Berekraftig bistand

Fredskorpset si viktigste oppgåve er støtte utveksling av tilsette mellom Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Men kva kan u-landa lære oss?

Tekst: Kristine Folland Foto: Flora VGS, Kristine Folland

– Det første eg la merke til, var måten elevane snakka til lærarane på. Dei brukte fornamnet til Øystein. Læraren. Hadde dei gjort noko slik i Malawi, hadde dei aldri sett foten sin på skulen att, fortel Jackson.

Jackson og Gift frå Malawi har dei siste ti månadene jobba som lærarar på Flora vidaregåande skule gjennom Fredskorpset. Dei kjem begge frå Nkhotakota, ein liten by i Malawi med 50 000 innbyggarar, der dei fleste veit kvar Florø er i verda. Medan Jackson jobbar med entreprenørskap og i kantina, jobbar Gift som faglærar i sveising.

– Å jobbe i Norge er enkelt. De har jo alt. Alle maskiner og hjelpemiddel. Det einaste de må gjere er å finne ut korleis de brukar dei. Slik er det ikkje i Malawi. Dersom vi til dømes skal flytte noko tungt, har vi ingen lift. Då må eg samle nok menn til å at vi klarar å løfte det saman, fortel Gift.

Flora vgs har i seks år hatt prosjekt med Fredskorpset, der dei utvekslar lærarkrefter mellom skulen og den malawiske byen. To lærarar frå Norge reiser kvart år til Nhkotakota, og to frå Malawi kjem til Florø. I tillegg styrer Flora vgs eit tilsvarande utviklingsprosekt mellom Malawi og Uganda.

– Flora kommune har hatt samarbeid med Nkhotakota sidan 2005, men det var først når vi vart eit FK-prosjekt at arbeidet vart profesjonalisert . No vert åtte personar lønna gjennom Fredskorpet, og det gir mulegheit til å løfte prosjekta til heilt nye nivå, seier leiar for den internasjonale komiteen på skulen, Øystein Garfors.

Fredskorpset

Partnarskap

Fredskorpset har sidan 1963 vore ein del av den norske utviklingspolitikken, og er direkte underlagt Utanriksdepartementet. I mange år handla arbeidet om å sende norske fagpersonar til utviklingsland for å bygge opp ny kompetanse og nye fagfelt. Dette endra seg i 2000, då ein starta med gjensidig utveksling. For utveksling gjennom Fredskorpset handlar om eit partnarskap.

– Det tek tid å anerkjenne kvarandre sine styrkar og bygge partnarskapsfølelsen. Norske organisasjonar treng ofte 4-5 rundar før dei oppdagar at dei sjølve kan utvikle seg til noko betre. Mange skjønar kvifor ein skal sende profesjonelle fagfolk til utviklingsland, men det er ikkje like innlysande for alle å forstå effekten ein får motsatt veg, seier Øyvind Sunde, avdelingsdirektør i Fredskorpset.

Det var også erfaringa i Florø.

– Då vi lanserte ideen om utveksling, var mange svært skeptiske. Dei snakka eit anna språk, hadde ein annan kultur, og lærarane her var usikre på om dette ville føre til meirarbeid framfor nytte. Men dei sa ja under tvil, og vi fekk ein dyktig, omgjengeleg og arbeidsom fagarbeidar til Florø. Neste år var det nesten kamp om å rekruttere til sitt fagfelt, fortel Garfors.

Mantraet er at alle har noko å lære av kvarandre.

– Vi får mykje igjen. Vi får ekstra lærarressursar, elevane får praktisert engelsk på dagleg basis, i tillegg har dei mykje å lære oss fagleg. Tidlegare fekk vi tilbakemeldingar frå næringslivet om at basiskunnskapane til lærlingane var for dårlege. Fagarbeidarane frå Malawi har ein enorm basiskunnskap om enkle verktøy, så dei har tetta eit hol i kunnskapen til elevane, seier Garfors.

