.

– Dei første samlingane handla om endringsleiing. I Polen er det vanleg med ein toppstyrt organisasjon, medan vi har ein flatare struktur. Vi har jobba i lang tid med å tette gapet mellom bedriftskulturane, og å lære dei polske kollegaene våre å ta ansvar og treffe eigne beslutningar. Så tematikkane har vore 100 prosent relevante for min del, fortel Lyng.

Unge leiarar

Kvinner i fokus

Av deltakarne i Bergen er det berre 9 kvinner. Eit tal som skal oppover.

– Vi har prøvd å finne beslutningstakarar mellom 20 og 40+, naturlege arvtakarar i familiebedrifter og juniorar på veg inn i leiande stillinga. Målsetjinga var å ha like mange menn og kvinner, men det har vore utfordrande. Førebels er det fleire menn enn kvinner i desse stillingane, men det er i ferd med å endre seg. Kvinnene kjem meir og meir med, og det er veldig viktig – både for bedriftene sjølve og for Sogn og Fjordane, seier Hjelle.

Vassbotten trur Sogn og Fjordane er overmodent til fleire kvinnelege leiarar, dersom ein klarar å rekruttere dei til fylket.

– Sogn og Fjordane er nok ikkje unike på dette feltet, for to av tre bedriftsleiarar på landsbasis er menn. Det er ei kjensgjerning at kvinner ofte undervurderer seg sjølv og tek ikkje like store sjansar som menn. Så her må vi også gå i oss sjølve, søkje på stillingar vi ikkje trur vi er kvalifiserte til og tørre å stikke oss fram. Samtidig må bedrifter vere bevisste på denne skilnaden mellom menn og kvinner, og sjølve ønske å støtte kvinner som vil opp og fram, seier Vassbotten.

2+2=5

– Media. Telekom. Bank og finans. Handel. Forsikring. Forbruksvarer. Konsulentar. Utdanning. Helse. Ingen bransje vil bli spart for digitalisering. Trur de at det er Rema1000, Coop og Norgesgruppen som er konkurrentar om 10 år? Mest sannsynleg skjer 85 prosent av all kolonialhandel over nett.

Henrik Lie-Nielsen, har tatt over stafettpinnen på seminaret. Strategi for ei digital verd.

– Det er umogeleg å forutsjå kvar vi er om 15 år. I 1985 estimerte ein utbreiinga av mobiltelefonar i år 2000. Estimatet var på 900 000 abonnentar. Det faktisk talet var 109 millionar, eksemplifiserer han.

Til våren ventar ei ny samling med ein ny spennande tematikk; internasjonalisering. Då vender gruppa nasa mot San Franscisco og Silicon Valley. Størsteparten blir med denne gongen også.

– Eg trur vi har truffe eit behov hos deltakarane. Dette er fjerde gong dei møter kvarandre, og dei er begynt å bli godt kjent. Tanken er at det då også skal vere lettare å kontakte kvarandre utanfor programmet, og kanskje på sikt føre til felles prosjekt.

Det er også kjensla deltakarane sit igjen med etter samlingane.

– I eit fylke som Sogn og Fjordane er bedriftene spreidde over eit stort geografisk område, der ein ikkje har mykje samhandling på dagleg basis. Ved å møtast jamnleg, er det lettare å ta opp telefonen og ta ein prat, dersom ein har prosjekt med felles interesser, seier Vassbotten.

– Eg trur programmet på sikt kan auke samhaldet både mellom regionar og næringar. Ein er marginal åleine, men tenk på alt ein kan få til i lag. Då vert 2+2 plutseleg 5, seier Lyng.

Unge leiarar