– Alt er lov

Operasjefen og seksbornsmora er ikkje redd for jantelova. Og ho trur ikkje at borna tek skade av å ete skiver med nugatti til middag.

Tekst: Astri Knudsen Foto: David Zadig

– Når ungane var yngre, pusta dei letta ut når besta kom på besøk. Då fekk dei varm middag kvar dag, ler Kari Strandal Pavelich.

Rett før den årlege operaproduksjonen på Nordfjordeid er det meste snudd på hovudet. Det er litt kaos, men aldri kjedeleg i familien Pavelich. Det har ikkje vore ein vane med middag på bordet klokka fem. Men det har vore ei bestemor som, inntil for få år sidan, har innteke huset kvart år – same dag som orkesteret starta si orkesterøving. Då har ekteparet Pavelich fullt fokus på operaførestillinga. Ho som operasjef og fiolinist, han som dirigent og kunstnarisk leiar.

– Vi har lært oss å oversjå rot heime. Sjølv kleda som er vaska, kan ta timar å få på plass med så mange i hus. Eg har til dømes ein pose med sikkert 120 sokkar som treng å parast. Eg har reist mykje i det siste, så løysinga vart å kjøpa nye sokkar. Og spørja om nokon heime kan para sokkane mine til eg kjem heim, fortel Pavelich, som har borna Martha (18), Paul (19), Agnes (21), Simon (26), Christopher (28) og Alexander (29).

Ville gje noko til lokalsamfunnet

Kari flytta frå USA til Noreg saman med mannen Michael og sonen Alexander sommaren 1989. Dei hadde fått faste jobbar på kulturskulen i Nordfjordeid, eit attraktivt tilbod for musikarparet som levde av strøjobbar. Sjølv om Kari var oppvaksen i Ålesund, freista det å bu i Sogn og Fjordane.

Pavelich-paret flytta til ei bygd dei aldri hadde vore i, og dei vart fort kjende i lokalmiljøet. Dei bygde opp eit rikare musikkmiljø for folk i Nordfjordeid. Bygda hadde ikkje slike fagpersonar frå før.

– Vi blei litt poteter som skulle fungere til mykje. Vi starta eit barnekor, noko vi ikkje hadde erfaring med, og eg trur Michael underviste i 12 ulike disiplinar. Men vi kunne musikk og hadde utdanninga, så vi heiv oss uti.

Kari meiner ein ikkje kan kome til ein plass og forventa å bli servert det ein ønskjer av kulturliv. Vil ein ha fleire kulturopplevingar, må ein skapa dei sjølv.

– Her er det vi som er fagpersonane. Og då er det vår oppgåve å tilby lokalmiljøet det vi kan, utdjupar ho.

Ikkje redd jantelova

Som tilflyttarar til bygde-Noreg, med amerikanske vanar, kunne janteloven fort blitt eit hinder. Det har det aldri vore.

– Eg har tenkt på om vi stikk oss litt mykje ut, men eg trur folk likar det vi gjer og får til. Eg har stort sett opplevd positive tilbakemeldingar. Folk snakkar kanskje om oss, men eg har ikkje høyrt det. Så då vel eg å tru at det ikkje blir sagt noko negativt, seier ho muntert.

Sunnmøringen har alltid prøvd å vere diplomatisk og audmjuk. Ho ønskjer å vere snill og inkluderande, og å skryte av andre. Også dei som er flinkast.

– Folk har ein tendens til å tru at dei flinkaste ikkje treng skryt. Dei veit liksom at dei er flinke. Men slik er det ikkje. Alle treng tilbakemeldingar.

Det veit Kari alt om. Før var ho veldig sjenert. Men ho har lært å ha trua på seg sjølv og sitt talent. Så då ho fekk ideen om ei operaforestilling på Nordfjordeid, var ho heilt sikker på at det ville bli ein suksess.

Ustelt før premieren

Sjølv om dei mangla 100.000 kroner for å få det til, nekta ho å gje opp. Styret meinte dei måtte utsette heile forestillinga eit år, men Kari ringte til rådmannen og spurte om ikkje dei kunne starte men dei midlane dei hadde fått tildelt, sjølv om dei ikkje var fullfinansiert. Det fekk ho.

– Når du har trua på noko, smittar det. Og når eg hadde fått så mange frå lokalmiljøet med på laget, kunne vi ikkje berre gje opp. Vi måtte smi mens jernet var varmt.

Hausten 1998 vart det opera på Nordfjordeid. Dei lokale musikarane hadde godteke å jobbe gratis, om dei ikkje skulle selje nok billettar. Hotellsengene vart heldt av til operasongarane, bygda hadde stilt opp med frivillige og budsjettet gjekk i null – på hengande håret.

– Vi selde ut alle billettane tre veker før premieren! I tillegg gjekk vi 100.000 kronar i overskot, så alle fekk betalt likevel. Tenk det!

Lokalsamfunnet får æra

Operaforestillinga i Nordfjordeid skulle vere eit eingongstilfelle. Kari var tilsett som rektor på kulturskulen og hadde ein storfamilie å ta seg av. Men ho klarte ikkje å gje seg.

– Ei av sydamene kom bort til meg etter premieren og sa: «Dette må vi gjere igjen». Og når ho, som jobba så mange timar frivillig, ville gjere det igjen, kunne ikkje eg gi meg.

Året etter kom neste operaproduksjon, og sidan har det vore kvart år. 2018 teller 20 år.

Kari er i dag operasjef for Opera Nordfjord, ein distriktsopera som set opp operaproduksjonar i Operahuset Nordfjord, eit bygg som sto ferdig i 2009. At det kom på plass, er noko ekteparet Pavelich får mykje av æra for.

«Positiv. Løysingsorientert. Energisk. Entusiastisk.» Spør du nokon om å beskrive Kari Standal Pavelich, er det mange positive adjektiv som kjem.

«Folk har ein tendens til å tru at dei flinkaste ikkje treng skryt. Men slik er det ikkje. Alle treng tilbakemeldingar.»
– Kari Standal Pavelich

Uvanleg permisjonstid

Ein kan lure på korleis Kari har klart å få til så mykje jobb, samtidig som ho har gått gravid, fødd og oppdrege seks born saman med mannen.

– Eg har vel aldri gått på kafé eller babysong i permisjonstida. Mine ungar var med på øvingar og ble amma innimellom søknadsskriving. Men det har vore gøy. Eg blir ikkje så fort sliten, og manglar dagen nokre timar, jobbar eg litt om natta.

Kari trur løysinga er å vere fleksibel. Det er ikkje ein kvardag full av rutinar som skildrar livet hennar. Men det har alltid vore tid til omsorg og kjærleik.

– Mitt motto er at alt er lov. Ein må tørre å spørje om ting og ikkje vere så opptatt av å irettesette folk, fortel 57-åringen, før ho legg til:

– Men eg er på ingen måte nokon superkvinne. Eg er til dømes alltid ute i siste liten, fordi eg skal rekke «litt til».