Lokalt eigarskap

Fredskorpset har aktivitetar i 25 land i Afrika, Latin Amerika og Asia, og sidan 2001 har 8100 fredkorpsarar vore på utveksling.

– Det er viktig å vise at bistand er meir enn å sende pengar. Vi er ikkje det mest effektive verktøyet, men kanskje det mest berekraftige. Vi investerer i menneske som reiser ut for å lære, og kjem tilbake og byggar kultur i eigen organisasjon. Då får vi ein effekt som varer over tid, seier Sunde.

I Nkotakota har arbeidet så langt resultert i det første yrkesopplæringssenteret i distriktet, og til no er 560 elevar uteksaminert innan sveising, elektro, ITK og søm. Dei har også bygd opp eit kulturhus, ein restaurant, ein årleg musikkfestival, fleire klasserom og eit karrieresenter.

– Karrieresenteret skal følge elevane gjennom utdanninga, hjelpe dei med å få læreplassar eller starte eiga bedrift. Målet er at halvparten skal ha jobb innan eit halvt år etter ferdig utdanning. Det er eit hårete mål, men vi har trua, seier Garfors.

I 2013 starta starta dei også eit solcelleselskap i Malawi med éin tilsett. No står 40 personar på lønningslista.

– Dette er business. I Malawi har 3 prosent av husstandane straum, så det er mange potensielle kundar. I dag brukar dei parafin, ved, batteri eller bål innandørs. Solceller er 40 prosent billegare, det betrar inneklimaet og er betre for miljøet. Firmaet har tent pengar sidan 2014 i tillegg til at 40 personar får løna si kvar månad, fortel Garfors.

Han understrekar at Flora vidaregåande er fødselhjelparar, og at alle prosjekt må ha lokalt eigarskap.

– Vi kjem ikkje til å vere der for evig, og då er det viktig at det er dei sjølve som har hatt styringa og kan utvikle det vidare.

Fredskorpset

Førde i 2018

I 2017 vart det bestemt at Fredskorpset skulle flyttast frå Oslo til Førde. I august 2018 skal dei vere på plass i Sogn og Fjordane med 37 tilsette.

– Det blir viktig å få opp ei gründerånd for å ta vare på mulegheitene flyttinga gir. Vi som ikkje skal vere med kan gjerne komme med idear, men eigarskapet til Fredskorpset må komme frå Førde og dei nytilsette. Det skal ikkje bli ein b-versjon av den noverande organisasjonen, men noko anna. Det blir som eit heilt vanleg Fredskorps-prosjekt – eigarskapet må komme lokalt.

Flyttinga av Fredskorpset til Førde vart motteke med blanda kjensler, men Sunde fortel at dei tilsette som vert med på flyttelasset også ser mulegheiter med ei relokasjon.

– Ein ny vestlandsregion står på trappene, og då kan det oppstå mulegheiter. Forhåpentlegvis klarar ein å skape eit nytt bistandsmiljø utanfor hovudstaden, noko som ville vere bra, seier Sunde.

Mange av dei noverande tilsette har valt å seie opp sine stillingar, noko som betyr at nye må rekrutterast før hausten 2018.

– Som ein av Norges mest attraktive arbeidsplassar har vi alltid hatt god rekruttering. Det blir spennande å sjå om vi må tenke annleis, eller om denne trenden vil fortsette. Førebels har det vore veldig bra, seier Sunde.

Tilbake i Florø er arbeidsdagen til Gift og Jackson snart slutt. I februar dreg dei tilbake til Malawi. Begge litt rikare enn då dei drog.

– Ikkje alle får ein sjansen til å komme hit. Då er det viktig at kunnskapen vi har fått, og så kjem andre til gode. Mitt mål er å starte mi eiga bedrift og trene andre i alt eg har lært her. Då får utvekslinga ein verdi utover meg sjølv, fortel Gift.